«Sliteneliten» vil knuse kapitalismen med platedebut: – Vi kjem truleg til å gå i dundrande minus

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har ikkje hårete mål, vi er kjempenøgde om vi får spele til tre stykk i Hammerfest eller fem stykk i Steinkjer. Men vi har veldig tru på oss sjølv og musikken vi lagar. Vi trur det er jævleg bra, og det som trengst, fortel Maria Refsland.

26-åringen frå Flekkefjord er bassist og tekstforfattar i bandet Sliteneliten, som no debuterer med si første plate.

Dei seks musikarane kjem frå vidt forskjellige plassar med ulike musikkbakgrunnar i bagasjen, men har samla seg rundt eit felles mål.

– Eg trur vi alle har kome saman rundt at musikk er ein ekstremt god måte å få ut eit politisk bodskap vi brenner for, seier vossingen Synneva Gjelland (24).

– Vi vil ikkje berre tenne ein gnist, men ei kamplyst. Vi legg opp til at det skal vere artig, fortel Maria Refsland om Sliteneliten. Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

Dei drøymer om å verte eit av Noregs store band, men forventar det ikkje. På baksida av den første plata deira står det likevel at dei vil endre verda.

Masa i tre år om å starte band

Når Framtida.no pratar med Maria Refsland, Synneva Gjelland og Silje Strøm på videochat sit dei på ulike kantar i landet. Maria er på hytta til ein kjenning, Synneva sit heime på Voss og notoddingen Silje (25) er i Aurland, der ho til dagleg går på skule.

Korleis finn eigentleg seks kvinner frå bygd og by og som individuelt driv med alt frå viserock og folkemusikk til klassisk musikk og punk fram til kvarandre?

– Alle kjenner Maria! kjem det kjapt frå Synneva.

Maria Refsland spelte allereie i band før ho pusla saman Sliteneliten, men dei var berre to stykk og ho sjølv var vokalist. Ho ville prøve seg på eit instrument, og vere ein del av eit større lydbilete.

– Eg er feminist og oppteken av kvinner i musikken, og ville ha eit stort band med fleire jenter, forklarar Maria.

– Det har vore ein draum, og eg har villa oppfylle den i årevis.

Sliteneliten er ein draum som har gått i oppfylling. Foto: Maria Refsland

Då 26-åringen var arbeidsledig eit halvt år og budde i ein båt ved Aker Brygge bestemte ho seg for at tida omsider var komen. Ho laga ei gruppe på Facebook, og inviterte alle ho kjende som spelte instrument. Ho skreiv: «Hallo, dette må skje. Kven er med på øving?».

I mellomtida hinta venninna hennar Thea om at ho òg var på leit etter eit band, og kunne friste med gratis øvingslokale i hovudstaden.

Puslebitane byrja å falle på plass, ein etter ein.

Maria såg Inga spele fele på ein heimefest, fekk god kjemi med Ylva ein kveld på byen og oppdaga at Silje spelte tverrfløyte. Og at Synneva har gått på viseskule i Sverige, det var ho fullstendig klar over.

– Eg hadde masa på ho på Messenger i tre år om at vi burde lage eit band. Men det var den eine unnskyldinga etter den andre, fortel Maria og flirer.

Unnskyldingane tok slutt, og dei seks unge musikarane vart samde om å treffast ein januardag for to år sidan. Då kasta Maria alle andre ut av gruppa på Facebook, og Sliteneliten vart eit faktum.

Musikalsk aktivisme

Opphaveleg skulle Sliteneliten verte eit punkband, men musikken har hamna meir i sjangeren politisk viserock – sjølv om dei plutseleg kan snu på flisa og skrive ein power ballade i ekte Adele-stil.

«Kven er den eigentlege fienden? Sjå opp, me skal knuse kapitalen», syng dei i Kapitalistknusaren, medan dei i Skodespelarsamfunnet kritiserer det individualistiske Exit-liknande samfunnet med engelske yrkestitlar og skyhøge årsløner.

Inspirasjonen til sistnemnde fekk Maria Refsland medan ho sat arbeidsledig i solveggen på Aker Brygge, og overhøyrde ein dresskledd mann skryte over ei krise han hadde avverja på jobb. Krisa var av typen ho sjølv løyste kvar dag, då ho hadde ein del frivillige verv, og sjølvgodheita fekk blodet til å bruse i årene hennar.

– Det var slik ein mini-ting som eg gjorde utan jobb, medan eg måtte låne pengar av far min, og han fyren i dress tente ein million kroner i året på å løyse eit problem som ikkje var eit problem, seier ho oppgitt. 

Sliteneliten har teke eit medvitent val om at dei skal skrive nynorsk i kanalane sine: – Vi vil vise at dette er ei sak vi bryr oss om, at det skal vere likestilt mellom dei to målformene, fortel Silje, som sjølv har bytt hovudmål til nynorsk. Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

Ho er tydeleg engasjert, noko ho òg har til felles med dei øvrige medlemmane i bandet. Dei skildrar seg alle som veldig politisk aktive og løftar interessefelt frå landbrukspolitikk og klimaspørsmål til bustadpolitikk, feminisme og anti-rasisme.

– Det er ein fin form for aktivisme å drive med musikk, fortel Silje og utdjupar:

– Det er befriande å kunne drive med noko som i seg sjølv er gøy. Det er ikkje alltid ein er like motivert til å skrive meiningsinnlegg eller mobilisere til demonstrasjon.

