Legeforeiningsleiar vil endre teieplikta for 16-åringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren for Norsk foreining for allmennmedisin meiner foreldre bør få informasjon om helsa til barna fram til dei er myndige, skriv Aftenposten.

– Ein 16-åring er ikkje nødvendigvis moden enno til å ta dei riktige avgjerdene, og foreldra mistar viktige moglegheiter til å hjelpe barna sine. Det oppstår eit vakuum etter fylte 16 år. Eg meiner denne grensa bør hevast til 18 år og følgje myndigalderen, seier Marte Kvittum Tangen.

Aftenposten har vore i kontakt med ei rekkje etterlatne som har mista unge familiemedlemmer i sjølvmord, og fleire av desse meiner at 16-årsgrensa på helseopplysningar var eit hinder for at barna fekk den hjelpa dei trong.

Tangen meiner òg at aldersgrensa for eigenandelar må hevast til 20 år sidan talet på ungdommar som bestiller legetime etter at ein fyller 16 og må betale eigenandel, fell kraftig, noko som spesielt er problematisk sidan 20 prosent av legetimane gjeld konsultasjonar for psykisk helse.


Nesten vaksen svarar: Kva er greia med fastlege? Illustrasjonsfoto: Colourbox.com/Pixabay.xom. Logo: Linn Isabel Eielsen.