Rekordlåge aborttal – FHI meiner korona har påverka
I fjor var det 11.081 svangerskapsavbrot. Det er det lågaste talet nokosinne, viser tal frå Abortregisteret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det har ein tydeleg samanheng med koronapandemien, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på nettsidene sine.
Det vart registrert 11.081 svangerskapsavbrot i 2020. Så lågt har aldri talet vore før. Til samanlikning var talet 14.675 i 2000.
– Hovudsakleg kjem nedgangen i talet på svangerskapsavbrot av at færre aborterer i aldersgruppa under 25 år, men det er ein fallande tendens i alle aldersgrupper, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret.
FHI meiner at avgrensa moglegheiter til samver under pandemien er ei av hovudårsakane til den store nedgangen, men har òg sett at unge er vorte flinkare å bruka prevensjon.
– Studier viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, seier Løkeland-Stai.