Frå neste skuleår tilbyr Frankrike gratis bind og tampongar til alle studentar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minister for høgare utdanning, Frédérique Vidal, har annonsert at det i dei komande vekene vil bi sett opp dispenserar for sanitetsprodukt i universitetsbustadane og ved universiteta sine helsetenester.

Frédérique Vidal annonserte 23. februar at det vil bli sett opp dispenserar med gratis bind og tampongar til alle studentar i Frankrike. Foto: Wikipedia

Det skriv mellom annna Le Monde.

– Vi siktar mot 1500 dispenserar og gratis tilgang ved starten av skuleåret, uttalar Vidal ifølgje France Inter.

1 av 3 treng hjelp

– Kampen mot menstruasjonsfattigdom, som gjeld éin av tre studentar, er ei kollektiv utfordring og eit reelt spørsmål om likestilling, skriv ministeren for høgare utdanning på Twitter.

Ho viser til ei undersøking utført denne månaden av den føderale studentforeininga i Poitiers og den nasjonale foreininga for jordmorstudentar.

Ifølgje undersøkinga treng éin av tre kvinnelege studentar i Frankrike hjelp for å kunne kjøpe bind og tampongar.

Dei franske studentane er hardt råka av koronatiltaka, og den franske presidenten har tidlegare innført måltid til éin euro og gratis psykologtime til studentane.

Innføringa av gratis sanitetsprodukt til studentar er eit ledd i kampen mot fattigdom blant unge.

Mensenfattigdom er ei global utfordring, vi ser det her i vesten og vi ser det i landa Care jobbar i. Tabu og økonomi gjer at jenter ikkje har moglegheit til å handtere mensen, seier generalsekretær i Care Norge Kaj-Martin Georgsen. Foto:Anna Ekre, Care Norge.

Care rosar Frankrike

At menstruasjonsprodukta no blir gratis meiner organisasjonen Care Norge er eit viktig tiltak mot menstruasjonsfattigdom.

– Det er utruleg bra at Frankrike tar tak i ei kvinneleg helseutfordring midt i ein pandemi, seier generalsekretær i Care Norge Kaj-Martin Georgsen i ei pressemelding.

– Vi veit at det finst mange studentar i Frankrike som ikkje har råd til bind og tampongar. Mensen bør ikkje gå utover verken skulegang eller moglegheita til å ha ein helt vanleg kvardag, understrekar generalsekretæren.

Global bølgje

Det siste året har ei rekkje land tatt grep for å tilby gratis eller billegare sanitetsprodukt. Skottland var først ute, og gjorde i fjor bind og tampongar gratis. Ved nyttår fjerna Storbritannia den såkalla «tampongskatten», og New Zealand har innført gratis bind og tampongar på skulen.

Her i Noreg bestemte Forsvaret nyleg at soldatane skal få gratis bind og tampongar.


Illustrasjonsfoto: Ibrahim Rifath og Michael Longmire/Unsplash. Kollasj: Framtida.no