SAIH sin nye leiar har sjølv vorte forsøkt stilna av eit autoritært regime

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Før eg kom til Noreg var eg studentaktivist i Honduras. Eg har opplevd korleis det kjennest når eit autoritært regime prøvar å slå deg ned, fordi du kjempar for demokrati, fortel Hector Ulloa på e-post til Framtida.no.

25-åringen kjem frå den honduranske hovudstaden Tegucigalpa, der han studerte juss og engasjerte seg i studentfrivilligheita.

Han var både nestleiar for den nasjonale foreininga for jusstudentar og talsperson for den honduranske studentrørsla, men engasjementet gjorde at han var utsett for represaliar. 

I 2018 laut han difor reise til Noreg for å kunne fullføre utdanninga si, som ein av dei få studentane som kjem inn i Students at risk-ordninga. Sidan ho først vart starta opp i 2015, har ordninga gjeve over 50 forfølgde studentaktivistar frå 16 ulike land høve til å fullføre grada si i Noreg. 

I helga vart Hector Ulloa valt til ny leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), organisasjonen som kjempa fram StAR-ordninga. 

Held fram kampen

– Då eg kom til Noreg, gjennom StAR, høyrde eg om SAIH sitt arbeid og fann ei mogelegheit til å fortsetje kampen for akademisk fridom, fortel Ulloa.

Sidan då har han hatt ulike verv i organisasjonen, sist som nestleiar, og han trur arbeidet SAIH gjer er like relevant i dag, som det har vore før:

– Studentaktivistar vert framleis sende i fengsel på grunn av kampane sine, tilgangen til høgare utdanning er framleis urettferdig og minoritetsgrupper treng støtte for å redusere det utdanningsskiljet vi har i mange samfunn, fortel 25-åringen og legg til:

– Difor har eg lyst til å bidra med all min energi til SAIH sitt arbeid.

Den påtroppande leiaren fortel at det er viktig for han å vere ein open leiar, når han tiltrer til sommaren, då organisasjonen har ein kompleks struktur der samarbeid ikkje alltid er like lett:

– Difor må eg høyre på alle og tilrettelegge for gode samarbeid mellom våre demokratiske organ, medlemmane våre, aktivistar, sekretariat og partnarane våre, fortel Ulloa, som har ei mastergrad i offentleg administrasjon.

Han har ikkje noko spesifikt leiarførebilete, men prøvar å lære litt frå fleire, då alle har både gode og dårlege sider.

Pandemi og falske nyheiter

Hector Ulloa fortel at ei av dei viktigaste oppgåvene for SAIH i 2021 vert å følgje opp partnarane sine og korleis pandemien har påverka arbeidet deira.

Ei av hovudoppgåvene for arbeidsutvalet vert også å hjelpe lokallaga til organisasjonen, og få aktivitetsnivået opp til same høgder som dei hadde før mars i fjor, då koronapandemien og alle restriksjonane gjorde sitt inntog.

– Pandemien har vore veldig krevjande for aktivistane våre, konstaterer Ulloa.

Den påtroppande SAIH-leiaren fortel òg at organisasjonen det komande året skal gjennomføre eit heilt nytt prosjekt, nemleg Students Rights Festival.

På programmet står studentar sine rettar, og hovudtemaet i år er falske nyheiter.

– Dette vil gje oss mogelegheita til å mellom anna snakke om akademia si rolle i å nedkjempe falske nyheiter og korleis autoritære regime brukar falske nyheiter for å slå ned på studentaktivisme, forklarar Ulloa.

– Studentaktivistar treng fleire trygge hamner

Sist, men ikkje minst, vil organisasjonen arbeide vidare med Students at risk (StAR), programmet som òg gav Ulloa mogelegheita til å fullføre utdanninga si.

Framtida.no har tidlegare skrive om StAr-ordninga og intervjua tre av studentane som laut reise frå heimlandet for å kunne fullføre gradene sine.

– Eg veit ikkje kvar eg ville vore no om eg ikkje hadde fått denne mogelegheita, men eg hadde nok vore gløymt i eit egyptisk fengsel, fortalde Mostafa Hussin då.

Nyleg vart det klart at StAR vert vidareført i Noreg, og ei liknande ordning vart i april også oppretta i Tyskland, under namnet Hide Domin programme.

Hector Ulloa fortel at SAIH vil arbeide for å forbetre StAR-programmet her til lands, når tilrådinga frå den endelege evalueringa er klar, og for at fleire land følgjer det tyske dømet.

– Studentar er framleis svært utsette for aktivismen sin, noko SAIH mellom anna har løfta fram i vår politiske kampanje i år, poengterer han.

