«Betre dialektbøker NO!»

Johanna Breivang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har lenge ytra frustrasjon med dialektbøker. Ofte er dei berre bøker med morosame eller obskure ord, og mykje banning og skjellsord.

Det verkar som at dei er meir interesserte i å namngjeva fornærmingar eller spesifike delar av gardsutstyr enn å koma med nyttige ord. Ikkje særleg nyttig om ein vil finne ord å taka inn i ordforrådet sitt.

Når ein pratar om dialekt, er det ofte slik at ein må synse. Viss du er heldig nok til å hava ein besteforelder frå heimbygdi å spørja, så kan ein det. Dei kan oftast ikkje så mykje om grammatikk og korfor dei seier det dei seier, som ordklassar og dativ.

Besteforeldre kan ikkje alltid erstatte fagstoff som gjeng djupare inn i grammatikk. I tillegg er det avgrensa med ting ein kan rekke å spørja om.

Dialektsatsing

Ein kan sjeldan nytte dialektbøker til å sjå på ordforrådet sitt og grammatiske trekk
ved målføret sitt. Ein ender med å bruke hundrevis av kroner på noko som ikkje er
nyttig til daglegdags bruk. Dette synest eg at vi burde ta meir stilling til, særleg om vi
skal vera seriøse om dialektpreservasjon.

Mot slutten av april hadde Norsk Målungdom landsmøte. Eg var med for første gong,
på vegner av Trøndersk Målungdom. Det blei nokre heftige diskusjonar om studiepoeng, dialekt, stortingsvalet, kampanje og akademia.

På førehand endte eg opp i nemndi for det landsmøte-vedtekne dokumentet Talemålet og nynorsken. Eg har lenge tenkt på det med dialektbøker og dialektpreservasjon, som har blitt ei hjartesak for meg. I nemndi foreslo eg blant anna å satse på høgare kvalitet av dialektbøker.

I tillegg kom eit forslag gjennom om dialekt-app. Akkurat dét var nokon andre sin idé, og eg skal ikkje taka æra for han.

Meir enn «morosamme» lokalord

Idéane mine blei gjort til ei nemnd-innstilling, som til slutt blei vedtatt på landsmøtet. Sådan er det skrivi:

«Dei fleste har lite formell kunnskap om dialekta si. Ordskifte om dialekt blir difor ofte prega av synsing.

Noko av grunnen til dette kan vera at det er for lite, dårleg eller manglande undervisning om ho i skuleløpet. Det står altfor lite om dette i læreplanen, og vi meiner difor at dette skal bli ein større og meir sentral del av norskfaget.

Det burde òg vera meir tilgjengelege dialektbøker med mellom anna grammatikk, uttale, målmerke og so bortetter som mellom anna kan brukast i denne undervisinga.

Dialektordlister bør innehalde uttaler av meir grunnleggande ord framfor mindre viktige «morosamme» lokalord. Meir og betre undervisning i munnleg språkhistorie, altso meir enn berre Knudsen og Aasen, kan òg gje betre haldningar både til dialekter og nynorsk.» 

Optimisme for dialektframtida

Eg er utruleg glad for at dette kom igjennom! Eg er optimistisk på at dette kan hjelpe til å dytte ting i betre retning. For korleis ting er no, er heilt elendig!

Eg er oppvaksen i Trøndelag, og har lenge sliti med å finne ressursar for talemålet

Eg er oppvaksen i Trøndelag, og har lenge sliti med å finne ressursar for talemålet der eg er oppvaksen og der familien kjem frå. Når eg har klart å finne bøker, har dei vori dyre, og i tillegg vori ganske ufullstendige og ikkje særleg faglege.

Som innheradsbygg var det flott å få tak i Snåsamålet, som inneheld grammatikk og ei ordliste av daglegdagse ord, med døme på korleis ulike ordklassar bøyest. Fantastisk om det var for rett bygd, og ikkje berre rett distrikt.

Eg kjem ikkje frå Snåsa, men dette har gjevi meg stort innsyn i korleis det breiaste av inntrøndersk kan sjå ut, og at det er mogleg å skrive bøker som er hjelpsame med å lære og gjeva innsyn i eigi dialekt.

Vilje til å satse

Eg har ikkje seti meg særleg inn i temaet om ein app, men synest den idéen er god au. Teiknspråk og samisk har eigne appar, så det skal gå an å hava. Ein må berre hava statleg/fylkesleg interesse til å satse på det.

Eg håper på ei framtid der Trøndelag satsar meir på både digital og fysisk preservering av trøndersk dialekt, og håper dette kan bli ei greia ein dag. 

Det handlar om at vilja er der for både politikken og organisasjonslivet. Til no har det vori mange enkeltpersonar som har måtta stått for dialektbøker, og ein kan finne dialektbøker frå ulike soge- eller mållag i blant på antikvariat, men det er ikkje mykje å skryte av!

Derfor oppfordrar eg til at vi satsar meir på dialekt-dokumentering av høgare faglegheit, og heldigvis har eg no ein organisasjon som seier seg einig bak meg.

Eg håper at dette opnar for meir dialektarbeid, og at vi etterkvart ser fleire dialektbøker og ordlister/grammatikk.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Artist og låtskrivar, Synne Vo.
Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG Norway