Arbeid, buss og møteplassar – slik vil nordiske ungdommar lokke unge til bygda

Det er fint at unge flyttar ut av heimbygda si, meiner Ingebjørg Flyum Bjørlo. Men det må bli lettare og meir attraktivt å komme tilbake.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg meiner ein skal kunne bu kor ein vil, og leve livet sitt i heile landet, utan å miste moglegheiter fordi ein ikkje bur nær ein stor by, seier Ingebjørg Flyum Bjørlo (23). 

Forskingsinstituttet Nordregio har samla 25 nordiske ungdommar mellom 18 og 25 år for å drøfte korleis ein kan gjere distriktet meir attraktivt for unge. Resultatet er ein rapport med 40 forslag til konkrete tiltak til lokalsamfunna.

Hovudtiltaka er:

  • Transport: Tilgjengelege og effektive transportalternativ.
  • Bustad: Rimelegare og meir varierte alternativ for bustad.
  • Utdanning: Tilgjengelege og dynamiske utdanningsmoglegheiter på alle nivå, med klare tilknytingar til den lokale arbeidsmarknaden.
  • Arbeid: Synleggjere eksisterande og potensielle moglegheiter i den lokale arbeidsmarknaden.
  • Psykisk helse: Tilgang til trygge rom og verktøy som gjer det mogleg å drøfte psykisk helse, og tilgang til fritidsfasilitetar.
  • Møteplassar: Finansiering av offentlege møteplassar og initiativ til sosialt engasjement
  • Kommunikasjon: Møte og nå ungdommane på eigne premiss, med deira eige språk og på deira platformar.

Ingebjørg Flyum Bjørlo var ein av to norske representantar i gruppa.

Håpar at ho kan flytte heim

Bjørlo er i dag Venstre-politikar i bydel St. Hanshaugen i Oslo, men har tidlegare sete i kommunestyret i Stad i Nordfjord i Vestland.

Ho var sjølv vitne til at mange på hennar alder valde å flytte ut av heimbygda, hovudsakleg for å ta utdanning. Viss ein då får seg jobb, nettverk og kjærast i byen, kan vegen tilbake til heimbygda fort verte lang.

– Mange veit ikkje nok om jobbmoglegheitene som finst heime, og så trur eg at mangel på bustad er ein viktig grunn til at folk ikkje flyttar tilbake til bygda, seier ho.

Sjølv om ho no sjølv har flytta til storbyen, og tenker å bli verande der ei stund, håpar ho at ho ein gong kjem til å flytte heim att. Mellom anna fordi ho har odel på ein gard.

– Treng litt urbanisering

Bjørlo tok med seg viktige perspektiv frå heimstaden sin inn i arbeidet i panelet. Ho jobba sjølv med temaet då ho sat i Stad kommunestyre.

– I Stad har vi alltid fokusert på å vere ein attraktiv stad å flytte tilbake til. Vi har hatt folketalsvekst nesten kvart kvartal dei siste 6–7 åra, seier ho.

Kommunen har mellom anna hatt god suksess med Norfjordakademiet, som koplar heimbygdingar og andre som ønsker å flytte til regionen, med lokalt næringsliv og utdanningsinstitusjonar. Bjørlo meiner det er avgjerande å synleggjere kva moglegheiter som finst lokalt.

– Dessutan treng ein litt urbanisering også på bygda. Ein treng kaffibarar og kulturliv, og må ikkje skyve vekk tankane om det fordi at det er urbant, slår ho fast.

Bjørlo legg ikkje skjul på at det er eit omfattande og komplekst problem å ta fatt på. Men ho trur ein nøkkel er å jobbe for å rekruttere engasjerte lokalpolitikarar med store håp og draumar – og ikkje minst for at ein held på engasjementet. Ho meiner også at meir pengar til kommunane frå staten hadde hjelpt, så kommunepolitikarane får gjennomført kule prosjekt og visjonar.

– I lokalpolitikken jobbar stort sett alle for dei same måla. Ein treng litt meir fridom til å vere idealistar, meiner Bjørlo.

