Aina (24) er vald som ordførar i Hadsel: – Det held ikkje å berre applaudere dei unge

Rahman Chaudhry
Publisert
Oppdatert 13.07.2020 14:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein travel kvardag tek Aina Nilsen seg tid til ein videochat med Framtida. Frå og med 20. juli kjem kvardagen til å bli mykje meir travel for 24-åringen, som er den nye ordføraren i Hadsel kommune i Vesterålen. 

Det viktigaste fyrst. Kva synest Nilsen om ordførarkjedet? 

– Ordførarkjedet er veldig fint, men det er veldig, veldig tungt, ler Nilsen. 

Ho har riktig nok ikkje på seg ordførarkjedet nett enda. Nilsen er ikkje ordførar før 20. juli, men ho har allereie byrja å sjå for seg korleis dei fyrste dagane hennar som ordførar kjem til å bli. 

– Eg vil prioritere å møte folk, og prate med dei. Det blir viktig for meg å bli betre kjend med kommunen og innbyggararane. 

Hadsel – ein ja-kommune

Hadsel er, som Nilsen fortel Framtida, ein relativt stor kommune. Sjølv om kommunen har eit bysentrum, er næringa og folka godt spreidd utover. Kommunen har i overkant av 8.000 innbyggarar, og har eit mål om befolkingsvekst. 

Ho har lyst til å vere ein ordførar som er nære innbyggarane i kommunen, og som tenker nytt. Det meiner ho har prega dei tidlegare ordførarane i kommunen. 

– Hadsel treng ein ordførar som kjenner historia til kommunen, men som samstundes torer å tenke nytt, seier ho og legg til: 

– Det er det som har prega Hadsel, vi er ein ja-kommune og har proaktive ordførarar som torer å tenke nytt. Det kan ein sjå på mange av dei prosjekta vi har realisert – dei er unike for ein liten kommune. Dei hadde ikkje blitt gjennomført utan ordførarar som hadde tort å gjere det lille ekstra

Tidlegare Hadsel-ordførar Kurt Jenssen og ny ordførar Aina Nilsen på kommunestyremøte i Hadsel 19. juni. Foto: Hadsel kommune

Trur sjukepleiar-utdanninga vil vere nyttig

Nilsen er utdanna sjukepleier, og trur det vil kome godt med i den nye jobben som ordførar. 

– Eg er kjend med å ha ein arbeidskvardag med høgt tempo – eg kan snu meg fort. 

Ho legg til at ho også er kjend med å prate med folk, og meiner det er ein klar fordel. 

– Ein blir ganske god på småprat når ein er sjukepleiar, humrar Nilsen.

Kurt Jenssen, som er ordførar fram til 20. juli, søkte fritaking frå vervet grunna sjukdom. Det fekk han. 

– Då var det naturleg for oss i Senterpartiet, som er største parti, å fremje ein eigen kandidat, seier Nilsen.

Ho fortel at sjølv om ein tenker det er naturleg at varaordførar rykker opp, er den klare regelen at det er nyval om ein ordførar søker fritaking. 

– Så då forhandla vi med dei andre partia, seier Nilsen. 

– Og eg blei ordførar.

Ein av Noregs yngste

Aina Nilsen er nå ein av de yngste ordførarane i landet. Det er ho mildt sagt klar over sjølv. 

Sidan eg blei vald har det vore fokus på at eg er ung og kvinne. Det har vore ei kjensle av å få ein klapp på skuldra. 

Nilsen er oppteken av at ein ikkje berre skal applaudere unge politikarar, men ta dei på alvor. 

– Målet er uomtvisteleg at fleire unge skal bli engasjert. Da held det ikkje berre å seie «heia heia», ein må faktisk inkludere dei i avgjerder. 

– Til dømes kan ein gjere det ved å inkludere ungdomsråda reelt ved å møte dei der dei er. 

Kommunen med dei unge i

Men ein kjem ikkje utanom at det er noko spesielt med Hadsel kommune. I førre val var ordførarkandidaten til SV i Hadsel 18 år gamle Nilofar Nori, som var landets yngste ordførarkandidat. 21 år gamle Viktoria Høybakk var andrekandidat for Arbeidarpartiet, og 19 år gamle Erwin Teigen var ordførarkandidat for Framstegspartiet.

Partia i Hadsel kommune hadde mange unge politikarar høgt oppe på listene til kommunevalet 2019. Her er SVs ordførarkandidat Nilofar Nori, som då var 18 år gamal, FrPs ordførarkandidat Erwin Teigen, som var 19 år, og andrekandidat for Arbeidarpartiet, Viktoria Høybakk, som var 21 år i 2019. Foto: Privat, Facebook

Er det noko spesielt med Hadsel som gjer at unge politikarar både stiller til val og får posisjonar?

– Ja, kva er unikt med Hadsel, seier Nilsen.

– Vi har mange vaksne politikarar som er bevisste på å inkludere fleire unge. Vi satsar på dei og tek dei seriøst.

Nilsen hugsar at reaksjonane til var blanda då SV og Frp satte unge på topp. Mange heia dei fram, medan ein kunne lese i kommentarfelt at dei kom til å tape valet nettopp fordi dei hadde unge på topp.

Men ho seier at kandidatene deira stilte på same premiss og tok debattane like seriøst som toppkandidaten til Senterpartiet, som var 63 år og byrja på sin sjette periode.

– I Hadsel har vi ei haldning og grunnleggjande tanke om at ein ikkje berre skal applaudere ungt engasjement, men ta det seriøst, seier Nilsen.

– Så kanskje det er det som er spesielt med Hadsel?

 

Med 26.000 innbyggarar vert ny Alver kommune den fjerde største i Vestland fylke. 26 år gamle Sara Sekkingstad frå Senterpartiet vert ordførar for storkommunen. Foto: Senterpartiet