Ungdomspolitikar opplever hersketeknikkar: – Det er ein del av pakka

Rahman Chaudhry
Publisert
Oppdatert 03.08.2020 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Usynleggjering, latterleggjering, påføring av skuld og skam – du kjenner kanskje til dei ulike typane hersketeknikkar? Hersketeknikkane er til stades i kvardagen til dei fleste, og dei fleste har nok nytta ein teknikk eller to sjølv.

Å bli utsatt for ein hersketeknikk kan vere ubehageleg – særleg viss hersketeknikken kjem fra nokon som står over deg i eit maktforhold, til dømes om du er ein ungdomspolitikar som blir påført ein hersketeknikk av ein vaksen politikar.

Blir ungdomspolitikarar oftare utsette for hersketeknikkar enn vaksne politikarar? Tre ungdomspolitikarar deler sine erfaringar med hersketeknikkar, og korleis dei taklar det. 

Nicolai Østeby (17), ungdommens ordførar i Kristiansand, aktiv i Unge Høgre

Som ungdommen sin ordførar i Kristiansand, har Nicolai Østeby opplevd sin del hersketeknikkar. 

Nicolai Østeby er ungdommen sin ordførar i Kristiansand. Foto: Privat

– Det er trist at det er slik, men som ungdomspolitikar må ein berre forvente at det kjem hersketeknikkar, seier Østby. 

– Det er ein del av pakka – det er berre realiteten. 

Østby fortel at han ofte opplever mange av dei «klassiske» hersketeknikkane mot ungdom. 

– Som at ein er for ung og ikkje har nok livserfaring til å uttale seg om noko. 

Han er også aktiv i Unge Høgre, og meiner hersketeknikkar finst båe i partiorganisasjonen, og i offentlege organ. 

– I det offentlege er teknikkane kanskje meir «pakka inn», men dei er der framleis. 

Les også: Samfunnsdebattant Nancy Herz (24) om hetsen: – Tidkrevjande, energikrevjande og tappande

– Vaksne politikarar manglar rolleforståing

Østeby er klar på at det finst hersketeknikkar mellom vaksne også, men at dei gjer seg meir gjeldande når ungdomspolitikarar møter vaksne politikarar. 

– Eg trur at ungdomspolitikarar ofte står i eit skeivt maktforhold til vaksne politikarar, og at unge i denne konteksten opplever mange hersketeknikker, seier Østeby. 

Han meiner det er forskjell på at vaksne politikarar til dømes ler av kvarandre etter innlegg i bystyresalen, og når ein vaksen ler av ein ungdomspolitikar. 

– Då gjer det skeive makttilhøvet seg gjeldande. Då er det eit førebilete som ler av deg. 

Han trur mange vaksne politikarar må bli meir medvitne på korleis handlingane deira framstår. 

– Mange av dei lir av ein mangel på rolleforståing i desse tilfella

Sarah Safavifard (21), bystyrerepresentant i Oslo (SV)

Sarah Safavifard er tidlegare sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom (SU), og sit no som bystyrerepresentant i Oslo for Sosialistisk Venstreparti (SV). Over e-post fortel Safavifard Framtida at ho opplever hersketeknikkar frå eldre politikarar frå gong til anna. Ho seier hersketeknikkene deler eit par hovudtrekk. 

Sarah Safavifard er bystyrerepresentant i Oslo for Sosialistisk Venstreparti. Foto: Privat

«Dei situasjonene eg opplever hersketeknikkar i er som regel anten prega av at eldre politikarar føler seg utfordra fordi eg er ung, står over dei i «posisjon», er jente og har såkalla “minoritetsbakgrunn”,» seier ho. 

Safavifard vil ikkje seie at ho opplever hersketeknikkar hyppig, men at det hender. Ho seier det er i valkampar ho opplever flest hersketeknikkar. 

Har fått kommentarar på kor flink ho er til å snakke norsk 

Safavifard seier at dei vanlegaste hersketeknikkane ho opplever går på usynliggjering og umyndiggjering. Det trur ho er fordi ho er ung, og relativt ny i rolla som folkevald. 

