Vil ha meir nynorsk frå talarstolen på Stortinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Personleg er det fordi eg likar nynorsk, og fordi stavangerdialekta liknar på nynorsk. Og så er det fordi eg ønskjer å bli meir trygg på nynorsk, seier Eirik Faret Sakariassen på telefon til Framtida.no.

30-åringen frå Stavanger skal vera representant på Stortinget i to månader framover. Sist gong han var innkalla til Stortinget som vara, så blei han referert på bokmål.

– Den gongen var det eit ubevisst val, seier han.

No har han tatt eit medvite val om å bli referert på nynorsk.

Frå og med 1913 har stortingsrepresentantane fått velja om dei skal refererast på nynorsk eller bokmål.

Tidleg på 60-talet blei 25 prosent av representantane refererte på nynorsk, ifølgje Språkfakta 2020. I denne stortingsperioden er det 13 prosent av dei 169 representantane som blir refererte på nynorsk.

Eirik Faret Sakariassen oppmodar fleire av stortingskollegaene sine til å bruka nynorsk.

– Det er eit viktig signal å senda, seier han.

Nynorsk motvekt

Eirik Faret Sakariassen har sete i Stavanger bystyre sidan han var 20 år. Då han tok vidaregåande var han med på å starta elevmållag på Stavanger katedralskole.

SV-representanten frå Rogaland fortel at han har blitt utfordra av tidlegare SV-nestleiar og nynorskforkjempar Oddny Miljeteig til å bruka nynorsk. Han blei òg inspirert av ein tale forfattar Tore Renberg heldt på Kapittelfestivalen i haust.

– Då sa han: «Me seier ikkje «jeg» i Stavanger. Me seier «eg». Og me seier ikkje «vi». Me seier «me»». Då blei det så tydeleg for meg.

Eirik Faret Sakariassen er opptatt av at nynorsk har ein eigenverdi, og at det er ein identitetsmarkør.

– Det er eit vakkert språk og det er eit funksjonelt språk. Dessutan er det noko evig opposisjonelt ved nynorsken som eg blir tiltrekt av. Nynorsken representerer ei motvekt.

Det er ikkje sikkert tale til nynorsk-roboten blir sjåande slik ut, sjølv om han har dansk teknologi. Fotomontasje: Beate Haugtrø

Lærer robot å forstå dialekt

Før jul skreiv Framtida.no at det danske selskapet Dictus har fått i oppdrag å automatisera referatskrivinga frå stortingssalen med å bruka kunstig intelligens. Ved hjelp av kunstig intelligens skal alle talar og innlegg på Stortinget bli omsette til tekst.

Lydopptak i stortingssalen skal brukast til å trena språkteknologien til å forstå norske dialektar. Mangfaldet av dialektar i stortingssalen dei siste åra vil dermed påverka i kva grad tale til tekst-teknologien forstår norske dialektar.

– Viss eg kan koma med eit bidrag til det, så er det berre hyggeleg, seier Eirik Faret Sakariassen, og legg til:

– Det er veldig viktig å forstå stavangerfolk!

Sylvi Listhaug (Frp) blir referert på bokmål når ho talar på Stortinget. Foto: Stortinget

Færre refererte på nynorsk

Blant toppoltikarar som vaks opp med nynorsk på skulen, men som no blir referert på bokmål finn me blant anna 1. nestleiar i Framstegspartiet Sylvi Listhaug og KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.

– Eg bruker bokmål i det daglege når eg skriv og derfor er det mest naturleg, skriv Sylvi Listhaug i ein epost til Framtida.no.

– Kva er forholdet ditt til nynorsk no?

– Eg skriv nynorsk når eg får førespurnadar på nynorsk. Men eg har hatt bokmål som hovudmål sidan eg gjekk på vidaregåande skule.

– Som innvald representant for Møre og Romsdal på Stortinget – kan det bli aktuelt å byta over til nynorsk?

Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Astrid Waller/Regjeringa

– Eg har ikkje planar om det no, avsluttar Listhaug.

Kommunikasjonssjef Line Torvik ved Barne- og familiedepartementet skriv i ein epost til Framtida.no at statsråd Kjell Ingolf Ropstad har bokmål som eige skriftspråk, så dermed er det naturleg for han å bli referert på bokmål.

– Når det er sagt så er ikkje målform i stortingsreferata noko statsråden har hatt på sin dagsorden, og det er dermed ikkje vurdert, skriv ho.


Tore Renberg synest mykje er likt som da han byrja som forfattar for 25 år sidan. Han vaknar framleis om morgonen og gler seg til å skrive. Foto: Privat