15-åringen skulle vere med på kolmulefiske i arbeidsveka på skulen. Det vart til ein månad på havet. No er draumen sterkare enn nokon sinne.

– Av vennane mine som er gutar har mange bestemt seg for å verte fiskar sjølve. Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det», fortel Maria Espeseth Sævik.

Samstundes lurte jentene i vennekrinsen på om ho ikkje skulle gje opp fiskardraumen. Men Maria lét seg ikkje stoppe. 15-åringen frå Herøy er fast bestemt på at ho skal verte fiskar.

Sette sjøbein tidleg

For Maria har saltvatn i årene. Både faren og morfaren er fiskarar, og sidan ho var pittelita har ho fått lov til å vere med ombord på båten, fortel ho.

– Eg synest alltid det var så gøy og interessant. Eg hadde støtt lyst opp i styrehuset, og at pappa skulle forklare meg kva som føregjekk.

Sjølv med begge føta godt planta på fastlandet, fekk Maria innblikk i korleis livet på fiskebåt var. Far hennar, Eivind, er ein ivrig fotograf og har teke tallause bilete og videoar av kvardagen på bølgjer og hav. Fascinasjonen vart difor berre sterkare, fortel 15-åringen.

Og no er den sterkare enn nokon sinne.

Les også om Oda (20) som var med forskingsfartøyet Kronprins Haakon på tokt til Antarktis: – Eg kunne ikkje sitte att og angre på at eg ikkje vart med

Ein månad til sjøs

– Eg fekk snap av vennane mine om at dei hadde jentekveldar, som sa: «ååh skulle ynskje du var her», men det gjekk eigentleg fint. Kolmula er det ikkje alltid eg får vere med på! seier Maria. Foto: Eivind Mikal Sævik

Då Framtida.no snakkar med Maria på telefon, er ho akkurat komen heim frå ein månad på kolmule-fiske på båten Sæbjørn. Der arbeider også faren og morfaren til Maria. Stort sett er mannskapet menn i 40-60-årsalderen.

Då Maria trappa opp på kaia, lurte dei på om ho var «gala» og trudde at ho kom til å reise heim igjen, men det tok ikkje lang tid før dei skjønte at det var bein i nasa på denne 15-åringen.

– I starten var det uvant. Alle vennane mine for på skulen, men eg hadde vakt. Så vart eg vand med det, og det var berre utruleg kjekt, fortel Maria ivrig.

15-åringen var sjøsjuk første dagen, men etter det fekk ho vere med på dekk og ta del i arbeidet på same vis som mannskapet. Kvardagen på båten var ein heilt annan enn kvardagen på skulebenken.

– Dei einaste faste rutinane er dei tidene vi har vakt og måltid. Vi har vakt i fire timar, og så byter du på det med resten av mannskapet, forklarar Maria.

Ho skildrar dagar der ho står opp, et mat, og ventar på å kome fram til fiskefeltet. Når dei er framkomne kan arbeidet skje kva tid som helst. Skipperen seier frå at no skal vi skyte av trålen, og frå då er det timesvis med fiske – trålen lyt fyllast, dragast innatt og pumpast inn i båten.

– Det kan skje kva tid som helst på døgnet – klokka eitt på dagtid og klokka halv fem om morgonen. Plutseleg kjem dei og bankar på døra: «Maria, no må du stå opp»!

Les også om Aurora (20): – Arktis er verdas beste klasserom!

Eit arbeidsjern

Etter ein heil månad på sjøen har 15-åringen ikkje vorte skremd. Tvert om, ho har vorte meir motivert for å satse:

– Eg synest det er så kjekt å få vere ut på havet, og det å verte skikkeleg utsliten. Det er eit veldig hardt yrke – du må vere veldig sterk for å gjere det, fortel Maria.

Særleg i Nordsjøen var det store bølgjer som slo innover båten. – Dei første gongane tenkte eg: «Oi, no må eg halde meg fast når eg skal sove!», seier Maria. Foto: Eivind Mikal Sævik.

15-åringen trur det er grunnen til at fiskaryrket er mannsdominert, men at det ikkje er noka hindring. Det fysiske arbeidet var noko av det beste, synest ho. Samstundes fekk Maria oppleve både dei positive og dei negative sidene:

– Den gleda når du får mykje fisk. Vi opplevde å sprenge nota og all fisken vi hadde for. Det hadde vore eit kjempekast, så eg fekk oppleve ein skikkeleg nedtur – det har ikkje skjedd på 20 år. Så eg fekk oppleve både glede og sorg.

Les også reisebrevet frå Antarktis: – Sjølv om eg har segla mykje det siste året, har eg aldri sett kval før. Etter 21 dagar i Sørishavet, har eg sett fleire hundre.

Saknar bråket

Langt ute på bølgjene blå er det dårleg med både TV-signal, Internett og telefondekning, så heime på Herøy er dei ekstra glade for å omsider få 15-åringen i hus att.

Foto: Eivind Mikal Sævik

 Lisjesystra mi har sove i senga mi kvar einaste kveld medan eg har vore vekke, seier Maria og ler.

Sjølv synest ho også det er godt å vere heime. Dagen ho kom att hadde mora, Helen, diska opp med alle favorittane: Taco, nachos, sjokoladefondat og brownies.

Men det er også nokre ting Maria saknar:

– Eg synest eigentleg det er skikkeleg kjekt når båten slingrar no står alt stille. Og det er heilt stilt i huset. Det er så mykje bråk i båten du høyrer bråk heile tida. Eg saknar bråket og slingringa.

Samstundes saknar ho mannskapet og stemninga.

– Alle var skikkeleg greie. Det var ikkje alle samtalane eg kunne delta i: Dei snakka om korleis fiskeriet var i 19-ditt og datt, men dei sørga for at dei drog inn ein morsom diskusjon også for meg, fortel ho.

Tilbake på skulebenken – for no

No er det tilbake på skulen for Maria, som går i 9. klasse. Kolmulefisket varte lenger enn planlagt, så ho kan ikkje ta fri att med det første. Til sommaren derimot har faren lova at ho kan få vere med å fiske nordsjøsild.

Det endelege målet er å gå skipparskulen i Ålesund slik at ho har ein ekstra fot å stå på, men det er fiskar ho skal verte.

Skeptikarane i førekant har allereie vorte motbeviste og overtydde. No er dei stolte, og pipa har fått ein annan lyd: «Ja, kanskje dette er noko for deg, Maria».

I dødtida mellom fiske så sit mannskapet i messa og spelar kort og pratar. Maria hadde også vore snartenkt nok til å laste ned nokre Netflix-filmar på mobiltelefonen før ho la frå land. Foto: Eivind Mikal Sævik

Les også reportasjen om 23 år gamle Nellie som er så entusiastisk for mose at ho danka ut 2400 andre for ein jobb i BBC.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE