Det kan bli munnbindpåbod på skular
Helsedirektoratet vurderer no om dei skal tilrå strengare smitteverntiltak på skulane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kan bli munnbindpåbod på skular
Det fortel helsedirektør Bjørn Guldvog til P4.
– Vi vurderer no om det skal bli påbode med munnbind på skular og om meteren må doblast, seier han til kanalen.
– Vi ønskjer å halde skulane opne, og då må vi gjere det på tryggast mogleg måte. Vi har enno ikkje konkludert, men vurderer skjerpa smitteverntiltak på skulen, seier Guldvog.
- Synest du det er komplisert med munnbind? Her er alt du treng å vite!
Se dette innlegget på Instagram
Mutasjon skapar bekymring
Det siste døgnet er det registrert 551 nye koronatilfelle i Noreg, og mange stader er muterte virus på frammarsj. Helseminister Bent Høie (H) er bekymra, og det same er Guldvog.
– Det er dessverre ein kraftig auke i smittetal. Det er særleg i Oslo og Agder at smitten aukar no, og dette er knytt til utbrotet av den britiske virusvarianten, seier han.

Helsedirektør Bjørn Guldvog er bekymra over smitteauken. Foto: Martin Solhaug Standal / NTB / NPK
Smitteauken kan føre til at andre tiltak kan bli skjerpa ytterlegare, ifølgje helsedirektøren.
– Det blir vanskelegare i vekene som kjem å halde smitten nede på eit lågt nivå og å ha kontroll på smittesituasjonen. Vi er avhengig av å forsterke arbeidet med testing og smittesporing, men det kan bli nødvendig å skjerpe smitteverntiltaka, seier han.