Då eg var 20: Unni Wilhelmsen jobba på kasino og fekk høyre at songstemma hennar skar i øyra

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 01.03.2021 11:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkte ikkje at eg skulle verte musikar, men eg visste eg var musikalsk. Det tvinga seg fram som ein uunngåeleg ting som eg skulle bruke all fritida mi på, men samstundes visste eg kor vanskeleg det var å livnære seg av musikk.

Det fortel Unni Wilhelmsen (49) på telefon til Framtida.no.

– Eg tenkte eg kunne leve av noko mykje streitare. Den innstillinga hadde eg heilt til eg vart oppringt av eit plateselskap som inviterte meg på kontoret sitt. 

Unni Wilhelmsen oppsøkte ikkje musikarkarrieren, men den fann ho likevel.

I år er det 25 år sidan hennar første plate, To Whom It May Concern, kom ut. Plata sikra ho Spellemannsprisen for Årets kvinnlege artist og Årets Album, og var starten på ein eventyrleg artistkarriere.

Unni Wilhelmsen henta heim to Spelemannsprisar for debutplata. Foto: Stian Gulliksrud / NTB / NPK

Til no har ho gjeve ut åtte plater, 100 songar og spelt 3000 konsertar. Men då ho var 20 år vegra ho seg framleis for å synge framfor andre.

Frå Günerløkka til Sagene

Unni Wilhelmsen er fødd og oppvaksen på Grünerløkka i Oslo. Då ho flytte heimanfrå for første gong, som 19-åring, gjekk ikkje vegen lenger enn til nabobydelen Sagene.

Der budde ho på ein liten hybel saman med papegøya si, og ei nabokonflikt ho hadde arva frå slekta. Ho hadde ikkje fjernsyn, men brukte heller den vesle fritida ho hadde til å høyre på musikk og klimpre på gitar.

Heilt sidan barndomen hadde ho høyrt mykje på det britiske bandet Talk Talk, og i 20-åra lytta ho mykje til Suzanne Vega og oppdaga Shawn Colvin for første gong:

– Det er kanskje det næraste eg kjem det uttrykket eg har inne i meg. Då vart det mykje studium av tekstar og melodiar, gitarspeling og stemmebruk, så eg høyrde mykje på ho. 

På veggen hadde ho hengt opp bryllaupsbilete av dåverande kronpris Olav og kronprinsesse Märtha. 1991, året då Unni Wilhelmsen fylde 20, var tilfeldigvis same året kong Olav gjekk vekk:

– Eg hugsar at bryllaupsbiletet ramla ned frå veggen den natta han døydde. Då visste eg ikkje at han var daud, men eg såg det på avisa til naboen om morgonen, fortel artisten.

Ho minnest at ho reiste til slottet med mor si, som ville ta avskjed med kongen, men det var så mange folk at dei vart ståande utanfor.

Bryllaupsbiletet til Kong Olav og dronning Märtha hang på veggen heime på hybelen til Unni Wilhelmsen som 20-åring. Foto: Akershusbasen/MiA – Museene i Akershus.

Grisemat og kasinoliv

Men det var ikkje mykje tid Unni Wilhelmsen rakk å bruke på hybelen sin, for størsteparten av døgnet var ho på jobb. Som 20-åring sjonglerte ho nemleg tre av dei.

– Jobbane passa tidsmessig, så eg arbeidde frå klokka 11 til 03 på natta, drog heim, sov og så på jobb att, minnest Wilhelmsen. 

Arbeidsdagen starta klokka 11, som museumsvakt på det dåverande Botanisk museum på Tøyen, før ho på ettermiddagen arbeidde i oppvasken på det gamle hovudkjøkenet på Rikshospitalet.

– Det var det du kan karakterisere som ein dritjobb no. Ikkje fordi det ikkje var kjekt, men fordi ein sorterer matbrett frå folk som er veldig sjuke, så det er ganske uapetitteleg det vi kunne få attende, seier Wilhelmsen, og legg til at restane vart grisemat.

Foto: Privat

Når arbeidsdagen på kjøkenet var over bytte ho til svart dress og kvit skjorte, og det var duka for dagens tredje jobb, som croupier på kasino.

– Der jobba eg fast i fem-seks år på litt forskjellige stadar i Oslo. Eg hadde faste bord, på alt frå strippeklubb til toppen av Plaza. 

Kvardagen gjekk i eitt, men om det var lite gjester på museet brukte Unni Wilhelmsen daudtida til å skrive tekstar kring det ho hadde opplevd dagen i førvegen. Dei særeigne menneska ho hadde møtt på på kasino, og alt ho hadde observert.

– Eg byrja gå på pianobarar og vart kjend med pianistane, som let meg kike i permane sine. Eg skreiv tekstar i ei handskriven bok som eg alltid hadde med meg. Den boka har eg enno, og i ho er 120 tekstar skrivne for hand.

