Regjeringa opnar for bruk av munnbind på vidaregåande skular
Ein ny smittevernrettleiar for vidaregåande skular opnar for at skuleeigar og lokale helsestyresmakter kan vurdere bruk av munnbind utanfor undervisning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utanfor undervisning betyr til dømes til og frå klasseromma og i friminutt. Tiltaket skal vere eit ekstra smitteverntiltak for elevar og tilsette, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
– Dei eldste elevane har betre føresetnad for å kunne bruke munnbind riktig, og derfor kan munnbind utanfor klasserommet vurderast som eit ekstra smitteverntiltak. Til dømes kan det vere aktuelt i fellesområde der det lett kan oppstå trengsel, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).
Bruk av munnbind skal vere frivillig og bør delast ut gratis. Det skal ikkje vere eit alternativ til å halde avstand.
- Har du kontroll på dei siste smittevernstiltaka? Her får du oversikt over dei nasjonale råda og reglane!
Vernar trafikklyssystem
Smittevern på vidaregåande skular er ei utfordring, fordi elevane er eldre og samlar elevar frå eit større geografisk område.
Fram til no har det vore ein felles smittevernrettleiar for ungdomsskulen og vidaregåande, men no har sistnemnde fått ein eigen rettleiar. Rettleiaren er laga av Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Trafikklyssystemet med grønt, gult, og raudt tiltaksnivå blir bevart i rettleiaren for vidaregåande skular.
– Smittevernrettleiarane med trafikklyssystemet har gjort det meir føreseieleg og skapt ein struktur som er forståeleg, seier Melby.
Den nye rettleiaren skal gjere det enklare for skulane å følgje smitteverntiltaka.
- Les også om korleis det har vore å vere VGS-elev i koronaåret: Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams
Strengare raudt nivå
Rettleiaren er òg oppdatert med kunnskap om dagens situasjon når det gjeld smitte blant barn og unge med muterte virusvariantar.
Regjeringa justerte nyleg opp avstandsrådet til to meter i staden for éin. Dette gjeld derimot ikkje i skular og barnehagar, fordi det må vere praktisk mogleg å halde dei opne, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
I staden har dei prioritert å få ned talet på nærkontaktar.
Det blir innført strengare retningslinjer for kontaktar på raudt nivå. Talet på kontaktar elevane har på ei veke blitt halvert i forhold til gult nivå. Det betyr at klassane mange stader må delast i mindre grupper, eksempelvis i halve klassar, på raudt nivå.
Også rettleiarane for barnehage og barne- og ungdomsskule skal reviderast. Dei vil bli offentleggjort torsdag.
- Har du spørsmål om munnbind? Her får du svar på alt – frå korleis du brukar det, til kor ofte du må skifte og tips for korleis du hindrar brilledogg.
View this post on Instagram