Multikunstnaren Enok Groven plasserer verdsleiarane i norsk bygdemiljø, og lurer på om Donald Trump er stril. Han er i alle fall sikker på at Kim Jung-Un er frå Nord-Noreg.
mm

Du kjenner han kanskje frå den første sesongen av NRK-serien «Anno», der realitydeltakarane reiste tilbake i tid og levde som i gamle dagar. Eller som modell, mellom anna då Apple lanserte sin iPhone X. Enok Groven har mange talent, og me i Framtida.no har intervjua han både under klimatoppmøtet i Paris og om engasjementet hans mot matkasting og klima.

Teikneseriar har vore ein hobby for bergensaren sidan har var på teikneseriefestivalen Raptus for tre år sidan. I haust gav han jernet, og kom blant dei 50 beste i Strand forlag sin teikneseriekonkurranse.

Verdsleiarar i Noreg

I stripene til Enok Groven møter me verdsleiarane i kjente og absurde norske samanhengar.

– Putin er trønder, det er jo sjølvsagt. Han kan gå på fest i skinnvest i bar overkropp og mokkasiner – og bryr seg fint lite om korleis andre ser på han.

Den saudi-arabiske kronprisen Mohammed bin Salman har Enok Groven plassert i Sauda.

– Det er gøy med absurde ordspel, seier Groven, og legg til:

– Har du forresten lagt merke til det, at dei fleste verdsleiarane har veldig rare frisyrar?

Trump og Kim Jung-Un har han allereie teikna. No vil han òg prøva seg på Angela Merkel og Boris Johnson, også dei med svært særmerkte sveisar.

Trump lever vidare

Donald Trump er den karakteren Enok Groven har teikna mest.

– Han er jo ein teikneseriefigur i verkelegheita, og seier så mykje dumt at han gjer nesten heile jobben for deg.

Multikunstnar: Enok Groven er aktiv med fleire kunstuttrykk, skriv dikt, syng i gravferder og kjem snart med plate med bandet Rafnborg. Foto: Regnskogfondet

– Det som er mest gøy, er det som handlar om Trump og Kim Jung-Un, seier teikneserieentusiasten.

– Kva er det med Trump som fascinerer deg?

– Han er ein type som har bølla seg fram i verda. Han skjønar media, og er ein flink marknadsførar. Har du lagt merke til at han heile tida gjentar seg sjølv? Han er god til å få fram bodskapen sin.

– Eg kjenner meg litt igjen i Trump, på den måten at eg ikkje har eit filter, vedgår Enok Groven.

Han trudde Trump ville vinna presidentvalet, men er glad for at me blir kvitt den sitjande amerikanske president, særleg på grunn av klimasaka.

Men vil Donald Trump vil leva vidare i stripene?

– Kanskje startar han ein nynorsk tv-kanal? undrar teikneserieskaparen.

Frå enorsk til nynorsk

I boblene snakkar Trump nynorsk.

– Trump er typisk vestlending. Eg har ikkje heilt bestemt meg om han er bergensar eller stril. Han er uansett forskjempar for nynorsk og vestlandskultur.

Kvifor det blei nynorsk på Trump, veit ikkje Enok Groven, men han synest det er gøy å gjera litt narr av seg sjølv. For nokre år sidan byrja han å skriva ei form for blanding av høgnorsk og bergensk, ein eigen arkaisk form for nynorsk.

– Bror min kalla det enorsk.

No held han på meir moderne nynorsk i teikneseriane.

– Eg kunne aldri ha gjort det på bokmål. Eg er veldig opptatt av å ta vare på språket.


Foto: Linn Isabel Eielsen
Oppdatert: sundag 22. november 2020 19.26
ANNONSE