Tidlegare Høgre-politikar foreslo skotpremie på Senterungdommen

Sentergungdommen vil ha lisensjakt på ørn. Tidlegare Høgre-politikar Henning Warloe svara på X med forslag om å vurdere skotpremie på Senterungdommen.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Dei siste dagane har det vore ei rekke ørneangrep på både barn og vaksne, rundt om i landet.

I eit innlegg om angrepa i Dagsnytt 18, var mellom anna Andrine Hanssen-Seppola som er leiar for Senterungdommen. Ho meiner at ørnebestanden i Noreg må ned og tek til orde for lisensjakt på ørn. Lisensfelling vil seie at ein bestemmer at ein kan drepe eit bestemt tal dyr av ein art, for å hindre skadar.

– Vi er tydelege på at beitedyr og menneske ikkje er noka buffet for ørna, så lisensjakta er langt på overtid å innføre, sa ho mellom anna i sendinga.

Senterungdom-leiaren meiner at det handlar om framtida til beitenæringa og tryggleiken til folk, og at både WWF og Rovdata seier at levestanden av kongeørn i Noreg er levedyktig.

Kongeørn har vore overvåka sidan 70-talet og ifølgje ørneekspert Alv Ottar Folkestad som også var med i programmet, har bestanden ikkje auka dei siste 15-20 åra.

Skotpremie på Senterungdommen

Utspelet har mellom anna fått tidlegare stortingsrepresentant og Høgre-politikar Henning Warloe til å reagere.

«KANSKJE MAN burde vurdere skuddpremie på medlemmer av Senterungdommen?», skreiv han på X etter sendinga.

– Eg blei veldig sett ut då eg las det. Han gjekk langt over streken i sine trugslar og eg synest det her er ganske motbydeleg, seier Hanssen-Seppola til VG. Ho meiner valdsretorikk ikkje høyrer heime nokon stad, og vil melde saka til politiet.

Andrine Hanssen-Seppola er leiar i Senterungdommen.

– Alt liv er like verdifullt

Warloe meiner det ikkje er ein drapstrugsel, og seier til VG at han speler på valdsretorikken til Senterungdommen som vil drepe ørn.

– Eg meiner alt liv er like verdifullt. Då bør ho lytte til seg sjølv. Å gjere billige politiske poeng om tragiske saker som dette ørneangrepet, synest eg ingenting om. Det er både flaut og pinleg, seier han til VG.

Han poengterer at ørn er eit freda dyr, og meiner det er provoserande med folk som vil ta livet av dyr.

– Ikkje gøy humor

–Dette er ikkje gøy humor, uavhengig av kor usamd ein er med folk. Du bør slette, skriv Astrid Hoem, leiar for AUF i kommentarfeltet på X.

Til VG seier ho at ho er usamd med Senterungdommen i saka, men minner om historikken Noreg har med vald mot ungdomspolitikarar, og at ein bør halde seg for vaksen for slike kommentarar.