«Eg trur eg òg opplever hersketeknikkar i kraft av å vere jente, fordi å vere sint politikar ikkje passar inn i ei typisk kvinneleg kjønnsrollenorm,» skriv Safavifard. 

Ho seier ho fleire gonger i valkampar har fått kommentarar på kor flink ho er til å snakke norsk. 

«Og i bystyret har eg i ei pause opplevt at nokon har tulla med kor integrert eg har blitt.»

Safavifard seier ho sjeldan opplever hersketeknikkar frå vaksne politikarar innad i SV. Det trur ho det er ein grunn til. 

«Det har blitt fokusert meir på hersketeknikkar gjennom formøte på årsmøta til Oslo SV og landsmøta til SV.»

Trur jenter er meir utsette

Safavifard er glad ho blei gjort medviten på hersketeknikkar då ho var fersk SUar.

«Heilt sidan mitt fyrste møte på ungdomsskulen har eg blitt gjort medviten om kva hersketeknikkar er, og kva ein kan gjere dersom ein møter dei,» skriv ho. 

Safavifard er redd for at hersketeknikkar kan sløkke engasjementet hjå unge. Ho trur spesielt jenter kan bli utsette for hersketeknikkar.

«Hersketeknikkar er dårleg feministisk praksis og eg trur dei særleg kan gå utover jenter, som òg har ein tendens til å bli heldt att av stereotypiske kjønnsroller». 

Sjølv taklar Safavifard hersketeknikkar med å prate med gode vener og kollegaer. Ho minner på at det enklaste kan vere å seie ifrå til nokon viss ein opplever ubehagelege hersketeknikkar, og legg til:

«Å seie ifrå sjølv er sjølvsagt også eit godt alternativ.»

Mansoor Hussain (21), leiar for AUF i Oslo og bystyrerepresentant i Oslo (AP)

Mansoor Hussain er leiar for Oslo AUF og bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Oslo. Han seier han ikkje sjeldan opplever hersketeknikkar frå vaksne politikarar i rolla si. 

Mansoor Hussain er leiar i Oslo AUF og bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet. Foto: Framtida

– Når du møter nye folk får du ofte slengd etter deg at du lir av «ungdommeleg mot», og at du burde vente til det er din tur, seier han. 

Han seier sjølv at han veit det ikkje er greit, men at han har byrja å slå att med hersketeknikkar når nokon nyttar dei mot han. 

– Det er ganske moro å sjå ein vaksen mann i 60-åra få ein hersketeknikk tilbake mot seg i offentlegheita for fyrste gong, ler han. 

Hussain seier også at dei vanlegaste hersketeknikkane går på at ein ikkje har kompetanse, og at ein ikkje har fortent posisjonen ein har. 

– Dei prøver å få deg til å tru at du berre er her fordi du er kvotert inn, ikkje fordi du har fortent det, og at du ikkje har noko reell makt, seier han. 

– Dei trur dei er høvdingar på småtua si 

Hussain si oppleving er at det store fleirtalet av vaksne politikarar i Arbeidarpartiet ikkje nyttar hersketeknikkar, men at det kan skje. 

– Det er ofte eldre menn som er vane med å tru at dei er høvdingar på småtua si, seier han. 

Hussain er bekymra for kva konsekvensar bruk av hersketeknikkar kan få for den unge generasjonen med politikarar. 

– Eg har vore med i AUF sidan åttende klasse, så eg har lært meg å hamle opp med dei, seier han, og legg til: 

– Men eg ser at nokre unge AUFarar blir redde for å ta ordet når dei blir sabla ned av vaksne menneske. 

Hussain fortel at det ofte har vore møter han i utgangspunktet ikkje skulle dra på, men som han har enda opp med å dra på likevel, fordi han veit at det er AUFarar der som treng støtte i møte med hersketeknikkar frå vaksne politikarar.

– Utan gode rollemodellar kan mange falle frå – då vil vi miste mange unge talent. 

Les også: Politikarar unngår å ytre seg av frykt for netthat

Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.