Ungdommens ytringsfridomsråd etterlyser betre debattopplæring i skulen

Ungdommens ytringsfridomsråd etterlyser betre kunnskap om kjeldekritikk og opplæring i å skriva debattinnlegg.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Elevar opplever at det er lettare å leggja lokk på vanskelege tema, framfor å snakka om det, seier Nancy Herz i ei pressemelding.

Samfunnsdebattanten har leia Ungdommens ytringsfridomsråd som denne veka lanserte rapporten Hvordan står det til med ytringsfriheten til ungdom og unge voksne i Norge?

Rapporten er eit intiativ frå Norsk Pen og Fritt Ord. Dei har fått 16 unge i alderen 16 til 26 år til å sjå på debattklimaet for unge.

I fjor fortalde Herz til Framtida.no korleis hets og trugslar kan ramma yngre meir enn dei veldig vaksne.

– Det er lettare å ta nokon som er unge. Hersketeknikkar som «du er ung» eller «du har berre lese ei bok» er noko unge opplever, sa Herz.

Aukt fare for netthets

Forfattarane peikar på at det er ein for høg terskel for å ytra seg. 76 prosent av dei unge har aldri delteke i debattar om politikk og samfunnsspørsmål i media, viser tal frå Medietilsynet. Det er litt høgare enn for resten av befolkninga der 72 prosent har delteke i debatten i media.

Ungdommens ytringsfridomsråd meiner det er behov for meir mangfald i debatten. Dei er særleg uroa for omfanget av netthets, ei utfordring som har auka med nedstenging og heimeskule.

– Det sosiale livet har i stor grad blitt flytt til digitale flater. Og med auka fare for netthets, aukar faren for mellom anna sjølvsensur, seier Herz.

Rapporten peikar på frykt for hets og at det som blir lagt ut på nett ligg der «for alltid», som barrierar for å engasjera seg.

Tips til skulen

I rapporten kjem dei med konkrete råd til både skular, media og dei som vil delta i debatten.

Ungdommens ytringsfridomsråd sine råd til skulen:

  • Skulen kan og bør leggja til rette for diskusjonar og debattar som éin av fleire metodar for å læra pensum.
  • Lærarar bør bidra til å fjerna terskelen for å ytra seg i plenum, og anerkjenna meiningar som er kontroversielle.
  • Lærarar må ha naudsynte kunnskapar og vera komfortable med å handtera tematikk som kan opplevast som vanskeleg og ubehageleg.
  • Lærarane er særleg ansvarlege for at elevane lærer å reflektera kritisk rundt sensitive tema
  • Det bør gjevast fyldigare opplæring i å skriva debattinnlegg og delta i diskusjonar på skulen. Det bør òg gjevast meir opplæring i kjeldekritikk på internett og sosiale medium.
  • Det er viktig at skular syter for at elevar kan varsla andre vaksne på skulen om tilfelle der klassen eller lærar fremjar til dømes rasistiske eller diskriminerande haldningar.

Les også: DEBATTKOKEBOK: Slik arrangerer du debatt

Me snakkast-debatt i biblioteket i Austevoll i Sunnhordland.