Rekordstor utflytting frå Oslo

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av april, mai og juni var det ei netto utflytting frå Oslo på 2124 innbyggarar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har aldri registrert større netto utflytting frå Oslo i noko kvartal i løpet av dei siste 23 åra dei har tal frå.

Den koronaråka hovudstaden opplever ein stor nedgang i innvandringa, kombinert med auke i utvandring til utlandet og auke i utflytting til andre kommunar i Noreg, ifølgje nye tal frå SSB.

– Innvandringa har nesten stoppa opp

– Veldig mykje av nedgangen skuldast at innvandringa nesten har stoppa opp, medan det er ein auke i utvandringa, seier førstekonsulent ved SSB, Magnus Haug på telefon til Framtida.no.

Han fortel at Folkeregisteret har gjort nokre oppryddingar som gjer at nokre fleire er registrert som flytta til utlandet i sist kvartal.

Med eit fødselsoverskotet på 1553 i hovudstaden, endar folketalsnedangen i Oslo på 571 innbyggarar. Det er likevel størst nedgang i folketalet i Noreg sist kvartal.

Rekordlåg folkeauke

Noreg hadde ein folkeauke på 2 500 i 2. kvartal. Det er den lågaste kvartalsvise folkeauken SSB har registrert sidan statistikken vart oppretta i 1997.

Fleire disitrikskommunar og kommunar rundt dei store byane opplever samstundes auke i folketalet. Lørenskog toppar lista over kommunar med auke i folketalet på 404 fleire innbyggarar.

Innanlands flytting går nesten som normalt, trass koronasituasjonen.

– Eg er overraska over at den ikkje har stoppa meir opp, seier Magnus Haug i SSB til Framtida.no.

Desse kommunane mista flest innbyggarar i andre kvartal 2020:

  1. Oslo: – 571
  2. Trondheim: – 479
  3. Bergen: -445
  4. Tromsø: -303
  5. Ås: -191
  6. Stavanger: -149
  7. Lillehammer: -131
  8. Kristiansand: -118
  9. Gjøvik: -105
  10. Midt-Telemark: -93

Kjelde: SSB