Der lærte Unni Wilhelmsen mikrofonteknikk, skreiv låtar og vart modigare.

– Det var slik eg vart vaksen.

«Ho som er flink til å teikne»

Verken som 20-åring eller før drøymde Unni Wilhelmsen om ein artistkarriere, for ho lengta aldri etter eit publikum eller musikkmeldarar som skulle plukke låtane hennar frå kvarandre.

– Eg har hatt eit veldig sterkt og personleg forhold til musikk så lenge eg kan hugse. Men då eg var heilt lita, så trudde eg musikk var ei privatsak, og at alle hadde det same forholdet til musikk som eg.

Ho var ganske sky og musikken var noko ho pusla med i det stille. Den prisløna musikaren trudde då det var noko ein skulle halde for seg sjølv og ikkje prakke på andre.

På ungdomsskulen minnest Wilhelmsen å ha grubla over kva ho skulle ta seg til i livet.

– Eg har aldri vore den dummaste dama i klassa, og om eg ville verte snikkar eller jobbe med idrett eller verkeleg få dreisen på matte, så visste eg at eg var i stand til det.

Men ho tok utgangspunkt i det ho var flink til, der ho sat ved pulten sin og drodla.

– Eg teikna eit tre med tre greiner i matteboka mi, fortel ho.

– Den eine greina var idrettsgreina – okei, eg kan nok starte på idrettsgymnas og kanskje få stipend til USA for å spele tennis. Den andre greina var teikning, det alle trudde eg skulle satse på og meinte eg burde verte. Den siste var musikken, det ingen visste eg dreiv med, men som var det sterkaste for meg.

Unni Wilhelmsen har alltid teikna revyplakatar, framsidene på skuledagbøkene og vunne teiknekonkurransar: – Då eg vaks opp kjende alle meg som «ho som var flink til å teikne». Teikningar: Privat

Ho visste at ho ikkje kom til å verte advokat, lege, revisor eller kontorfullmektig. Det kom til å verte noko langs ei av desse greinene.

– Eg møter framleis folk som er litt snurt for at eg ikkje vart teiknar, at eg har kasta vekk eit talent på eit vis, seier Unni Wilhelmsen og ler.

– Men det styrte seg sjølv i og med at eg tok med gitaren på sykkelen ned til Skillingsborgen då det var open mikrofon. 

Unni Wilhelmsen har ikkje lagt teikninga heilt på hylla. Framleis trykker ho opp gamle teikningar, som ho pyntar eller fargelegg og sel anten i nettbutikken eller etter konsertar: Nokre gongar når eg reiser mykje har eg vore oppe og ramma inn 25 bilete på natta, fortel ho. Foto: Privat

Sølvguten seier songstemma skjer i øyra

Eitt av dei sterkaste minna hennar frå 20-åra er første gongen ho skulle syngje offentleg. Det hadde ho ikkje gjort sidan ho var på juletrefest i 4-årsalderen.

Det var 17. mai på Baronen og Baronessen, minnest Wilhelmsen, og ho hadde høyrt mykje på musikalen Porgy & Bess den siste tida. Ho hadde hengt seg heilt opp i ein av låtane:

Eg hadde nok drukke vin, og gjekk bort til pianisten og spurde om han kunne sangen. «Kva toneart?» spurde han. «Eg veit ikkje,» svara eg. Eg tok mikrofonen og song, og var skikkeleg skjelven etterpå.

Fram til då hadde Unni Wilhelmsen berre sunge om ho visste ingen lytta. Ho song ikkje ein gong heime, for naboar kunne høyre gjennom veggen.

Eit anna minne som sit att er frå arbeidsdagen på sjukehuskjøkenet. Medan ho arbeidde der melde ho seg ofte frivillig til å bere 60 liters dunkane med matrestar ned i kjellaren, for det var einaste staden kor det ikkje var andre folk, kor veggane vart tette og det var god akustikk.

– Medan eg tømte dunkane song eg så høgt eg kunne, utan å vere sjølvbevisst, utan at nokon høyrde på. Eg kan hugse at eg snudde meg brått, og i døropninga stod ein av mine eldste vennar, Rein Alexander.

Dei hadde kjent kvarandre sidan dei var 7 år gamle. Rein Alexander hadde tidlegare vore ein av Sølvguttene, så medan Unni Wilhelmsen på skulen var kjend som «teiknaren» var han «songaren». Dei to hadde eit hat/elsk-forhold på den tida, og visste kva knappar ein skulle trykke på for å irritere den andre.

– Han hadde følgt etter meg ned dit, og visste ikkje kva eg dreiv med. Han sa: «det skjer i øyra» då eg song. Eg følte meg så invadert – han hadde spionert og han var så flink å synge sjølv. Den gjorde litt ilt.

