Til konfirmantane: «Du har ein uvurderleg verdi»
Unge er framtida, men unge er også notida. De er her no og de har ei betydning, de er med å skape dagens samfunn, skriv Maja Solerød i Humanistisk Ungdom til årets konfirmantar.
Dette er ei tale som vart gitt laurdag 10. mai til konfirmantar i Oslo Rådhus. Innlegget gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar, og er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Til deg som skal konfirmerast i år:
Gratulerer så mykje med dagen!
No er dykkar dag endeleg her. Det er ei heilt eiga kjensle å bli konfirmert, framfor dei menneska som de er mest glad i. De er midtpunktet og slik skal det vere. Så smil, dagen er dykkar, sjølv så skummelt som det kan verke.
Historisk sett var konfirmasjon ein overgang frå barndom til vaksenlivet. Så då kjem jo spørsmålet, kjenner de dykk vaksne? Er de klare for bustadlån og smalltalk med kollegaer? For då veit eg ikkje om nokon er klare for vaksenlivet.
Om eg skulle tippe, er det ingen av dykk som har planar om å flytte ut i morgon, men denne dagen markerer ein veg som de no har gått. De har vore gjennom eit kurs om etikk, moral, menneskerettar og identitet. Eg håpar de har fått tenkt over viktige tema og lært noko nytt om verda.
Det er kanskje ikkje noko ein tenkjer så mykje over no, men denne tida er viktig. Ungdomstida formar dykk på ein heilt spesiell måte, og de har kontrollen.
De er faktiske på veg til det såkalla vaksenlivet, sjølv om det kanskje verkar litt fjernt.
For éin dag sit de på ungdomsskulen med venner og den andre sit de rundt middagsbordet med den potensielle svigerfamilien og lurer på kvar tida vart av.

Ungdomstida formar dykk på ein heilt spesiell måte, og de har kontrollen

Det seier eg ikkje for å skremme dykk, tvert imot. Ta det frå ein som no teknisk sett er vaksen, sjølv om mor mi nok kjem med nokre innvendingar.
De har mykje å glede dykk til, dykkar beste dagar er framleis i framtida, men ikkje gløym å kose dykk her å nå.
Det kan vere ganske skummelt å vite at ein blir gammal, og ikkje for å røpe ein løyndom, men de blir eldre. Det er fakta, ingen kjem seg unna det, dessverre.
Vi kan ikkje kontrollere alderen vår, men det vi kan kontrollere er korleis vi oppfører oss. I jobben min som leiar av Humanistisk Ungdom møter eg mange unge med draumar og engasjement, som er veldig vaksne av seg, men også vaksne som er like barnslege, om ikkje meir enn dei unge.
Så aldri slutt å vere barnsleg eller å ha det gøy, sjølv i litt tunge tider.
Hugs at det å vere ungdom ikkje er ei tid som skal gå over for å komme seg vidare, tida dykk no er i har ein eigenverdi. De skal bestemme verdiane dykkar, kva de meiner, liker og ikkje liker. De har nok ein god tanke på kven de er, men ikkje la den du er no stoppe deg frå å la deg vekse.

Hypotesen min er at dei fleste har hatt eit par krusedullar på vegen til der dei er no.

Då eg var konfirmant, var eg sikker på at eg no kunne alt eg trong å vite om verda, og at alle som trudde noko anna var dumme. Etter nokre år forstod eg fort at eg nok hadde mykje igjen å lære. Men det hadde også besteforeldra mine, kollegaen min og vennene mine. Vi trur ofte at alle kan alt så mykje betre enn oss. Sanninga er nok at alle berre prøver seg fram. Det er alle sin første gong å leve. Så når du har ein krangel med kjærasten eller høyrer at nokon seier noko dumt, hugs at alle er ikkje ekspertar, vi berre prøver å navigere oss gjennom dette livet, akkurat som deg.
Det er ofte mykje press på at ein skal vite nøyaktig kvar ein vil i livet. Kva vidaregåande skal eg byrje på? Skal eg studere? Kva vil eg jobbe med? Skal eg få barn, eller vil eg berre ha ti kattar og bu i skogen for meg sjølv?
Det fine med det er at de treng faktisk ikkje vite alt, ønska dine kan og vil endre seg. Livet vil ikkje vere ei fast linje, men heller nokre strekar i alle retningar som av og til kan minne litt om ein krusedull. Så pust ut, du har tid til å forme deg. Du treng ikkje vite alt etter i dag. Du vil endre deg, berre spør kven som helst rundt deg om livet vart nøyaktig slik dei trudde då dei var 14/15 år. Hypotesen min er at dei fleste har hatt eit par krusedullar på vegen til der dei er no.
Det er ein klisjé som ofte blir sagt om dei unge, og det er at de er framtida. Unge er morgondagens leiarar. Og det stemmer, det er dykk som skal leie verda framover. Men eg kjenner ikkje heilt det stemmer. For ja, unge er framtida, men unge er også notida. De er her no og de har ei betydning, de er med å skape dagens samfunn.

Du har ein uvurderleg verdi som skal komme fram

Eg har æra av å snakke mykje med unge, litt fordi eg er ung sjølv, men også fordi det er så mange unge som brenn for å gjere verda betre og eg tviler ikkje på at de er nokon av dei. Så hugs, same kor ung eller uerfaren du er i det du skulle gjere, så har du ei stemme. Du har ein uvurderleg verdi som skal komme fram. Sjølv om det er å fortelje sjefen at du fortener høgare lønn, å tore å slå opp med kjærasten, eller å snakke med politikarar om tema som er viktige for deg, så betyr stemma di noko.
Aldri la nokon ta ho frå deg fordi du er ung.
De har nok mange tankar, draumar og forventningar. Det er viktig å ha. Eg håpar de oppnår det de vil i livet. Du klarer det meste så lenge du prøver, og om det ikkje går. Nei, det er ikkje det verdas undergang det heller.
Kos dykk masse med kaker, gåver og litt kleine talar som de ein dag kjem til å setje veldig pris på.
Gratulerer med ein fot inne i vaksenlivet, eg gler meg til å oppleve framtida saman med dykk!
Gratulerer med dagen.