Victor Leksell fekk Nordens språkpris på Svinesundsbrua

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svenske musikaren Victor Leksell (23) prisen fekk «Svag»-hitmakkeren overrekt måndag midt på Svinesundsbrua – på linja som markerer grensa mellom Noreg og Sverige.

Hans svensk-norske artistkollega Elisabeth «Bettan» Andreassen overrekte språkprisen saman med mellom anna stortingspresident Tone Trøen, som også er leiar i Foreningen Norden.

– For ei ære! Å få ta imot same pris som Pippi Langstrømpe, «Skam», ein president og Timbuktu. Eg er utruleg takksam for prisen og ser fram til ei tid når grensene endeleg opnar og eg igjen kan reise og opptre i dei nordiske landa, seier Leksell i ein kommentar.

Artistkollega Elisabeth «Bettan» Andreassen var med på å overrekke Foreningen Nordens språkpris til Victor Leksell. Foto: Johnny Hyunh / presse

Skandinavisk rekordlåt

«Svag» er den mest spelte låten på Spotify i både Sverige og Noreg, og den mest spelte, skandinaviskspråklege songen nokosinne med over 115 millionar avspelingar.

Juryen trekkjer ifølgje pressemeldinga fram korleis «Svag» har inspirert tallause coverversjonar på dialekt i spennet frå bergensk, skånsk, austlandsk og til og med älvdalsmål.

– Gjennom hitlåten sin «Svag» har Victor Leksell sprengt språkbarrierar. «Du river mina murar» syng Leksell i refrenget og det er nettopp dette prisvinnaren har gjort med musikken sin. I ei tid med stengde landegrenser har Leksell vist samhaldet som finst i det kulturelle fellesskapet i Norden, seier juryleiar Trøen.

I sommar vart «Svag» framført på svensk og norsk av Victor Leksell og Astrid S – midt på same bru som Leksell no i desembergrått vêr fekk den gjæve prisen.

https://www.youtube.com/watch?v=s_PkXvkFBY4&ab_channel=NRKP3