Målfolk skeptiske til dialektar i Dagsrevyen
Noregs Mållag er skeptisk til dialektar i Dagsrevyen. Det same er riksmålsforkjemparane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nyheitslesarar i utlandet snakkar ikkje dialekt. Slik burde det vere i Noreg òg, seier Nils Heyerdahl i Det Norske Akademi til Aftenposten.
Han er preses i Det Norske Akademi for språk og litteratur, som kjempar for å verne riksmålet.
– Når ein står framfor mikrofonen og skal gi viktige meldingar til det norske folket, er ein ikkje ein privatperson, seier Heyerdahl.
Han meiner at også nynorsken ville vakse på mindre dialektbruk i NRK.
Kva talemål bør det vere i nyheitssendingane?
Kva talemål bør det vere i nyheitssendingane?
- Les også meiningsinnlegget om dialektbøker: – Det verkar som at dei er meir interesserte i å namngjeva fornærmingar eller spesifike delar av gardsutstyr enn å koma med nyttige ord

Peder Lofnes Hauge er leiar Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag
– Mildt skeptisk
Noregs Mållag er ikkje like skarpe i kritikken, men dei er delvis samde med Heyerdahl.
– I nyheitssendingane bør hovudregelen vere normert tale. Eg er mildt skeptisk til nyheiter på dialekt, seier styreleiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag.
Nyheitsdirektør Helje Solberg i NRK seier statskanalen speglar at dialektane har fått eit større rom i samfunnet elles.
– Når det er sagt, er publikumsforståinga det viktigaste. Vi skal ha eit konsekvent og korrekt språk og jobbar mykje med dette. Dette gjeld alle medarbeidarane våre, dialektbruk eller ikkje, seier ho.
- Les også om Norsk Målungdom sin nye leiar: – Det byrja med gratis pizza, men har blitt utruleg mykje meir enn det, fortel Frida Pernille Mikkelsen (24)