Nesten vaksen: Kva er greia med fastlege og korleis byter eg?

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 16.09.2020 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har flytta heimanfrå for første gong, til ein ny plass og ein ny kommune. Endeleg kan du vere herre over eige hus, vaske klean dine sjøl, ete nudlar til middag fire gongar i veka og vere sjølvstendig.

Så vert du sjuk for første gong som #nestenvaksen, og sjølvstende er det aller siste du vil ha.

Det du helst vil ha er nokon som kjøper Pepsi Max til deg og forsikrar deg om at du ikkje skal døy, trass i kva Lommelegen.no seier.

Då er det greitt å ha ein fastlege å vende seg til.

Kva er mine rettar?

Dersom du er folkeregistrert i ei norsk kommune, så har du rett på fastlege. Er du under 16 år, får du tildelt same fastlege som mor eller far din.

Om du ikkje er nøgd med fastlegen din, har du rett til å klage. Helsenorge.no tilrår at du først freister ta opp eventuelle problem med legen direkte, men om dette ikkje fører fram kan du prate med den som har ansvar for fastlegeordninga i kommunen eller sende klage til Fylkeslegen med kopi til kommuneoverlegen.

Kva kostar det å gå til legen?

Om du går til legen, så lyt du betale ein eigendel. Her ser du prislista legebesøk og ulike tillegg.

Det er likevel ikkje slik at dersom du er maks uheldig og må til legen førti gongar på eit år, så må du betale i det endelause.

Det er sett eit tak på kor mykje ein skal måtte betale i eigendel i løpet av eit kalenderår, og for fastlege, legevakt og psykolog er det taket sett til 2460 kr. Når du har nådd denne summen, så får du frikort og slepp betale meir.

Korleis byter eg fastlege?

Det er greitt å hugse på at dersom du flyttar vekk frå heimkommunen, så får du ikkje automatisk tildelt ein ny fastlege. Du lyt byte sjølv.

Er du student og har betalt semesteravgifta di, kan du gå til fastlege som er tilknytt helsetenesta ved universitetet eller høgskulen din. (Det same kan ungane dine om dei er under 16 år.)

Du har rett til:

  • Å byte fastlege inntil to gongar per kalenderår
  • Utover desse to ordinære byta, har du også rett på å byte fastlege dersom du melder flytting i folkeregisteret eller dersom fastlegen din sluttar eller ikkje lenger kan ta i mot like mange pasientar.

Du treng ikkje oppgje grunn for at du vil byte fastlege.

Om du skal byte, så loggar du inn på Helsenorge.no og byter enkelt der.

Bytet trer i kraft første dag den påfølgjande månaden, fram til dess er det den «gamle» fastlege du vender deg til om du treng noko.

Du kan også sjekke litt kva fastlegar som er tilgjengelege i ditt nærområde for du byter. Det kan du gjere her.

Til dømes om du bur i Bergen, kan du leite fram fastlegar som bur i same område som deg:

Slik sjekkar du kva legar som har ledige pasientplassar i Bergen sentrum. Visste du at kvar lege kan ha maks 2500 pasientar?

Dersom legen du kunne tenke deg ikkje har ledig plass, så kan du stå på venteliste. Men hugs, det er ikkje mogleg å heilgardere seg ved å stå på fire ventelister samstundes – du kan berre stå på éi om gongen.

Når ein plass vert ledig får du brev frå Helfo, og bytet trer automatisk i kraft frå første dag i komande månad.

Hjelp, her er ikkje fastlege med ledig kapasitet!

Kommunen du bur i har ansvar for at det er tilstrekkeleg med fastlegar. Om det likevel er heilt fullt, så lyt du klage til kommuneoverlegen.

Kva om eg vert akutt sjuk utan fastlege?

Om du vert akutt sjuk og ikkje har høve til å gå til fastlege – anten det er utanom kontortida, eller du ikkje har fastlege der du bur enno – så kan du ringe til den nasjonale legevakta på telefonnummer 116 117 eller direkte til di næraste legevakt.

Det er gratis å ringe til 116 117, og du kan der få avtalt om du bør møte på legevakta for sjekk.

Men hugs, dersom det står om liv skal du ringe 113. (Dette nummeret skal ikkje misbrukast, men det lærte vi vel på barneskulen?)

Kva om eg vert litt sjuk utan fastlege der eg bur?

Om du vert litt sjuk utan å ha fastlege der du bur, så kan du ringe til den fastlegen du har når hen har kontortid. Då kan du få råd om det er noko som bør sjekkast nærare på legevakt eller om ein skal ta ein paracet, ein lur og avvente litt om formen endrar seg.

Eg har berre ein del spørsmål…

Fram til du er 20 år gammal kan du besøke helsestasjonen for ungdom og få gratis rettleiing! Anten du har konkrete spørsmål om prevensjon, eller berre leitar etter nokon å prate med.

Dersom du bur i Oslo og opptil 25 år, så kan du også besøke klinikken til Sex og samfunn, dersom du har spørsmål om sex, seksualitet eller seksuell helse. Bur du ikkje i Oslo, så er chaten deira open måndag-torsdag.

Kva med privat legetilbod?

Dersom du til dømes vil ta gynekologisk undersøking hjå nokon andre enn fastlegen din, så kan du nytte deg av private legekontor.

Der er ventetida gjerne kortare enn hjå det offentlege tilbodet, men du lyt også betale ein stivare pris.

Eg er utvekslingsstudent. Kva med meg?

Om ein er utvekslingsstudent i Noreg, skal studere her i meir enn seks månadar og er folkeregistrert her, får ein tildelt fastlege.

Dersom ein er utvekslingsstudent, men ikkje folkeregistrert, så får ein legehjelp hjå legekontoret til studentsamskipnaden.

Og hugs – alle har rett på hjelp om det er akutt!


Er det noko du ikkje forstår i vaksenlivet og treng forklart? Tips oss på
tips(a)framtida.no, så kan det dukke opp i Nesten vaksen! 

Les også den første Nesten vaksen-saka: Kva er greia med studielån?