Kripos fryktar store mørketal i hatkriminalitet mot homofile
Hittil i år har ikkje Kripos registrert nokon tips om straffbare hatefulle ytringar mot homofile. Politiet fryktar at det er store mørketal.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kripos-sjef Kristin Kvigne fryktar at mange homofile ikkje tør melde hatefulle ytringar til politiet.
Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix / NPK
Det nasjonale tipsmottaket til politiet har hittil i år ikkje registrert nokon tips om straffbare hatefulle ytringar mot denne gruppa, ifølgje Kripos.
– Det er urovekkjande at vi ikkje får tips om hatefulle ytringar mot homofile. Vi har ein jobb å gjere for å avdekkje mørketal, seier Kripos-sjef Kristin Kvigne.
Ho oppmodar alle som både har vore utsette for slikt, og andre som ser slike ytringar retta mot homofile, om å melde frå til politiet.
Hatefulle ytringar kan straffast med bot eller fengsel inntil tre år.
Transpersonar står utan strafferettsleg vern
– Vi ser at det kjem tips om personar med mørk hudfarge og muslimar, men når det gjeld homofile, ser vi ikkje den same tendensen om at ein ønskjer å melde frå til politiet, seier Kvigne til P4.
Nettpatruljeringa til politiet viser òg at det kjem mange hatefulle ytringar retta mot transpersonar. Dette fell per i dag ikkje under reglane i straffelova om hatefulle ytringar og diskriminering. Det meiner Kvigne at det bør gjere.
– Det er viktig at utsette minoritetsgrupper har eit slikt strafferettsleg vern. Transpersonar er ei slik gruppe, understrekar ho.
Eit lovforslag om dette er til behandling i Stortingets justiskomité og Politidirektoratet har i høyringssvaret sitt støtta dette. Ifølgje politiet er hatkriminaliteten i Noreg dobla dei siste åra.