Dialektbobla på stølen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas første dialektleir

– Du halling, du halling no må du eta mykje graut. Med honning, med honning så blir du stor og staut, syng stølsbuarane i kor.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

Språkleg omvelting
Ein skulle ikkje tru det, men dei færraste rundt bordet pratar halling til vanleg. No er det og ikkje, på alle saman. 12 ungar i alderen 8-12 år har samla seg på det som truleg er verdas første dialektleir på Krosstølane i Hallingdal.

Opplæring i stølsliv vert kombinert med intensiv dialektøving. Elektriske morodingsar er bytta ut med dialektpermar. Dei som utmerkar seg med god dialektbruk får premie.

– Me har aldri høyrt om det før, så det er noko me har funne på, forklarar Sønnev Skrede i Hemsedal Mållag, som tok initiativ til leiren.

Dei unge hallingdølane har fått eit oppdrag. Klarar dei å lage til saman tolv stev i laupet av leiren skal stølseigar og dialektleirleiar Tori Snerte fortelje den skumle historia om den blå mannen – ei sann historie som ho ikkje har fortalt på åtte år, sidan ho vert så redd sjølv.

Grupper på to og to framfører hallingstev, om Harry Potter, om forelsking, om myggestikk og om alt som er godt – eller gøtt, som dei rettar seg sjølv til.

Lærarane rettar ikkje på grammatikk og inkonsekvens. Men om nokon gløymer seg, lagar dei snakketeikn med handa.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skrive på dialekt

Lærarane lærer
Systrene Amelia (12) og Elvira Gomez Snerte (9) pratar bokmål til vanleg.

I yngstemann sin klasse snakkar ingen halling, medan det er nokre få i klassen til Amelia.

Jentene er døtre av dialektlærar Tori, som eigentleg pratar ei nordnorsk dialekt. No har ho slått om til halling, i likheit med deltakarane.

Det same gjeld leirleiar Sønnev, som snakkar ei bokmålsnær dialekt til vanleg, sjølv om ho er oppvaksen i området. Det har ho til felles med fleire av ungane. For sjølv om alle borna har ein eller to foreldre som pratar halling, snakkar dei fleste bokmål på skulen.

Begge lærarane er tilknytta Kulturskulen.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm


Borna syng på halling, som om dei aldri har gjort anna. 

Velar med tølu
På dagtid er det halling, men seint på natt kan ei høyre ei stemme frå hemsen på stølsbua. Det er austnorsk. Når ho vaknar rett etterpå, er det attende til halling.

Flugene og stølen vaknar tidleg. Ungane er delt inn i ei fjøsgruppe, ei dyrestellgruppe og ei innegruppe, som steikar kvikaku på ei diger takke i kokhuset. Etter dagens plikter er det bisk – frukost.

Kvar dag kjem ein dialektlærar for å leia ein aktivitet og læra bort ord og uttrykk knytt til det. Dagen i forvegen har dei lært om tradisjonelle kvinnehandverk, som søming. I dag er det tølu – eller reiskapar, som står på planen.

Bonden Anders Olav Vøllo gjekk sjølv på skulen i området på 60-talet. Då var det mindre tilflytting og alle snakka halling, sjølv om det hendte at dei som hadde ei mor ”nerante frå meir urbane strok” prata litt finare.

Ein far, som gjekk på skulen i Hemsedal på 80-talet fortel at det den gong berre var kring 30 prosent av ungdommen som tala bokmål. No går dottera hans i ein klasse der ingen pratar halling. Sjølv er dottera Signe tospråkleg og pratar halling heime og bokmål på skulen.

– Eg tykkjer det er flott og tærigt at de er her oppe og lærar om halling, seier den lokale velaren – reperatøren – til ungane.


Anne og Ingvil sømar, medan dei ventar på at takka i kokhuset skal kjølast ned. 

Lett å gløyme seg
Mora til Ingvil Intelhus Markegård (9) frå Hemsedal vil at dottera skal verte stolt av dialekta si og staden ho kjem frå, men forventar ikkje at ho skal kome heim med hallingdialekt.

Ingvild snakkar bokmål både heime og ute, men har bestemt seg for å prøve og snakke litt meir hallingdøl, som istadenfor jeg.

– Småorda kjem naturleg, men eg brukar ikkje slike spesialord. Som når nokon skal sende meg kniven, då spør eg ikkje om dei kan sende meg jonji, seier Ingvild.

Men det hender likevel at ho gløymer seg litt, for det er annleis å snakke halling.

– Nokon starta å øve lenge før leiren, avslørar ho.

Forsvinnande dialekt
– Det finst nesten ikkje hallingdialekt igjen, seier Sønnev, som forklarar at det er noko av bakgrunnen for leiren.

