Jon Emil (18): «At ein bonde skal ha same inntekt som ein industriarbeidar bør vere sjølvsagt»

Jon Emil Kvidal (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Facebook og er omsett og republisert med løyve frå forfattaren.

Som 18-åring, odelsgut, snart ferdigutdanna agronom og midt i russetida så sit eg i traktoren og gjer våronn. Eg høyrer på debattar og innlegg om bondeopprøret.

Korn, ammeku og odel

Eg er odelsgut og har plan om å ta over bruk med korn og ammeku.

Eg meiner at inntektene bør utjamnast, at ein bonde på eit normalt norsk bruk skal ha same inntekt som ein industriarbeidar bør vere sjølvsagt.

Det er vanskeleg å streike for bønder, for den som tapar pengane, jo det er bonden. Forbrukaren vil ikkje eingong merke ein streik over ein kort periode, for importvernet i landet er altfor svakt.

Sjølvsagt er det vanskeleg med rekruttering i landbruket når betalinga ikkje står i forhold til innsatsen til bonden. Vi må ha ei oppgangstid i landbruket! Og det er det slett ingen tvil om.

Få konkurransefortinn

Som agronomelev ved landbruksskulen har eg fleire gonger fått spørsmålet om kvifor eg vil bli bonde om løna er så låg som vi påstår. Jo, det handlar om interesse!

Det einaste vi kan konkurrere på er matkvalitet og dyrevelferd

Eg veit kor viktig norsk mat er! Og i Noreg har vi svært få konkurransefortrinn. Det einaste vi kan konkurrere på er matkvalitet og dyrevelferd i staden for kvantum, som er mykje enklare i enkelte land.

Vi må også tenkje på kor store ringverknadar landbruket har på arbeidsplassar. Vi har bønder som produserer mat, vi har slaktaren på slakteriet, vi har alle på meieriet, vi har tankbilsjåførar, vi kjøper material på bygghandelen. Eg kunne nemnt vidare i all evigheit, men dette er det ikkje mange utanfor landbruket som tenkjer på.

Ikkje volum, men kvalitet

Eg, som alle bønder og framtidsbønder, er heilt avhengig av at det skjer ei endring! Og det fort!

Det blei nemnt i Debatten at to bruk i snitt vert lagt ned kvar einaste dag. Dette vil ikkje stoppe om det ikkje skjer noko.

Gardane blir fabrikkar og veldig mykje jord vil ikkje bli drive fordi det ligg ugunstig til.

Vi må ha alle typar bruk her i landet! Alt frå dei små til dei store. Dette landet er ikkje eigna til volumproduksjon, men kvalitetsproduksjon!


Les meir om bondeyrket i yrkesspalta: – Yrket passar for alle som er initiativrike, ynskjer å utretta noko, stå på eigne bein og likar å få ting gjort

Inga Iversen Aasen og Øistein Aasen på garden. Foto: Privat/@fjellbonden på Instagram