Fem sakprosabøker om klima og miljø som alle bør lese

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 29.04.2021 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskap er makt, og ikkje minst naudsynt i kampen mot klima- og naturkrisa me står ovanfor.

Her kjem eit knippe bøker om klima og miljø eg kan garantere både vil engasjere, fascinere og bringe med seg mykje ny og nyttig kunnskap!

Omslag: Forlaget Manifest

Fiskehistorier. Hvem skal eie havet? (2016) av Henning Røed

Det er sjeldan eg har lese ei bok som har engasjert og lært meg så mykje om eit fagfelt som er langt i frå mitt eige.

Visste du til dømes at havet produserer halvparten av oksygenet til jorda, regulerer klimaet og er opphav til halvparten av alle nye kreftmedisinar?

På same tid er mange viktige fiskeslag truga med å bli utrydda, og klimaendringar fører til at viktige næringskjeder blir brotne. Det viser at bærekraftig havforvalting er nødvendig, og ikkje minst avgjerande for å ta vare på dei viktige ressursane og verdiane som havet skjuler.

I denne boka tek marinebiolog og forfattar Henning Røed lesaren med på ei reise eg vil garantere vil gje eit nytt syn på massen som dekkjer 70 prosent av planeten.

Omslag: Cappelen Damm

Natur og Ungdom – Aksjonene som endret norsk miljøkamp (2017) av Ingrid Røise Kielland

Om du ikkje er miljøaktivist frå før, er dette er ei bok som definitivt vil inspirere til handling!

Gjennom levande skildringar gir Røise Kielland eit overblikk over høgdepunkta frå aksjonar i norsk miljøkamp dei siste femti åra.

Her får ein høyre om fuglekikkaren på 70-talet, om krølltoppen som grov opp gifttønner på 80-talet, om gjengen som gjekk inn i eit skytefelt på 90-talet og om ho som ofra Roskilde for å lenkje seg til gravemaskinar på 2000-talet.

Boka gjev eit klart bilete på at når fleire unge står saman – kan ein faktisk forandre verda! Som Noregs største miljøorganisasjon for unge er Natur og Ungdom eit prakteksemplar på nettopp det.

Omslag: Cappelen Damm

De beste intensjoner. Oljelandet i klimakampen (2017) av Anne Karin Sæther

Ved å gje ein djuptpløynande analyse av norsk oljehistorie og praksis i dag, går Anne Karin Sæther under huda på oljenæringa og gir eit meir nyansert bilete av industrien enn det som ofte blir formidla av selskapa sjølv og andre med interesser for å verne om industrien.

Analysen viser at oljeindustrien ikkje er så grøn som dei gir seg ut for, og gir ei kløktig framstilling av korleis Noreg har prøvd å vera både oljeland og eit føregangsland i klimakampen på same tid.

I denne boka får ein høyre om mektige interesser, om dei politiske nettverka rundt og om klimamål som druknar i pengane av dei- fortalt på glimrande vis!

Omslag: J.M. Stenersens forlag

Insektenes planet. Om de rare, nyttige og fascinerende småkrypene vi ikke kan leve uten (2018) av Anne Sverdrup Thygeson

Visste du at for kvart menneske som lever på jorda, finst det 200 millionar insekt? Men sjølv om insekta er mange, går talet dramatisk nedover.

I takt med at talet på menneske har blitt dobla dei siste 40 åra, har talet på insekta blitt halvert på same tid.

Thygeson er ein framanfrå formidlar som trekker fagkunnskapen ned til eit nivå som gjer at alle kan forstå det. Ved blant anna humor som verkemiddel er det lett å bli fascinert og la seg rive med!

Om du ikkje er fan av insekt frå før av, er dette ei bok som vil endre synet ditt på dei livsavgjerande småkrypa til det positive!

Omslag: Res Publica

Verden på vippepunktet (2020) av Dag O. Hessen

I denne boka peiker biologprofessor Dag O. Hessen på det han ser på som hovudutfordringane når det gjeld klima og miljø: det blir stadig mindre natur og stadig meir klimagassar.

Men vil me klare å kommunisere utfordringane på ein måte som skaper dei politiske, sosiale og teknologiske vippepunkta som må til?

I forsøket på å svare på det går Hessen rett på sak. Endeleg er det ein forskar som tør å heve stemma og rope varsko om at det ikkje blir gjort i nærleiken nok for å nå målet om å halde oss under 1,5°C oppvarming!

Med ein skarp penn som får fram alvoret i tilværet og attpåtil klarer å formidle den fagtunge tematikken forståeleg for folk flest gjer dette til ei av dei viktigaste bøkene skriven på lengje.

For ordens skuld: Jannicke Totland er tilsett som studentsekretær i Natur og Ungdom og sit i Naturvernutvalet. 

Biologiprofessor Dag O. Hessen har vore glad i naturen heile livet, noko som vart ein karriere. Foto: Kjetil Skaansar og UiO