Framleis kan dei to vennane mimre tilbake på dette om dei møtest for å ete middag saman.

Det gjekk likevel ikkje lang tid frå Rein Alexander slengde med leppa til Unni Wilhelmsen song offentleg og fekk platekontrakt.

Ole i’Dole måtte overtale ho til å signere platekontrakt

– Eg hadde ingen draum om at nokon skulle oppdage meg, men det var jo det som hende. Det var ikkje noko eg hadde rekna med eller håpa på.

Gjetord om talentet Unni Wilhelmsen hadde nådd heilt til plateselskapet PolyGram og til Ole Evenrud, òg kjend under artistnamnet «Ole i’Dole».

– Då Ole sa til meg at «eg vil gjere ei avtale med deg», vart eg litt sånn: «Hæ? Eg veit at de vurderer 1500 menneske i året, og de kan signere tre. Det er ein ganske liten prosentdel. Skal de bruke ein av dei på meg?».

Ole Evenrud hadde stor suksess som artist før han vart rekruttert av plateselskapet PolyGram til å byggje opp deira avdeling i Noreg. Foto frå scena under Spellemannsprisutdelinga februar 1989. Foto: Tor Richardsen / NTB / NTB

Wilhelmsen var skeptisk, og uroa for at plateselskapet skulle leggje for sterke føringar på kva ho skulle gjere, korleis ho skulle låte, kva ho skulle ha på seg og kven ho skulle jobbe med.

Ole Evenrud måtte overtale ho til å få sende platekontrakta i posten, og Unni Wilhelmsen ringde musikarane ho kjende for å be om råd. Dei var samstemde: Ho måtte gjere det.

– Eg hadde flaks. Ole Evenrud, som vart min A&R, var popstjerne sjølv og visste godt korleis det var å vere på den andre sida av bordet. Han sørgde for at eg fekk ei kontrakt med gode vilkår, som let meg gjere det eg ville.

– Eg kunne nok fått eit mykje kjipare første møte med bransjen, seier Wilhelmsen som i dag driv sitt eige plateselskap, St. Cecilia Music.

Pianodraumen

Heilt frå starten av har det vore viktig for Unni Wilhelmsen å ikkje late seg blende av «ja-folk», som skryt av ho uansett om ho gjer feil eller ei:

– Eg må heile tida ta det folk seier til meg med ei klype salt og sørgje for mi eiga sanning, mitt eige innhald og produkt. Der må vere nokre ting eg ikkje endrar, sjølv om du jobbar i eit plateselskap.

Ho lyt sjølv sørgje for at ho ikkje er eit skjørt gullegg som knuser under press. Det lyt vere betong inni.

Det einaste ho ville råda seg sjølv til er å følgje betre med i musikkteoritimane og skaffa seg eit piano tidlegare.

– Eg ynskja meg piano då eg var 2 år, og då eg var 3 år, 4 år og 5 år. Men eg fekk beskjed om at det kan du berre gløyme. Det har vi ikkje plass til i 5. etasje utan heis på austkanten. Då eg var 35 år fekk eg eit stort piano på kjøkenet mitt, men då var det nesten for seint.

– Det kjem til å koste deg musikken

Om ho i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring, hadde ho fortalt at det kjem til å gå bra det her:

– Du kjem til å leve godt av det, men det kjem til å koste deg musikken. Det kjem til å koste deg mykje.

Ho høyrer sjeldan på musikk lenger, og vel heller å sjå dokumentarfilmar om korleis verda heng saman. Ho har fått sett verda på ein måte få gjer, men har samstundes gjeve slepp på tallause bursdagar og bryllaup. Ho kjenner dei lange arbeidsdagane og dei tusenvis av konsertane i ryggen og i skuldrene.

Unni Wilhelmsen har ikkje tenkt å gje seg som artist enno: – Eg håpar eg held ei stund til. Ho spelar framleis saman med Jo Nesbø og Di Derre, og då er festivalsommaren garantert, fortel ho. Foto: Gitte Johannessen / NTB Tema

No, under koronapandemien, er første gong ho har kjent på korleis det er å vere heime meir enn ein dag eller to før ho har måtta reise att.

– Det har vore deilig. Det er ganske ryddig i skuffer og skap no, for å seie det slik, seier ho og ler. 

Men ho hadde nok gjort det same ein gong til:

– Eg har tenkt at det aldri var noko eg valde, men eg har vore flink til å ta dei sjansane eg har fått. Dei som er logiske, solide, konstruktive for musikken min og der det er liv laga. Då har eg aldri lete toga gå frå meg.


Rein Alexander er no 48 år gamal, og lever ut draumen han hadde då han var tjueåring – songar på fulltid. Foto: Pressefoto / Privat