Kampanjen Can you hear me now? og den tilhøyrande rapporten Students by day, rebels by night, set søkelyset på korleis styresmakter prøver å stilne studentaktivistar og brysame stemmer.

Rapporten peikar på at koronapandemien har vore eit høveleg påskot for å innføre nye lover og overvakingsmekanismar, samstundes som styresmaktene nyttar negative merkjelappar som «terrorist» og «rebell» for å legitimere at aktivistar vert kriminaliserte.

– Studentaktivistar treng fleire trygge hamner, slår Ulloa fast.

Om han hadde vakna til si draumeoverskrift i morgon hadde ho difor vore: «Students at Risk-programmet er etablert som eit internasjonalt program». 

Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle fått ein av dei ettertrakta plassane i Students at risk-ordninga. Foto: Privat/UiB

Det som gjeld i dag, gjeld kanskje ikkje i morgon

Hjartesaka til 25-åring er vern av studentaktivistar og å kunne skape eit internasjonalt nettverk, kor studentaktivistar lærer frå og støttar kvarandre.

– Autoritære regime utviklar seg veldig raskt når det gjeld korleis dei kriminaliserer aktivistar, forklarar Ulloa, som meiner SAIH kan spele ei viktig rolle i å beskytte studentane som kjempar for endring i samfunnet.

Han peikar på både det tidlegare nemnde Students at risk, men òg på Students’ Rights Monitor, som overvaker vald og fengsling av studentaktivistar i ei rekkje land.

– Samstundes må vi heile tida sjå om det er andre måtar vi kan støtte studentaktivistar på. Det som gjeld i dag, er kanskje ikkje det som gjeld i morgon, poengterer Ulloa.

Håpar å møte eit universalgeni

Som for så mange andre har koronapandemien prega kvardagen til Hector Ulloa. Før restriksjonane vart innført var han ivrig på styrketreninga, men no lyt han ty til andre alternativ og hobbyar:

– Når det er varmare i vêret, prøvar eg å hoppe tau og høyre på podkastar. Om kvelden spelar eg ofte dataspel.

Han har inga favorittbok han meiner alle bør lese, men han har nettopp fullført Creativity Inc. av Amy Wallace og Edwin Catmull og kan eigentleg tilrå andre å gjere det same:

– Ho handlar om kor viktig det er å vere kreativ, korleis kan ein leie med kreativitet og auke kreativiteten hjå dei rundt seg, forklarar Ulloa. 

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Kanskje Leonardo Da Vinci eller Marcus Aurelius. Eg er veldig interessert i folk som vert rekna som «polymath», eller universalgeni, fortel 25-åringen og legg til: 

– Eg håpar å møte ein moderne polymath ein dag. Då ville eg spurt dei om alt mogeleg mellom himmel og jord, medan vi grilla og drakk vin.

Hector Ulloa ville gjerne slått av ein prat med den romerske keisaren Marcus Aurelius eller den italienske kunstnaren og vitskapsmannen Leonardo da Vinci. Foto: Zanner/Wikimedia Commons/Offentleg eiendom , falle i det fri. Kollasj: Framtida.no.

Unngår tidstjuvar

25-åringen fortel at han prøvar å unngå tidstjuvar og organiserer tida si ned til den minste detalj. Berre musikk og nyheiter dreg han ut av tidsplanen han har sett opp.

For å halde seg oppdatert brukar han sosiale medium, der han følgjer både nyheitskontoar og enkeltpersonar som er engasjert i dei same sakene som han sjølv:

– Det er nyttig, men ofte må eg vere ekstra kjeldekritisk.

– I tillegg brukar eg Google Chrome-appen på mobilen min, og der har eg konfigurert interessene mine slik at eg får ei tilpassa nyheitsoppdatering kvar gong eg opnar appen, legg han til.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn med lik tilgang til utdanning for alle. Dette gjeld frå grunnskule til universitet og høgskule. Eg meinar lik tilgang til utdanning er den beste strategien for å påverka alle nivåa av eit samfunn på ein bra måte, avsluttar Hector Ulloa.

Fem kjappe: 

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Beyoncé

Hector Ulloa

Frå: Tegucigalpa, Honduras

Alder: 25

Yrke/utdanning: Juss og en mastergrad i offentlig administrasjon

Favorittfag på skulen: Forretningsjuss

Ulike verv: Tidlegare nestleiar for jusstudentane i Honduras, tidlegare landsdekkande talsperson for den honduranske studentrørsla, og tidlegare leiar av SAIH Bergen og representant i SAIHs landsråd.