Rekordmange fagskulestudentar i fjor

Hausten 2020 var det nesten 4.500 fleire studentar ved norske fagskular enn året før. Det er ny rekord.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten 2020 var det dermed heile 22.369 fagskulestudentar i Noreg, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auken kjem hovudsakleg av nesten 3.000 fleire studentar på utdanningar som er kortare enn to år. På toårige fagskuleutdanningar var det i underkant av 1.500 fleire studentar.

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning og ligg på nivå over vidaregåande opplæring.

Det inkluderer mellom anna lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk, økonomiske og administrative fag, naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, og dessutan utdanning innan helse-, sosial- og idrettsfag.

Den markante auken på 4.500 studentar førte til over 2.400 fleire kvinner og nær 2.100 fleire menn i fagskuleutdanning, ifølgje SSB.


Les også om Viyan (36) som er farmasøyt: – Mange veit ikke kva farmasøyten gjer på apoteket, men me har ei viktig rolle når det gjeld å sikra riktig legemiddelbruk.

Farmasøyt Viyan Tarin (36) sjekkar at reseptane pasientane får er riktige, og kan også setje vaksinar. Foto: Privat