Rekordmange unge vil bli fiskarar

Nyutdanna fiskarar kan tena over 700.000 kroner i året. Det lokkar fleire unge til å søkje seg til yrkesutdanninga på vidaregåande skular.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20 skular i landet tilbyr yrkesutdanninga fiske og fangst. NRK skriv at alle skulane dei har vore i kontakt med, melder om høgare søkjartal i år.

– Havbruk generelt sett går godt, og ungdom fangar fort opp kor det er pengar å hente, seier studierektor Marita Martinussen ved Meløy vidaregåande skule i Nordland.

Statusløft

At ein kan tene godt som fiskar, kan også Fiskeridirektoratet og Norges Fiskarlag bekrefte.

– Det har blitt meir effektivt å fiske. Kvotar kan slåast saman på færre fartøy, og fiskarar kan tene gode pengar, seier kommunikasjonsrådgivar i Fiskeridirektoratet Olav Lekve.

I dag er det registrert vel 11.000 fiskarar i Noreg. Etter fleire år med nedgang i talet fiskarar, har statusen for yrket auka og det kjem fleire nye fiskarar til.

Eigentleg skulle Maria berre vere med på tur ei veke i samband med arbeidsveke på skulen, men det vart fort til ein månad. Foto: Eivind Mikal Sævik.