Drøftingsoppgåver om LHBT og menneskerettar til bruk i samfunnsfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.05.2021 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske Helsingforskomité og Framtida.no løftar skeive aktivistar frå Aust-Europa og set søkjelyset på menneskerettssituasjonen i deira heimland i serien «Over regnbogen».

Her er drøftingsoppgåver som er knytt til læreplansmåla i samfunnsfag, og som eignar seg til bruk i undervisninga.

Fleire oppgåvetips kjem etter kvart som fleire portrettintervju frå «Over regnbogen» vert publiserte.

  1. Samanlikn situasjonen for transpersonar i Noreg og i Russland. 

Aktuelle spørsmål:

  • Kva likskapar og ulikskapar er det i rettsvern for transpersonar i dei ulike landa?
  • Hadde ei lov liknande den russiske propagandalova vore mogeleg å innføre i Noreg? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Korleis vil du skildre ytringsfridomen og organisasjonsfridomen i dei to landa?
  • Kva utfordringar trur du ein har til felles, anten ein bur i Russland eller i Noreg?
  • Noreg og Russland deler grense og samarbeid, kva mogelegheiter har Noreg for å påverke Russland sine lover og reagere på menneskerettsbrot?

Artikkelressursar:

Russiske Natalia Soloviova er transperson, og bur i eit land der det er ulovleg å dele informasjon om LHBTQI+. Les meir om ho og arbeidet hennar i Russland her!
Karoline Skarstein (28) har skrive om korleis det er å vere transperson i Noreg.

 

2. Samanlikna med befolkninga generelt, oppgir skeive i større grad at dei er mindre tilfreds med livet. Kva strukturelle hindringar og haldningar i samfunnet trur du er med på å skape denne forskjellen, og korleis kan vi motverke han? Kva rolle har skulen? 

Aktuelle spørsmål:

  • Kva er viktig for at skeive skal verte behandla som likeverdige borgarar i Noreg?
  • Korleis er det norske lovverket eigna for å handtere hatkriminalitet mot skeive?
  • Kva er viktig å ta føre seg i skuleundervisninga?

Artikkelressursar:

Les meiningsinnlegget frå Kristine (20), som skriv: Eg er skeiv, men ikkje stolt. Dessverre.
Tuulia, Lukas og Kristine har fortalt om korleis det var å kome ut som skeiv i Noreg.
Johanna (24) er bifil og skriv om kvifor ho trur SSB-tala er som dei er: «Eg har blitt kalla for pervers og ekkel»

Du kan òg lese om dømer på diskriminering og hatmotivert vald i Noreg:
Edvin vart skalla ned på bussen fordi han er homofil, og Malin fekk ikkje leige leilegheit fordi ho er bifil. Samstundes fryktar Kripos det er store mørketal i hatkriminalitet mot homofile.

 

3. Samanlikn situasjonen for makedonske Antonio og albanske Xheni med situasjonen for skeive i Noreg. Kva likskapar og ulikskapar ser du? 

Aktuelle spørsmål:

  • Kor sterkt diskrimineringsvern har skeive i Noreg i dag? Kva er styrkene/svakheitene ved dei norske lovene?
  • Kunne ein norsk politikar ytra seg på same vis om skeive personar som albanske Murat Basha gjorde? Kva hadde hendt? Jmf. ytringsfridomen og lova om hatefulle ytringar. Kva er grensene for ytringsfridomen i Noreg?

Artikkelressursar:

Albanske Xheni er den første opne lesbiske aktivisten i Albania – les meir om ho her!
Makedonske Antonio kan du lese om her!

Her kan du finne ut korleis ILGA Europa rangerer Noreg med omsyn til skeive rettar!


✍️ Skrivekonkurranse

Ikkje gløym å delta i skrivekonkurransen om menneskerettar og LHBTQI+! Vel mellom tre ulike oppgåver, vinn pengepremiar og kom på trykk.

Frist: 4. juni 2021.


? Webinar

Dato: 20. mai
Tid: 
13.00
Kor: Digitalt!
Lenkje/påmelding: Her!

LHBTI-aktivistar frå Bosnia-Hercegovina, Russland, Albania og Noreg fortel om korleis det er å vere ung, skeiv og klar til å endre verda i Europa i dag!

Kvifor vert folk LHBT-aktivistar, om det utset dei sjølv og deira nære for risiko? Kor finne folk informasjon om identitet og seksualitet, når LHBTI-samtalar er forbodne? Korleis kjem folk ut av skapet, vert forelska og stiftar familie? Korleis taklar dei homofobi og transfobi i kvardagen?

Bruk webinaret i undervisninga di! De kan stille spørsmål til aktivistane i løpet av webinaret, eller de kan sende dei i førekant anten på melding på Instagram:
@framtida.no eller @norwegianhelsinkicommittee, eller på e-post til: am@nhc.no.

Webinaret er ein del av prosjektet «Over regnbogen», organisert av Den norske Helsingforskomité og Framtida.no. Frå mars til juni 2021 deler vi historiene til nokre av dei modigaste stemmene i Europa, i tilknyting til viktige menneskerettsdagar.


Overordna læreplanmål: 

Demokrati og medborgarskap

Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kunnskap om føresetnadene for, verdiane til og spelereglane i demokratiet, og gjere dei i stand til å delta i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi elevane forståing for samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som ytringsfridom, stemmerett og organisasjonsfridom. Dei skal få innsikt i at demokratiet har ulike former og uttrykk.

Fokehelse og livsmeistring:

Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi.

Fagspesifikke kompetansemål:

Samfunnskunnskap vg1/vg2 (ny læreplan):

  • reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
  • vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
  • gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • vurdere årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og drøfte grensene for ytringsfridommen

Politikk og menneskerettar:

  • drøfte rettighetene til urfolk og minoriteter nasjonalt og internasjonalt og problemstillinger knyttet til politisk innflytelse