Har laga teikneseriebok om vanskeleg kjensler: – Gutar er litt slik «bang, bang på brystet, dette går fint»

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laga teikneseriebok om vanskeleg kjensler

– Det å vera ungdom kan vera utruleg digg, men det kan også vera utruleg frustrerande. Skjer det noko drit i den perioden, kan det vera vanskeleg å takla det, seier forfattar og illustratør H.L. Phoenix.

Akkurat dette er kjensler han sjølv har kjent på. Då han var ung, mista han mora si som hadde sjukdomen MS. Det var ei tøff tid. Mykje av denne perioden brukte han på trening og teikning.

– Det var det einaste eg gjorde. Det har på ein måte vore min portal inn i ein anna verd – ei verd som eg likar betre enn denne. Viss eg ikkje hadde opplevd det eg har, hadde nok boka blitt annleis.

Den beste kvardagsmagien

Det er planlagt fire bøker om Arkin og reisa hans frå å vera ein einsam, usynleggjort gut – til å bli den magiske guten tittelen spelar på. Manuset til dei tre siste bøkene er allerede klar og H.L. Phoenix er i gang med illustrasjonane. Bok nummer to kjem våren 2022.

Etter å ha jobba med manuset til bokserien om Arkin i åtte år, tok han kontakt med forlaget Egmont i fjor. Tilbakemeldingane han har fått, har gjort han rørt og takksam.

– Eg vil seia at den beste kvardagsmagien er tilbakemeldingar.

Teineserie-boka «Arkin: Lysets vokter» handlar om Arkin. Han mistar mora si og sit att utan nær familie. Han har ingen nære vener, og er åleine i kvart friminutt. Men ein dag får han besøk av nokon som kjem til å endra alt.

– Han møter ein mystisk vaktmeister, som gir han ei smart gåte som han må løysa. Målet med bokserien er å skapa håp og få unge til å ha tru på seg sjølv. Har du håpet, har du alt.

Greit å snakka om vanskelege ting

No håpar H.L. Phoenix at boka kan vera med på å bryta ned stigma om at alle har det bra heile tida. Det skal vera greit å snakka om ting som er vanskeleg.

– Alle opplever at ting er vondt. Men når det skjer noko så dramatisk som at nokon døyr eller at det blir slutt med kjærasten for eksempel, trur eg ikkje at det er plass til desse kjenslene i ein liten menneskekropp.

Derfor oppfordrar han alle unge til å snakka. Spesielt meiner han at gutane har ein veg å gå.

– Eg meiner at jenter og kvinner er mykje flinkare enn gutar til å snakka om og visa kjensler, noko som fører til at dei kjem nærare kvarandre og knyter sterke bånd. Gutar er litt slik «bang, bang på brystet, dette går fint». Men det gjer ikkje det. Gutar må gjera det naturleg å snakka om kjensler. Det blir lettare for kvar gong ein gjer det, seier han.


Over 100 teikneseriefigurar går i demonstrasjonstog gjennom internett for å ende opp hos kulturminister Abid Raja. Ser du nokon kjende fjes i illustrasjonen?