Regjeringa ber bygdeungdom om råd til ny distriktspolitikk
Kva skal til for at unge vil bu, arbeide og investere framtida si på bygda? Ti ungdomar får gi regjeringa råd, når ein ny distrikspolitikk skal lagast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa la fredag fram ei ny stortingsmelding om distriktspolitikk. I det arbeidet vil regjeringa ha unge stemmer med.
– Viss distrikta skal vere gode stader å bu i også framtida, må unge som veks opp på bygda, ha lyst til å investere framtida si der. Derfor inviterer regjeringa ti ungdommar til å gi oss ti konkrete råd til korleis vi kan gjere det attraktivt å bu og arbeid i distrikta, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) til NTB.
Frå kvar region
Ungdommanes distriktspanel skal bestå av ungdommar frå kvar av dei ti regionane i landet. Våren 2021 skal gi dei gi regjeringa ti råd om distriktspolitikken i framtida. Panelet skal samlast fleire gonger i regi av Distriktssenteret og vil samarbeide tett med dei kommunale og fylkeskommunale ungdomsråda.
– Vi startar rekrutteringa no og håper mange vil melde seg på, seier Mæland
Målet er at panelet skal vere på plass til jul.
– Ungdom veit korleis det er å vekse opp i dag og er ekspertar nettopp på å vere ung. Vi treng perspektivet til bygdeungdommen. Dei som blir valt ut, får ei unik moglegheit til å påverke distriktspolitikken i framtida, seier Mæland.
Les også: Undersøking: Kollektivt tek lang tid i distrikta
Vil teste ut ny politikk
Den nye stortingsmeldinga har fått namnet «Levande lokalsamfunn for framtida». Mæland seier distrikta står overfor krevjande utfordringar i åra som kjem.
– Befolkninga blir eldre, og det blir færre i arbeidsdyktig alder bak kvar pensjonist. Bedrifter og kompetansearbeidsplassar i distrikta opplever at det er vanskeleg å tiltrekke seg fagfolk. Lokalsamfunn må omstille seg. Derfor skal regjeringa gjennomføre ei rekke tiltak, seier ho.
Mæland opplyser at det skal startast fleire pilotar for å teste ut ny politikk. Den eine skal sjå på korleis ein kan kople etterspørselen frå arbeidsgivarane etter kompetanse med eit tilpassa utdanningstilbod i distrikta. Den andre skal teste ut samlokalisering av statlege arbeidsplassar i «Statens hus».
Regjeringa set òg ned to offentlege utval. Eitt skal greie ut kva for utfordringar distrikta står overfor med ei stadig aldrande befolkning. Eitt anna skal sjå på tydinga næringslivet har for levande og berekraftige lokalsamfunn i distrikta.
Vil ha fleire samanslåingar
Regjeringa har vorte skulda for å drive ein sentraliserande politikk, mellom anna gjennom samanslåingar av kommunar og regionar.
Mæland varslar no at dette arbeidet vil halde fram.
– 47 samanslåtte kommunar står i dag sterkare enn tidlegare i kampen om å tiltrekke seg den arbeidskrafta dei har bruk for i åra som kjem. Regjeringa held fram arbeidet med å legge til rette for fleire kommunesamanslåingar gjennom positive insentiv og verktøy for gode lokale prosessar. Sterke kommunar og regionar er nødvendig for å kunne tilby tenester med god kvalitet i heile landet, seier ho.