«De viser ikkje noko spor av omsorg for dei sårbare, Guri og Erna»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg er sint og oppgitt over dagens pressemelding om munnleg eksamen.
Kvifor? Fordi det sit fleire tusen ungdommar som er redde for å stryke i fag på munnleg eksamen. Det sit elevar som slit med å kome seg opp om morgonen for fjernundervisning, og det sit einsame elevar rundt om kring i Noreg som treng hjelp.
Ungdommen har vore i frontlinja for viruset, vi har halde oss heime. Vi har vore på fjernundervisning, og følgt med i timen. Mens pensumet pressar på, ynskjer regjeringa at munnleg eksamen skal verte gjennomført.
Det vert dumt!
Det er under 3 månadar til avgangsevelevar skal stille til munnleg eksamen. Er dei førebudde på det? Soleklart nei.
I mange delar av landet har dei berre hatt fjernundervisning dei siste månadane. Ikkje har dei møtt venner eller lærarar heller.
Eg er lei meg for at dagens ungdom som sit på heimeundervisning i dag fekk vete at munnleg eksamen framleis skal verte gjennomført. Kor vart tilliten av?
Fleire tusen ungdommar gruar seg
I dag sit fleire tusen ungdommar og gruar seg til opptaket til eksamen i mai og juni. Samstundes som smittetrykket aukar, og fleire og fleire skular går over til fjernundervisning.
Vi veit at fjernundervisning aldri kjem til å erstatta den klassiske undervisninga i klasserommet. Elevar får mindre hjelp og stadig fleire slit meir på skulen, spesielt dei som slit på skulen frå før av.
Elevane som slit, blir pressa endå meir til å følgja meir med. Berre fordi kunnskapsministeren vår meiner at munnleg eksamen skal gjennomførast.
Det er rett og slett urettferdig.
Derfor ser eg ikkje noko rettferd i at elevar som har pendla mellom gul og raud sone på skulen, altså pendla mellom fysisk og fjernundervisning, skal stilla til eksamen.
Kor er omsorgen?
Det å avlysa munnleg eksamen no, vil hjelpa lærarane med å hjelpa elevar med å forbetra standpunkt. Det vil òg senka presset på lærarane for å gjennomføra pensum ved hjelp av fjernundervisning.
Det er viktig å gi lærarane den beste moglegheita til å sjå elevane, og hjelpa dei. Ofte er det å stressa seg gjennom pensum for å stilla til eksamen til våren, det som skjer.
Regjeringa har ikkje løfta ein finger for dei elevane som slit mest, dei elevane som er sårbare. Stadig høyrer vi hald ut, alt blir bra. Ja, men de viser ikkje noko spor av omsorg for dei sårbare, Guri og Erna.
No må regjeringspartia gå i seg sjølv, og byrja å sjå elevane betre!
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!