Studentar jobba mindre i fjor – men færre strauk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar jobba mindre i fjor – men færre strauk

Det har ikkje tidlegare vore registrert ein lågare strykprosent enn i fjor, frå 7,16 prosent i 2019 til 5,81 prosent i 2020, skriv Forskerforum.

Det var Khrono som først skreiv om saka.

Heller ikkje har så mange fått toppkarakteren A sidan ein innførte systemet med bokstavkarakterar i 2004.

Dei gode resultata kom sjølv om studentane i fjor brukte mindre tid enn før på studia, ifølgje tal frå undersøkinga Studentbarometeret.

Professor meiner at sensorane kan ha senka krava

Professor Kjetil A. van der Wel trur sensorane har vist godvilje. Foto OsloMet

– Eg trur undervisarane har stor sympati med situasjonen til studentane. Det er vanskeleg å vere student no, ikkje minst for dei heilt ferske. Eg ser ikkje bort frå at sensorane, som ofte òg er fagansvarlege, kan ha vist litt ekstra godvilje dette året, seier Kjetil A. van der Wel, professor i sosialpolitikk ved Oslomet.

Han trur òg at digital undervisning kan ha gjort det lettare for studentane, sidan dei har kunna sjå forelesingar om igjen, og dessutan at dei kanskje fekk meir arbeidsro av eit nedstengt samfunn.

Bachelorstudentar best

Ifølgje Khrono viser ferske tal frå universitet og høgskular òg at bachelorstudentane er dei som klarte seg best i koronaåret 2020, blant studentane som er i den avsluttande fasen av utdanninga.

På 13 av dei statlege studiestadene viser tala at det er fleire bachelorstudentar enn året før som fullførte på normert tid. Tala for master og ph.d.-utdanningane viser at studentane her slit litt meir med å fullføre på normert tid.

I koronaåret viser tala òg at hos dei private studiestadene fullførte 65,27 prosent på normert tid, hos dei statlege var prosentdelen 49,62. Det er ein auke på 2,3 prosentpoeng hos private og ein nedgang på 5 prosentpoeng hos statlege samanlikna med 2019.


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat