TV 2 nektar journalistar å skrive nynorsk: – Eit medium for dei bokmålsbrukande stadane

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.03.2021 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det at TV 2 har ein så tydeleg politikk på at dei ikkje slepp til nynorsken syner at dei ikkje ynskjer å vere eit medium for heile landet, men berre for dei bokmålsbrukande stadane, seier Gunnhild Skjold på telefon til Framtida.no.

Leiaren i Norsk Målungdom reagerer på at TV 2 ikkje let sine journalistar skrive nynorsk i nyheitsartiklar på nett.

Nyleg fortalde TV 2-journalist Karen Anna Kleppe (24) til Framtida.no at ho ikkje har løyve til å bruke sitt føretrukne skriftsspråk i nyheitsartikar på tv2.no.

– Eg skriv greitt bokmål, men det er jo ikkje språket mitt, fortalde Kleppe då.

– Det minste TV  2 kan gjere

Kringkastingsring-leiar Inger Johanne Ruset meiner det er rart at tv2.no ikkje er omfatta av kringkastingsavtala mellom TV 2 og staten, då nettsida allereie var i stor bruk då avtala vart inngått. Foto: Kringkastingsringen

Kringkastingsringen kallar forbodet avleggs, og meiner det vitnar om ein gamaldags tankegang hjå TV 2.

– Det er ein av kjepphestane våre at journalistar bør få bruke det språket dei føler at dei formidlar best på, og for mange er det nynorsk, seier leiar Inger Johanne Ruset.

Sidan 1. januar 2019 har TV 2 ei avtale med staten som kommersiell allmennkringkastar. I avtala er det eit krav at TV 2 skal nytte begge dei norske målformene, men avtala regulerer ikkje språkføring på nettsidene tv2.no. Avtala omfattar berre hovudkanalen til TV 2.

Både Kringkastingsringen og Norsk Målungdom meiner det er ei svakheit ved avtala at den ikkje stiller tydelege krav til kor mykje nynorsk kringkastaren skal bruke, og på kva plattformer.

– Avtala oppfyller ikkje intensjonen, slår Skjold fast. 

– Vi meiner det absolutt minste TV 2 kan gjere er å la journalistar som er nynorskbrukarar skrive nynorsk.

TV 2 diskuterer saka

I allmenkringkasterregnskapet frå 2019 står nynorsk nemnd berre fire gongar, der TV 2 peikar på programleiarar og nyheitsankarar som nyttar dialekt og nynorsk, i tillegg til nyheitsinnslag som er teksta på nynorsk.

Framtida.no har spurt nyheitsredaktør i TV 2, Karianne Solbrække, om følgjande:

  • Har journalistar hjå TV 2 løyve til å skrive nynorsk i nyheitsartiklar på tv2.no?
  • Kvifor kan TV 2-journalistar skrive kommentarar på nynorsk, men ikkje nyheitsartiklar?
  • Korleis påverkar det TV 2 sitt truverde som allmennkringkastar at de ikkje tillet nyheitsartiklar på nynorsk på nettsida tv2.no?

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2. Foto: TV 2 via Scanpix

I ein e-post svarar Solbrække:

«Vi har hatt som praksis at vi bruker bokmål i nyhetsartikler på tv2.no. På TV har vi en lang tradisjon selvsagt for nynorsk, og også dialekter. Kommentatorene våre kan skrive på nynorsk. Vi har gående en intern diskusjon i disse dager for veien videre, i takt med at tv2.no som nettsted vokser og blir stadig viktigere for flere.»

Gunnhild Skjold meiner det ikkje er godt nok at nynorskbrukarar berre får møte skriftspråket sitt på kommentarplass:

– Nynorskbrukarar les ikkje berre kommentarar, dei les òg nyheiter og det er rett og rimeleg at ein del av artiklane skal vere på nynorsk.

Departementet må stille strengare krav

Kringkastingsring-leiar Ruset rosar TV 2 for å ha vore ein føregangskringkastar på dialektbruk, men understrekar at det er trist at TV 2 held att når det kjem til skriftspråk, noko ho meiner svekkar deira truverde.

Ruset seier Kringkastingsringen vil følgje opp saka både hjå Kulturdepartementet og TV 2.

Departementet må tore å vere krassare og stille strengare krav til TV 2, for at dei skal få dei 135 millionane i året.

Helst ville Ruset sett eit liknande krav som hjå NRK, som er plikta til å ha 25 prosent nynorsk på sine plattformer.

– Så lenge departementet og TV 2 tenkjer dialekt er godt nok, kan ein vêrmeldar nytte dialekta si éin gong i året og kravet er oppnådd.

Saka er oppdatert med ei presisering om at kringkastingsavtala mellom staten og TV 2 berre gjeld hovudkanalen til TV 2. 


Eirik Faret Sakariassen er vararepresentant på Stortinget. No har han gjeve beskjed til stortingsreferentane om at han vil bli referert på nynorsk. Foto: SV