– Det trengst ein ny politikk for ungdom i distrikta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

21-åringen frå Sogndal er ein av 10 ungdommar i alderen 14–22 år som i fjor blei plukka ut blant over 100 ungdommar til å vera med i det regjeringsoppnemnde distriktspanelet for ungdom. Panelet skal koma med innspel til regjeringa om korleis distriktspolitikken bør vera i framtida.

Fredag møtte Hans Christian Knudsen, som representerer Vestland fylke, samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H), for å diskutera samferdsel i distrikta. Også Nikola Bileska (15) frå Møre og Romsdal, var med på møtet.

Betre samferdsel mot einsemd

Betre samferdsel i distriktet er eitt av dei førebelse forslaga ungdomspanelet meiner det er viktig å gjera noko med.

– Når det gjeld samferdsel i distriktet er det ofte svært få bussavgangar og høge prisar. Dette skaper generelt ei kjensle av isolasjon, fordi ein ikkje kjem seg rundt, seier Knudsen.

Han peikar på at ungdom ofte ikkje har tilgang til bil og at ein difor er heilt avhengig av eit kollektivtilbod som kan ta vare på behova deira.

Undersøkingar om ungdom i distriktet, viser ifylgje Distriktssenteret at mange ungdommar kjenner seg einsame. Knudsen meiner det heng saman med at det både er langt til skule, venner og kameratar.

Han er difor glad for at dei to statsrådane viste stor støtte for forslaga om betre samferdsel som kan gjera det lettare å koma seg rundt distrikta.

– Samtidig trengst det nok ein djupare diskusjon om kostnader. Men alt i alt opplevde vi ei støtte for dei tiltaka vi snakka om.

Ti forslag til ny politikk

Til saman skal Ungdomens distriktspanel til våren leggja fram 10 forslag til ny distriktspolitikk som skal gjera det lettare for ungdom å busetja seg i distrikta. Hans Christian Knudsen håpar forslaga blir følgde opp på ein god måte.

– Eg håpar dette blir noko ein kan jobba vidare med, uavhengig av kven som sit i regjering og at det faktisk blir ein politikk for framtida, seier han.

Dette er deltakarane i Ungdommens distriktspanel. Foto: KMD

Bekymra for sentralisering

Sjølv sit han i kommunestyret i Sogndal for SV og er andrekandidat for Sogn og Fjordane SV til stortingsvalet. Han håpar difor på ei raud-grøn regjering og er heilt klar på at det trengst ein ny distriktspolitikk.

– Gjennom folketalsutviklinga dei siste åra ser vi at det har blitt ei stadig større sentralisering til byane, og då særleg blant unge. Unge flyttar ut og kjem ikkje tilbake.

Sjølv er han bekymra for utviklinga. Dersom den same sentraliseringstendensen held fram, er han redd det vil føra til at mange lokalsamfunn i distrikta blir borte og ungdom i framtida berre vil bu i større byar.

– Treng ny kurs

Dette håpar han innspela til Ungdommens distriktspanel kan vera med å retta på.

– Eg håpar dei forslaga vi legg fram, fører til at ein får fleire tiltak å arbeida med for å kunne vri om på den utviklinga vi ser i distriktet.

Han minner samtidig om at Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet har arbeidd parallelt med eigne distriktspolitiske tiltak.

– Håpet er at dette saman kan føra til ei omvendt utvikling for distrikta, seier Hans Christian Knudsen.

Lite informasjon om distriktsungdom

Anne Irene Myhr er seniorrådgjevar hjå Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret

I samband med arbeidet til Ungdommens distriktspanel har Distriktssenteret arbeid mykje med å skaffa kunnskap og informasjon om ungdom i distriktet.

– Då vi starta fanst det svært lite informasjon om distriktsungdom, seier rådgjevar Anne Inre Myhr ved Distriktssenteret som koordinerer arbeidet til senteret med Ungdommens distriktspanel.

Det siste året har senteret gjort mykje for å retta på dette. Men framleis er det ein stor jobb igjen å gjera, meiner Myhr.

– Det er behov for meir kunnskap om distriktsungdom, og det er eit stort behov for at kommunar og fylkeskommunane tek kunnskapen i bruk, slår ho fast.


Syvert Emelius Furholt. Foto: Privat