Slettmeg.no meiner Google bruker pandemien som unnskyldning

Slettmeg.no reagerer på at Google bruker pandemien som unnskyldning for lang behandlingstid eller ikkje svarer på digitale søknader om å slette søk på nett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hans Marius Tessem er seniorrådgivar i NorSIS og leiar for slettmeg.no. Foto: Norsk senter for informasjonssikring (NorSis)

– Berre dei siste par månadene har vi ei rekkje førespurnader frå enkeltpersonar som slit med å få Google eller Facebook til å fjerne falske eller sjikanøse opplysningar om dei på internett.

Det seier seniorrådgivar i NorSIS og leiar for slettmeg.no, Hans Marius Tessem, til NTB.

Han seier det før tok berre nokre få dagar å få svar på ein digital søknad som vart send inn til Google eller Facebook, vanleg behandlingstid pleidde å vere ein til to veker.

No har Slettmeg.no fleire døme på ikkje berre lang behandlingstid, men at personar har venta i fem–seks veker utan å få noka stadfesting på søknaden i det heile.

– Der Google har svart, har vi fire døme på at Google sjølv oppgir korona som grunn til den lange behandlingstida, seier Tessem.

Andrea Lewis Åkerman er fungerande kommunikasjonssjef i Google Norge. Foto: Google

Google jobbar med etterslepet

I ein e-post til NTB skriv Google Noreg at pandemien har skapt store utfordringar for dei i saksbehandlinga, men at dei er klar over at folk forventar grundig og rask saksbehandling.

– Vi har tidlegare varsla fleire av Europas datatilsyn om at pandemien har påverka verksemda vår og forventar å fullføre gjennomgangen av etterslepet vårt i dei kommande vekene, skriv fungerande kommunikasjonssjef Andrea Lewis Åkerman.

Les også: Google svarar på ordføraropprop – har ingen planar om meir nynorsk

Covid-19-effekt

– Den lange behandlingstida går på rettstryggleiken laus, meiner Tessem i Slettmeg.no.

Han påpeikar at så lenge folk ikkje får eit avslag på søknadene sine eingong, kan dei heller ikkje klage avgjerda inn for Datatilsynet. Dei må berre vente.

– Dette med at folk ikkje får svar på lenge, er nytt. Det gjeld heller ikkje berre Google. Det er svært problematisk for dei enkeltpersonane som ønskjer å få fjerna det som ofte er grovt feilaktige eller sjikanøse påstandar om dei på nettsider eller i sosiale medium, seier han, og legg til:

– Spesielt kjenslevart blir det når dette involverer mindreårige, som har ein ekstra sterk rett til å bli gløymd og få fjerna denne typen opplysningar.

Færre blir fjerna

EU-domstolen bestemde i 2014 at enkeltpersonar har rett til å få opplysningar om seg fjerna på nett, basert på ulike vilkår. Sidan då har Google motteke over ein million førespurnader om fjerning av opplysningar om enkeltpersonar, og meir enn fire millionar nettadresser er bedne fjerna.

Av desse har over 15.000 førespurnader komne frå Noreg og berre til Google, og dei omfattar over 62.000 nettadresser.

Delen nettadresser som er bedne fjerna frå søk og deretter har vorte fjerna etter norske førespurnader, er gått ned i koronaperioden, frå 45 prosent i perioden fram til 13. mars 2020 til 39 prosent i perioden med erklært korona i Noreg.

Kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet Janne Stang Dahl. Foto: Datatilsynet

– Spesielt belastande

Kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl i Datatilsynet kommenterer korleis dei har sett at koronatida påverkar folk.

– Vi ser at samfunnet har vorte endå meir digitalt, og vi er mykje på nett. Rundt 8 prosent av dei 5.364 førespurnadene som vi fekk til rettleiingstelefonen i fjor, dreidde seg om personopplysningar på internett. Mange av desse gjeld uønskt publisering av tekst, bilete, film og liknande. Talet for sletting har halde seg relativt stabilt dei siste åra, men med ein auke på 1 prosent frå 2019, seier ho.

Datatilsynet har ikkje merka den same pågangen av oppgitte brukarar som Slettmeg.no, men seier det kan opplevast som ekstra belastande om usanne personopplysningar som du ønskjer å få sletta, blir liggjande over lang tid.

– Opplysningar som blir knytte til deg som person, slik som om helse, religion, økonomi eller seksuell orientering, kan vere spesielt belastande og kan få konsekvensar for korleis du ønskjer å leve livet ditt.


Seksjonssjef ved seksjon for offentlege tenester i Datatilsynet, Camilla Nervik. Foto: Datatilsynet