Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hanne Sigbjørnsen og karakteren hennar Tegnehanne. Pressefoto: Kagge

– Vi treng ikkje møte opp i fysisk demonstrasjonstog når vi kan gjere noko enda betre: teikne det.

Det skriv Hanne Sigbjørnsen i ein e-post til Framtida.no. Sigbjørnsen er for mange kjend som Tegnehanne, og er ein av over 100 teikneserieskaparar som deltar i eit opprop til kulturminister Abid Raja (V).

Saman går teikneseriefigurane deira i demonstrasjonstog i sosiale medium.

Slik vil dei skape merksemd rundt behovet for ein auka teikneseriepott, slik at fleire bibliotek kan ha teikneseriar i hyllene sine.

Grensa er nådd

– Det går ei grense for sjølv ein serieskapar sitt tomod. (Og vi er tolmodige folk. Vi lagar trass alt teikneseriar), skriv serieskapar Jenny Jordahl på Instagram.

Ho fortel til Framtida.no at teikneserieopprøret starta med at det i mars blei halde eit allmøte for serieskaparane, der det blei snakka om det låge lønsnivået i bransjen. Ho var ein av initiativtakarane til møtet, og har halde i arbeidet med demonstrasjonstoget, som ho skildrar som eit grasrotprosjekt rett frå teikneseriemiljøet.

Målet er at Kulturdepartementet skal opne pengesekken, slik at fleire teikneseriar kan bli kjøpte inn til bibliotek landet over.

– Akkurat no er det veldig spanande å vere serieskapar. Teikneseriebransjen er i enorm vekst og det kjem ut innmari mange fine teikneseriar kvart år! seier Jordahl og legg til:

– Samstundes er det eit krevjande yrke. Vi som lagar teikneseriar jobbar ofte mykje og får ikkje alltid så godt betalt.

– Eg er utruleg glad i jobben min! Eg har alltid vore glad i å både skrive og teikne. Gjennom teikneseriar får eg kombinert begge delar. Det er jo også flott å tenke på at eg kvar dag får sitte og lage litteratur, som blir lesen og kan bety noko for nokon andre enn meg sjølv, fortel Jenny Jordahl. Foto: privat

Avhengige av offentleg støtte

I ei undersøking gjennomført av Grafill, ein organisasjon for dei som arbeider med design og illustrasjon, i 2017 over lønsnivået til dei som arbeider i kreativ bransje kjem teikneserieskaparane aller dårlegast ut.

Serieskaparane har ifølgje undersøkinga ei gjennomsnittleg årsinntekt på 275 000 kroner.

I fjor gjennomførte organisasjonen ei undersøking blant medlemmane som jobbar i bokbransjen, som synte stor variasjon blant enkeltutøvarar. Dei som tente minst låg nede på 200.000 kroner, medan medianen låg på 344.500, opplyser dei.

Lene Renneflott er stolt over at heile teikneserie-Noreg har kome saman i eit felles opprør. Foto: Grafill

– Undersøkinga gav enda større forståing av kor avhengige vi er av kulturstøtteordningane vi har i Noreg, fortel dagleg leiar i Grafill Lene Renneflott på telefon til Framtida.no.

– Ein ser at utøvarane har ein lappeteppeøkonomi, der ein er avhengig av stipend, offentleg støtte, samt oppdrag i til dømes den kulturelle skulesekken og formidlingsoppdrag for å kunne leve av det dei gjer.

Ho viser til at teikneserieskaparane ikkje har same rettar som til dømes forfattarar og omsetjarar når det kjem til forhandling av avtalar.

Ho trekker vidare fram at Kulturrådet sitt eige utval i fleire år har peika på at det er for lite pengar i teikneseriepotten.

– I fjor gjekk ein av Noregs antologiar ut av produksjon fordi han ikkje blei kjøpt opp i ordninga. Det viser kor sårbar teikneseriefeltet er, seier ho.

Innkjøpsordninga heng etter

Lesarar får gjennom innkjøpsordninga for teikneseriar tilgang til seriar på biblioteka. Kulturrådet kjøper inn teikneseriar frå forlaga og sender dei til bibliotek over heile landet.

«Føremålet med innkjøpsordninga er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese nye norske teikneseriar av høg kvalitet.» skriv Kulturrådet om ordninga.

Men Jenny Jordahl meiner at innkjøpsordninga lenge har vore underbudsjettert, og at lesarne dimed går glipp av verdifull litteratur samstundes som serieskaparane mistar inntekt dei er avhengige av for å halde fram med jobben.

– Det kjem ut fleire og fleire teikneseriar i Noreg, men budsjettet har ikkje auka i takt med talet på utgjevingar. No er det sånn at mange gode teikneseriar av høg kvalitet ikkje blir kjøpt inn.

Jordahl understrekar at ho er heldig som har gjort det godt med teikneseriane sine, og at mange av dei er blitt selde til utlandet.

– Men eg kjenner jo på at inntekta mi er veldig ustabil. Eg veit aldri kva eg kjem til å tene om eit år.

Måtte ha jobb ved sidan

Tegnehanne går i demonstrasjonstog for auka teikneseriepott. Klarar du å finne att Tegnehanne i toget? Illustrasjon: Hanne Sigbjørnsen

For Hanne Sigbjørnsen går det i dag greitt å leve av å vere serieskapar, for i løpet av dei siste åra har ho klart å få seg så mange ulike faste oppdrag at ho kan leve av summen av dei.

– Men det var lenge eg måtte kombinere det med ein annan jobb. Eg opplever at teikneseriar ofte fell mellom to stolar, både i innkjøpsordningane og i bokhandlarane, så det er ikkje like lett å nå ut til folk med bøkene, seier ho og legg til:

– Mi meining er at folk som ikkje les teikneseriar berre ikkje har oppdaga det enno, og for at dei skal oppdage det så må det vere tilgjengelig for dei.

 

Framtida.no har kontakta Kulturdepartementet for kommentar frå kulturminister Abid Raja.