Fullføringsreforma – full av tomme ord og lite handling


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ikkje nokon tvil om at fråfallet i den vidaregåande skulen er altfor stort. Meir enn 20% fullfører ikkje opplæringa innan 5-6 år.

Studie- eller yrkeskompetanse er sjølve inngangsbilletten til arbeidslivet, og ein viktig føresetnad for å kunna delta i samfunnet.

Det høge fråfallet kan me rett og slett ikkje akseptera – noko må bli gjort!

Ei rekke merkelege tiltak

Fredagen før Noreg tok påskeferie la regjeringa fram ei ny stortingsmelding, kalla «Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden». Der presenterer dei den største reforma i vidaregåande opplæring på over 25 år. Målet er å minska fråfallet i den vidaregåande skulen.

Reforma inneheld mange ord, men ikkje fleire lærarar eller auka økonomiske tilskot til skulane

Fullføringsreforma, slik som regjeringa presenterte ho, består av ei rekke merkelege tiltak – og mykje svada. Reforma inneheld mange ord, men ikkje fleire lærarar eller auka økonomiske tilskot til skulane.

Me treng meir enn pennestrøk og lovendringar for å få ned fråfallet.

Forslag om å fjerna fleire av fellesfaga

Mange av tiltaka i reforma kan òg verka mot si hensikt. Det som verkeleg fekk folk til å setja kaffien i halsen var eit forslag om å fjerna fleire av fellesfaga.

I dag er det sånn at alle har norsk, matematikk, naturfag, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving som fellesfag. Dei som går på studieførebuande utdanningsprogram har i tillegg fellesfaga geografi, religion og etikk, historie og eit framandspråk. Dette er fag som ein ikkje kan velja bort.

No ynskjer regjeringa at det skal blir færre fellesfag. Det er kun matematikk, norsk og engelsk som skal bestå.

I tillegg ynskjer regjeringa å oppretta eit heilt nytt fag, det nye faget skal ifylgje stortingsmeldinga ivareta «andre sentrale sider ved formålet til opplæringen, som uttrykt i formålsparagrafen».

Kva dette eigentleg betyr er framleis ute i det blå, men viktige stikkord kunnskapsminister Guri Melby nemnde då meldinga blei presentert var demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Inkonsekvent og berre tull

Å kutta i fellesfaga er nok ikkje ein særleg god idé. Fellesfaga gjev viktig kunnskap og ferdigheiter som me bør ha seinare i livet.

Me treng kunnskapar om mange ulike delar av verda og kunna sjå desse i samanheng

For å kunna vera innovative og ha noko å bidra i samfunnet held det ikkje å vera superflinke i eit eller to fag. Me treng kunnskapar om mange ulike delar av verda og kunna sjå desse i samanheng.

Det er ein reell fare at kutta i fellesfaga fører til at me blir dårlegare utrusta til arbeidslivet og deltaking i samfunnet.

Regjeringa legg ikkje skjul på at kunnskapen og ferdigheitene ein får for fellesfaga faktisk er viktige. Dei skriv: «Fagene representerer viktige kompetanser som det fortsatt er behov for at mange fordyper seg i.»

Regjeringa ynskjer at faga som ikkje lenger blir fellesfag, men valfrie, framleis vil ha lange og gode liv. Dette er inkonsekvent og berre tull.

Framandspråk i fare

Eg skal vera ærleg nok til å innrømma at viss eg hadde moglegheita så ville eg kvitta meg med mange av fellesfaga. Det trur eg gjeld dei fleste andre elevar i Noreg òg.

Til dømes er eg temmeleg sikker på at viss framandspråka blir valfrie så kjem dei til å ha eit kort liv, det er nesten ingen som vel å ha framandspråk som programfag.

Viss eg hadde moglegheita så ville eg kvitta meg med mange av fellesfaga

I tillegg er det nettopp innført nye læreplanar. Ein bør sjå effekten av desse før ein i det heile teke vurderer å endra faga på nytt.

Håp, men ikkje læreplass

Eit anna stort problem er mangel på læreplassar. Kvart einaste år er det flere tusen som ikkje får fullføra opplæringa si fordi dei ikkje får læreplass.

Her òg serverer regjeringa ei tulleløysing. For dei som ikkje får ein læreplass føreslår regjeringa å oppretta «et likeverdig tilbud som del av opplæringsloven». Både LO og NHO er sterkt kritiske. Dei fryktar at elevane ikkje vil få den kompetansen dei treng og ikkje bestå fagprøven.

Regjeringa evnar ikkje å forklara kvifor forslaga skal få fleire til å fullføra utdanninga si

Regjeringa evnar ikkje å forklara kvifor forslaga skal få fleire til å fullføra utdanninga si. Det verkar heller som stortingsmeldinga er fylt med håp om at viss ein berre gjer nokre endringar så vil fråfallet plutseleg bli mindre. Men håp og gode intensjonar er ikkje bra politikk.

Komplekse årsaker til fråfall

Det er ofte mange og komplekse grunnar til kvifor ein elev vel å slutta på skulen eller i opplæringa si. Men me veit ein del om kvifor elvar droppar ut av skulen.

Nokre av dei viktigaste årsakene er at ein allereie før ein byrjar på vidaregåande har eit for dårleg fagleg grunnlag, dårleg psykososialt miljø og manglande oppfølging frå skulen.

Det er altså desse problema ein burde gjera noko med.

Grunnane til at elevar ikkje fullfører opplæring er komplekse. Det finst ikkje så lette og billige løysingar på problemet som den regjeringa føreslår.

Fullføringsreforma fører berre til overflatiske endringar. Det blir som å lakkera bilen utanpå, når ein eigentleg burde skifta ut motoren inni.

Eit eksperiment

Korleis den nye reforma skal få fleire til å fullføra vidaregåande opplæring er uklart. Regjeringa burde har gjort heimeleksa si betre og laga ein ordentleg plan for korleis ein skal få ned fråfallet.

Elevar og lærarar fortener ei gjennomarbeidd reform som sørgjer for at fleire fullfører – ikkje eit eksperiment med framtida vår.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen