Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boy Pablo. Foto: Presse

Namn: Nicolas Pablo Rivera Muñoz

Kallenamn: Nico, Roy, Pablo, Nikito, Wachito, Boy, Muñoz

Fødd: 29.11.1998

Heimplass: Bergen

Vidaregåande skule: Kongshaug Musikkgymnas

Eg drøymde om å verte: Musikar/Fotballspelar

..og eg vart: Musikar


Eg er ein fotball-entusiast, som set pris på ein jækla god fotballkamp, der det ikkje går negativt utover Manchester United.

Eg meiner min beste eigenskap er å vere chill, men mamma seier det er å vere audmjuk.

Mi verste uvane er å vere altfor chill, og du ser meg aldri med ein kaffikopp i handa.

Eg vert alltid glad av ete ein god burgar, men å sjå United tape gjer meg eitrande forbanna.

Det beste rådet eg noko sinne har fått er: Bevar hjartet ditt framfor alt du bevarer, for livet går ut frå det.


Mine milepålar:

Spelt på Coachella, vunne ein spellemannspris, nesten blitt deportert frå Indonesia.

Første minne: Storebror som jagar meg i gongen i huset då eg var 2 år gamal.

Første forelsking: Elisabeth Økland.

Første kjendiscrush: Ingen.

Første yndlingssang: Get Back av The Beatles.

Første favorittrett: Albondigas, (heimelaga chilensk rett (kjøtbollar)).

Første mobil: Ein gamal Nokia eg arva av storebror.

Første gong du flytta heimanfrå: 15 år gamal då eg byrja på Kongshaug Musikkgymnas, flytta inn på internatet der.

Første gong du var full: Aldri vore full!

Første motetrend du omfamna: Rockestil. Dødstrange bukser og hettegenserar.

Første du samla på: Fotballkort! Hadde brasilianske Ronaldo på et tidspunkt, følte meg mad OG (Original gangster, red.anm.)

Første (sommar)jobb: Trommelærar på ein kulturskule.

Første ferietur til utlandet: Biltur til Spania då eg var sånn 4 år gamal med nesten heile familien.

Første sosiale mediet eg fekk profil på: MSN!

Kven vil du utfordre til å skrive i skuledagboka? Min gode businesspartner, Per, aka Kjartan Lauritzen.


Les også: Marlon (21) sin første kjendiscrush var Beyoncé

Marlon Langeland (21) i Skuledagboka. Foto: Kollasj/Privat