Samstundes påpeikar Maria at det er mykje glede og humor i musikken. 

– Vi vil ikkje vere eit «faen ta regjeringa, ho syg»-band. Men vi prøvar å skrive frå vår eigen ståstad, og vise at vi er menneske, ikkje klisjear. Vi verken dansar rundt gullkalvar og ikkje skjønar noko av verda eller er supermenneske.

Ikkje mat for store plateselskap

Den sjølvtitulerte debutplata Sliteneliten er skriven og spelt inn i rykk og napp over dei siste to åra. Plata skulle etter planen kome på seinsommaren i fjor, men lanseringa vart dytta til jul, så til februar og endeleg til april.

– Om vi får slakt i avisa så kjem det til å vere kjipt, men det er ikkje poenget. Vi veit at vi ikkje er Dagny eller Sigird med den musikken vi lagar, seier Maria Refsland. Omslaget er laga av Christa Barlinn Korvald.

– Det er noko vi har gått og gleda oss til veldig lenge, men det er først den siste veka at eg kjenner at «no skjer det», fortel Synneva og legg til:

– Det vert heilt fantastisk, noko av det flottaste som har skjedd.

Plata kjem ut på det uavhengige, venstreorienterte plateselskapet No. 13, noko bandmedlemmane sjølv er godt nøgde med.

– Det handlar om å skape ei rørsle, eit fellesskap i ein veldig kapitalistisk bransje. Det er viktig å støtte opp om dei som prøvar å motarbeidet det, og skape eit alternativ som er betre, forklarar Synneva.

Dei er heller ikkje særleg uroa for at eit stort plateselskap skal kome på bana, tilby dei platekontrakt og rikdom, og såleis setje integriteten deira som band på prøve.

– Vi plasserer oss veldig langt unna freistinga. Om vi hadde laga meir kommersiell, strømlinjeforma pop, utan så eksplisitte tekstar, så hadde vi kanskje vore meir i fare for at det skal kome ein etisk skiljeveg, seier Maria og legg til:

– Det vi gjer er ikkje mat for store plateselskap. Vi kjem truleg til å gå i dundrande minus med denne plata her.

Schnitzel og distriktet

Då bandet starta budde alle seks i Oslo eller Ås, men no er dei spreidde for alle vindar.

Synneva held til vanleg til på Ås, der ho er i innspurten på ei mastergrad i agroøkonomi. Silje og Thea bur begge i Aurland, der dei går på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Maria jobbar på Platebutikken Tiger i Oslo. Ylva held til i Lillehammer, der ho studerer lyddesign på Filmskulen, medan Inga tek ei mastergrad hjå Senter for utvikling og miljø hjå UiO og bur i båt i Frognerkilen.

Silje innrømmer at det tidvis har vore tungt å sitje i Aurland og skulle halde bandgnisten ved like.

– Vi er to stykker som spelar i bandet som bur her, men trommer og fløyte funkar ikkje så bra til øving, så det har vore litt vanskeleg å finne motivasjonen til tider.

Men så får dei til ei øvingshelg, og vert minte på kor kjekt dei har det og kvifor dei meiner det er viktig.

Foto: Maria Refsland

– Korleis vert det framover no, full guffe på musikken eller jobb ved sidan av?

– Dette er ein betent debatt, seier Synneva og ler.

– Eg snakka seinast på laurdag med nokre vennar av meg om dette, fortel Silje, som er ferdig utdanna frå landbruksskulen i mai.

– Eg fortalte om alle mine tentative planar, som det er eit par av, og til slutt seier eg: Det eg eigentleg skal verte er tverrfløyte rocke-artist.

Aller helst vil dei spele konsertar – i små avkrokar over heile Noreg, og gjerne også med ein svipp ut i Europa. Særleg innbyggjarane i Monaco treng høyre ein Sliteneliten-låt, men dei tek òg til takke med nokre tyske småbyar, der dei har sansen for norskspråkleg musikk:

– Det hadde jo vore moro å reise på turné uansett om det berre var fem folk vi spelte for, så kunne vi spelt og så ete schnitzel og fish and chips, fortel Maria og legg til at turnélivet fristar mykje for turen si skuld, men òg for spanande alternative spelestadar.

Draumen om å lage ost og musikk

Om dei skal drøyme om kvar Sliteneliten er om fem år, så har dei ikkje flytta inn i eit penthouse på Aker Brygge, men bur saman på ein gard i distriktet.

– Vi har dyr, ein grønnsakshage og noko utmark. Vi har ein støl der vi reiser om helgene og lagar ost, og sit på trammen og spelar musikk, medan lokalbefolkninga kjem gåande for å ete rømegraut, fantaserer Synneva. 

Sliteneliten Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

– Eg kan legge til at vi har gode avløysarar som kan passe på når vi skal på turné, skyt Silje inn. 

– Vi har bygd oss eit studio i bedehuset som følgde med garden. Då kan vi spele inn alle platene sjølv der, supplerer Maria. 

Latteren sit laust medan dei fabulerer om ei framtid der dei er både mat- og musikkprodusentar på fulltid.

– Eigentleg er dette ein annonse no, etter gardar som er ledige på bygda, seier Synneva.


Unni Wilhelmsen gav ut si første plate som 25-åring. Foto: Privat, Jenny Østgård. Kollasj: Framtida.no.