Yrket mitt: Sebastian (25) er PT

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire tenkjer at me berre står der og skrik kor mange repetisjonar du har igjen, men ein god PT er så mykje meir enn det!

Førre fredag måtte norske tv-sjåarar vinke farvel til nordfjordingen Sebastian Stadheim Width i sjåarsuksessen Norges tøffeste.

25-åringen har veke etter veke vorten introdusert som ein av fleire personlege trenarar, eller PT-ar som det ofte vert kalla, i konkurransen.

Width har inntrykk av at fleire ser på PT-yrket som «jalla», men det mange då ikkje forstår er kva ein personleg trenar faktisk kan gjere for deg.

– Ein god PT er der for deg og hjelper deg med akkurat det DU treng! Og alle treng ein PT, sjølv toppidrettsutøvarar har PT, skriv 25-åringen i ein e-post til Framtida.no.

Send i barnehagen av korona

Sebastian Stadheim Width hadde nyleg starta for seg sjølv då korona sette kjeppar i hjula for planane. Under koronapandemien har han teke seg jobb som assistent i barnehage, ein jobb han trivst med, inntil PT-kvardagen vert meir normal.

Men korleis ser eigentleg arbeidsdagen til ein personleg trenar ut?

– Nokre dagar var lengre enn andre. Ofte møtte eg opp tidleg for å ha nokre timar på morgonen. Deretter kom det ein litt lengre pause der eg åt mat og gjorde ferdig mi eigentrening. Så var det å fullføre resterande kveldstimar med andre flotte menneske, forklarar Width.

Fitness på Bali og i Brasil

Width har alltid vore interessert i trening og aktivitet. Etter fleire år med fotball tok styrketreninga gradvis over frå 16-årsalderen.

– Eg fekk utruleg mykje glede av både treninga og resultata, noko som endra livet mitt veldig. Difor var det eit lett val å jobbe som personleg trenar, for å gje andre den same gleda eg sjølv fekk av treninga. Ei utruleg flott kjensle.

25-åringen har studert årsstudium i fitness via Høyskolen i Hedmark, som tok han til både Bali og Brasil.

– Utdanninga var heilt topp, men eg skulle likt å ha enda lengre tid på skulebenken før eg hoppa ut i arbeidslivet. Difor anbefalar eg ALLE som studerer/ønskjer å studera til å bli PT til å bruka god eigentid på å lese gjennom fagbøker, forsking og liknande, skriv Width.

Personleg søkeprosess

Rett etter han fullførte studiet i 2015 reiste han til Oslo for å søkja jobb.

– Eg var veldig bestemt på kva kjede eg ville jobba i. Difor reiste eg rundt til så mange senter som mogleg innanfor denne kjeda, og snakka med senterleiarane.

Han forklarar at han fekk relativt kjapt napp på denne måten.

– Så her funka det for meg å berre reise rundt og visa meg fram.

– Svarte jobben til forventningane?

– Ja, absolutt! Eg såg for meg at eg kom til å møta og hjelpa mange forskjellige folk med mange forskjellige behov, og det var akkurat det som skjedde. Og eg er ein person som diggar å møta nye menneske, så dette passa meg midt i blinken!

Sebastian Stadheim Width (25) likar å hjelpe andre til å oppnå den same gleda som han sjølv har fått over treningsresultata. Foto: Privat

Lange dagar og lykkelege kundar

25-åringen er ikkje i tvil om kva som er det beste med yrket.

– Det er sjølvsagt å sjå gleda til personane du hjelper. Den lykka personar får når dei har slite med å få resultata dei ønskjer, og endelig får dei, er heilt rå! skriv Width, og utdjupar.

– Det kan vere alt ifrå at dei endeleg går ned i vekt, blir sterkare, endeleg finn ei treningsform som passar dei, går opp i musklar til at dei endeleg klarar eit løft dei har slitt lenge med.

Det han ikkje var heilt førebudd på var kor mykje ekstra arbeid det krevde i starten.

– Det er viktig å vere mykje på senteret og snakka med medlemmar og visa seg fram når ein sjølv ikkje har timar eller eigentrening. Så det var mange lange dagar i starten, minnest Width.

Les også: Éin av tre yngre vaksne opp i vekt under pandemien

Hjelpe andre

Hans råd til unge som siktar seg inn mot PT-yrket er difor å vere førebudd på at ein må jobbe lange dagar, særleg i starten, for å byggje seg opp ein kundebase.

– Hugs å ha eit ope syn på trening og lytt til dei som har kunnskap og erfaring! Det er så utruleg mykje å læra, og ein er aldri ferdiglært! Om du ønskjer å bli ein best mogleg PT, bør du lytte til andre og læra mest mogleg! tipsar han vidare.

Width meiner det viktigaste i yrket er at ein har ei stor interesse for trening, er villig til å læra nye ting innafor felt som coaching, ernæring og trening, samt likar å møte nye menneske.

– Den siste tingen som er viktig er at du faktisk bryr deg om å hjelpa andre til å bli ein betre versjon av seg sjølv og nå måla dei har sett seg. Om desse punkta treffer deg, så kjem du til å føle at du aldri er på jobb! Magisk!

Drøymer om nettbasert rettleiing

Sjølv synest Width at det mest utrulege som har skjedd han på jobb var då ein kunde tok til tårene over å ha klart å gå mykje ned i vekt.

– Det var ei flott oppleving, som gav meg masse glede og motivasjon.

Draumen framover er no å byggja opp online coaching, altså nettbasert rettleiing.

– Då har eg moglegheita til å hjelpe så mange fleire med å nå sine mål og ønskjer! Då kan eg hjelpe folk over hele landet, noko som verkar heilt rått!


Karoline D. B. Schjerverud er PP-rådgjevar. Foto: privat

Sebastian Stadheim Width

  • Alder: 25 år
  • Frå: Nordfjordeid, men bur i Bergen
  • Yrke: Personleg trenar (PT), men jobbar i barnehage akkurat no
  • Utdanning: Årsstudium i Fitness via Høyskolen i Hedmark (Brasil og Indonesia)