«Kvifor er ikkje EU og EØS på timeplanen?»

Victoria Elisabeth Andal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gjennomsnittsnordmannen har 17,5 års skulegang. Vi lærer alt frå diktanalyse til blokkfløyte på grunnskulen.

Når ein blir eldre og meir reflektert kjem politikk på timeplanen, då lærer ein om fagorganisering og får ei innføring i dei fleste politiske partia i Noreg. Ein får eit innblikk i korleis demokratiet fungerer, og korleis di stemme er ein del av det store biletet.

EØS påverkar norsk politikk

Når ein først skal lære om korleis demokratiet og lovverket fungerer, kvifor er ikkje EU og EØS på timeplanen?

EØS påverkar norsk politikk på alt frå samferdsel til asylpolitikk. Det har ein enorm innverknad på folk sin kvardag. Kvifor har Kunnskapsdepartementet vurdert det til at dette ikkje må inn i undervisninga?

Slik som dagens regelverk er kan ein enkelt lærar bestemme sjølv om dei vil undervise i EU og EØS.

Det finst ein til to generasjonar som ikkje har lært om dei to folkeavstemmingane om EU

Dette inneber at det finst ein til to generasjonar som ikkje har lært om dei to folkeavstemmingane om EU. Kva om det eventuelt skulle bli ein tredje? Det hadde vore krise, og vi hadde nok sett veldig dårleg valdeltaking, fordi unge ikkje har kunnskapen dei treng for å gjere seg opp ei meining.

Det burde vere eit krav at det ikkje er opp til kvar enkelt lærar, men at det skal vere eit mål i læreplanen på lik linje som for eksempel stortingsval.

«EU må styrkast, ikkje strykast!»

Dei fleste ungdommar i dag er opptatt av klima, samferdsel og innvandring. Då burde dei få lære at vi gjennom EØS-avtalen slepp unna veldig mange klimakutt, i ein periode der alle kutt er viktige, at EU gjennom Schengen har ein flyktningpolitikk som tvingar familiar til å bu i trange einmannstelt i flyktningleirar under ein pandemi, og at Noreg gir bort råderett over jernbanen vår til EU.

Korleis skal unge få uttrykke sine meiningar om europeisk politikk når kunnskapen ikkje er der? EU må styrkast, ikkje strykast!

Meir EU på timeplanen!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!