40 tiltak

Det nordiske ungdomspanelet for distrikta har laga ei liste med 40 tiltak som kan bidra til å gjere distriktet meir attraktivt for ungdom og unge vaksne.


– Sunt med nye impulsar

I innleiinga til rapporten står det at mange unge ikkje ser ei framtid for seg sjølv i distriktet, og at bygda vert skrive ut av fortellinga om karriere, draumar og tilfredsstillande liv.

Bjørlo opplever ikkje desse haldningane i stor grad på heimstaden sin, men at ho høyrer det mykje frå folk som kjem frå andre stader i landet.

– Eg opplever at mange ønsker å flytte tilbake til Nordfjord – og har gjort det. Det er kjempehyggeleg! Men eg har også møtt mange i byen som kjem frå ein liten stad, som har hatt som sitt største mål i livet å komme seg vekk derifrå – og det er også heilt lov, slår ho fast.

For ho meiner ikkje det er negativt i seg sjølv å flytte frå bygda, anten det er på grunn av utdanning eller kultur.

– Det er fint at folk flyttar ut. Det kan vere vel så bra som at ein blir verande. Det er sunt å bu andre stader og få litt ulike impulsar. Men det bør vere veldig lett å flytte heim att, eller å flytte til nye stader i distriktet, meiner ho.

Sjølv synest ho det mest attraktive med bygda dreier seg om menneska. Kjensla av å vere del av eit lite samfunn der alle kjenner alle, der du møter kjende på butikken, og der folk kan spele på kvarandre.

– Treng ein sterk distriktspolitikk

Erling Sande (Sp) er kommunal- og distriktsminister i Noreg. Han slår fast at det aller viktigaste for utviklinga i Distrikts-Noreg er at ungdomen trivst og har eit godt liv i distrikta. Han trur ikkje biletet av at ungdommen ikkje ser for seg ei framtid på bygda, er heilt rett.

– Eg trur tvert om at mange unge ønsker å bu på bygda, fordi dei vil ha nærleik til naturen og til gode og nære lokalsamfunn, skriv han.

Han påpeiker at digitalisering og omlegging til ein grøn økonomi gjer det lettare å bu lokalt, men samstundes ha heile verda som arbeidsplass.

– Men for at dette faktisk skal skje, treng vi ein sterk distriktspolitikk som gir unge moglegheit til å utdanne seg i distrikta, jobbe desentralisert, og ikkje minst ha tilgang til høghastigheits breidband og varierte arbeidsplassar. Regjeringa vil gjere det vi kan for å gi ungdom moglegheit til å velje eit godt liv nært naturen i norske distrikt, for dei som ønsker det, skriv han.

Erling Sande (Sp) er kommunal- og distriktsminister. | Foto: Stortinget

Sande skriv at han er svært nøgd med at råda frå dei nordiske ungdommane samsvarar med råda frå ungdommens distriktspanel, og mykje av distriktspolitikken til Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Bustad, samferdsle og statlege arbeidsplassar

Delar av distrikta slit med utfordringar knytt til ei pågåande eldrebølge og mangel på unge arbeidstakarar. Sande slår fast at demografiutfordringane ikkje let seg løyse utan at fleire unge ønsker å leve liva sine i distriktet.

– Vi må difor gjere det attraktivt for ungdom å flytte og busette seg i distrikta. Regjeringa vår har, i motsetnad til den førre, eit klart mål om å auke folketalet i norske distriktskommunar, skriv han.

Sande meiner det er summen av tiltaka som er avgjerande, men trekker særleg fram bustad, samferdsle og desentraliserte statlege arbeidsplassar. Han slår også fram at stat og kommune må samarbeide godt om tematikken.

– Hovudregelen vår er at nye statlege arbeidsplassar skal leggast utanfor Oslo eller andre store byar. Vi har også prioritert gratis ferje til mange lokalsamfunn langs kysten. Eg er heilt einig med ungdommen i at slike tiltak er viktige grep for å sikre vekst i distrikta framover, skriv han.


Amalie Fure (18) fotografert på verandaen heime i Selje. Foto: Privat