Nokre av deltakarane, hovudsakleg dei frå Gol pratar halling på skulen. Tord Torsteinsud (8) frå Ål, er ein av desse sjeldne hallingsnakkande borna.

– Kor mange er det eigentleg i klassa di som pratar halling?

–Det er e. Og me er 17, svarar han enkelt.

Gardsguten har god peiling på reiskapane som vert synt fram.

– Dei er mykje flinkare enn eg hadde trudd. Dei har jo høyrt det mykje opp igjennom, så mykje ligg nok latent, seier leirleiar Tori, som ikkje trur at dialekta vil døy ut.


Dialektleirleiar og stølseigar Tori Snerte kan kunsten å lokke. I forgrunnen star dottera Amelia Gomez Snerte (12) og sømar. 

– Faneflukt frå dialekt
Kjell Snerte, leiar i Buskerud Mållag, meiner at leiren kan læra ungane at dialekt er eit heilt alminneleg språk dei kan prate om dei vil. Her meir uroa for hallingen enn dottera Tori.

– Som prognosane ser ut framover, er det ikkje så veldig lang tid før dialekta vil forsvinne, seier han på telefon til Framtida.no.

Situasjonen er uoversiktleg, men det er ingen tvil om at det har vore dramatisk nedgang for hallingdialekta frå foreldregenerasjonen til den oppveksande garde. Stadig fleire grender, bygder og skular vert heilt eller tilnærma dialektfri, forklarar Snerte.

– Blant dei unge er det ei faneflukt frå dialekt. Det er veldig vanskeleg for dei som vil nytta dialekt, fordi dei vert så få. Det har ikkje vore trendy, trass i at dialekt er populært i mellom anna visekulturen , seier Kjell Snerte, som nemner døme som Hellbillies og Stein Torleif Bjella. 

Men desse heltane er ikkje nok til å fenge dei yngste.

– Det har gått feil veg ganske lenge, men verken skulen eller barnehagane, har sett på det som si sak. Skriftspråk og talemål har vore eit ikkje-spørsmål i politikken, eit tabu nærast. Folk er redd for å trø nokon på tærne, seier Mållagsleiaren, som etterlyser meir medvite rundt hallingen.

Tilflytting får mykje av skulda. Han ser nynorskstoda i området i samanheng med situasjonen for dialekta. For eitt år sidan starta Buskerud Mållag opp det treårige prosjektet Hått halling, for å arbeide opp mot skular og ungdom.

Eit lyspunkt er likevel at nokre som vrakar dialekta i barndommen, finn attende til ho seinare. Det er ein identitetsmarkør.

På dialektleiren får ungane vitjing av ei dialektheltinne. Ålsbygding Ingunn Thon, kjent frå barne-tv, er på plass for å lage reportasje for Reiseradioen. Ho har vore sta og halde på hallingdialekta heile vegen.

I tillegg ventar hallingdølane besøk av NRK Super i tunet. Det er stas. 


Ingvil har kjølt seg ned i dusjen, medan Elvira og Eilev ventar på tur etter Amelia.

Hestesvallaren
Ingrid Kristine Eikre frå Hemsedal får pris for å ha svalla – snakka – halling med hesten. Ho trur ikkje heilt på at Gråen berre forstår halling, men det hadde vore litt kult.

Hesten får høyre, men då mora var innom dagen i førevegen slo 9-åringen om til bokmål.

– Det er litt flaut å snakka halling med mamma, seier Ingrid Kristine.

Mora er frå Gol og faren er frå Hemsedal og dei pratar båe dialekt, men Ingrid Kristine trur det var lettare då foreldra var små – fordi fleire prata halling.

På stølen er det ikkje flaut å prata dialekt.

– Her gjer alle det. Dette er ein dialektleir der det er meininga me skal gjere det. Det gjeld alle saman, då er det ikkje så skummelt. Det føles som om eg har prata slik heile livet, seier Ingrid Kristine – på halling såklart.


Ingrid Kristine (9) har full kontroll på Gråen, som berre skjønar halling. 

Faktaboks

Hallingord:

Jonji – bordkniv

Segafu – treiging (bokstavleg: ein som er sidrompa)

Spetu – strikkepinnar

Prønu – knappenåler

Tølu – verktøy

Ambø – reiskap

Kælsask – kjerald til kalvedrikke

Pisseask – potte

Vandelepe – ein som er kresen på mat

Tærig – fin, bra

Skriput – bortskjemd

Staurstøng – spett

Søvarsu – sovegris, sjusovar

Væten – vinteren

Preinast – krangle

Tint – flaske

Høkji – stav med krokut handtak

Pelementu – skøyarstrekar

Buldre i blenken – leike gøymsel

Sjeldri – bilete