Ingrid Olina Hovland er ny leiar i KrFU

Hovland (20) tek over for Hadle Rasmus Bjuland, som gjekk av etter fire år i vervet.

Einar Nygaard
Publisert

Ingrid Olina Hovland er ny leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), etter landsmøtet til KrFU stemte ho fram i helga. Landsmøtet blei halde på Thon Hotel Vettre i Asker, frå 25.–26. oktober.

– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med å leie ein organisasjon med rekordmange nye medlemmar, og eit godt skulevalresultat i ryggen, seier ho i ei pressemelding.

Hovland vart innstilt av sentralstyret. Jonas Ek (22) stilte som motkandidat. Av 107 stemmeberettiga, stemte 82 på Hovland.

Hovland er 20 år, og kjem frå Stavanger. Ho har til no vore generalsekretær i KrFU, og har tidlegare vore nestleiar i Rogaland KrFU.

Hovland har tidlegare i haust fått merksemd for å utfordre tidlegare KrF leiar Valgerd Svarstad Haugland i Politisk kvarter på NRK. Då hevda ho at likestillinga i Noreg har gått for langt.

Erik Rønhovde (22) frå Vestfold er attvald som 1. nestleiar, og Torkel Johannes Bjuland (22) er vald som ny 2. nestleiar.