Politikk og samfunn

«Vi drøymer om ei framtid der kvar jente i Afghanistan kan bevege seg fritt til skulen»

– Som tusenvis av andre jenter i Afghanistan har eg vorte tvinga til å setje utdanninga på pause og bli heime, skriv ein kvinneleg avgangsstudent. Erfaringane i dette innlegget er samla inn, omsett til norsk og samanstilt av organisasjonen Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

Tre anonyme afghanske studentar og SAIH
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Dei tre afghanske studentane er anonyme, men Framtida kjenner identitetane deira.

Dette innlegget vart fyrst publisert i Khrono og er omsett til nynorsk og attgjeve med løyve.

«I Afghanistan blir draumane til tallause unge jenter kvelt under vekta av eit undertrykkjande regime som bruker kvinners rettar som eit våpen for maktutøving, og som viser verda at dei kan handle ustraffa.»

Dette er orda til ein kvinneleg student i Afghanistan. Som alle andre kvinner i akademia vart ho kasta ut av universitetet av Taliban i desember for to år sidan.

Kjønnsapartheid innan utdanning, innført av Taliban, har sidan då etterlate seg 1,5 millionar jenter og unge kvinner utan tilgang til grunnskule, og over 100 000 kvinnelege studentar utan tilgang til høgare utdanning.

I tillegg, etter ei rekkje nye lover i august, er det no forbode for kvinner å snakke eller vise ansikt offentleg.

I aktiv opposisjon til det diskriminerande systemet held tre unge studentar fram utdanninga si i skjul, gjennom eit digitalt universitetsprogram.

Ein kritisk situasjon

No vil dei bruke stemmene sine for å rope til verda, til alle oss. Ein av dei skriv:

«Vi nektar å vere tause. Stemmene våre kan vere dempa, men viljekrafta vår er urokkeleg. Vi drøymer om ei framtid der kvar jente i Afghanistan kan bevege seg fritt til skulen, der vi kan lære utan frykt og kan aspirere til stordom utan trussel om vald eller undertrykking.

Situasjonen for kvinnelege studentar er kritisk. Vi ser søstrene våre, døtrer og venner bli tvinga til å bli heime medan potensiala deira blir kasta bort, og deira håp for ei lysare framtid blir sløkt. Dette er ikkje berre ei lokal krise; det er ein global tragedie. Den øyredøyvande stilla og den mangelfulle handlinga frå det internasjonale samfunnet styrkjer berre dei som ønskjer å halde oss nede.»

Ambisjonar på vent

Ein annan student skriv:

«Før Taliban tok over landet mitt, studerte eg ei bachelorgrad i informatikk ved eit av universiteta i Kabul. Eg hadde ein draum om å bli uavhengig – både økonomisk og intellektuelt – slik at eg kunne bidra til familien min, samfunnet mitt og landet mitt.

I dag kjennest den draumen fjern. Som tusenvis av andre jenter i Afghanistan har eg vorte tvinga til å setje utdanninga på pause og bli heime. Klasseromma våre er stengde, ambisjonane våre sett på vent. Denne situasjonen skaper fortviling. For somme har vekta av håpløysa vorte så uuthaldeleg at dei har teke livet av seg. For oss andre er depresjon ein konstant kamp.»

Knuste draumar før stengde universitet

Ein tredje student minnest søster si, som vart drepen då ein sjølvmordsbombar sprengde eit eksamenslokale nokre månader før Taliban stengde universiteta for kvinner:

«Historia om den 18 år gamle søster mi er historia om ei kvinne som først fekk draumane sine knust, før ho sjølv vart drepe for ønsket sitt om å lære under Talibans undertrykkjande regime. Medan verda der ute snakka om store framsteg, var ho – som mange andre – framleis nekta skulegang. Men ho mista aldri håpet, og jobba hardt. Ho skulle akkurat til å starte på arkitektstudiet, då ho, kusina hennar og 46 andre jenter vart drepne i eit sjølvmordsangrep retta mot senteret der dei tok opptaksprøve til studiet.»

Nektar i å gi opp

Kvinner som no modig held fram studiane sine, trass i forbodet, ber om støtte og solidaritet frå verdssamfunnet. Ei av dei skriv:

«Vi oppmodar verda til å stå saman med oss, til å løfte stemmene våre, til å leggje press på dei som sit med makta for å få dei til å endre kurs, og til å støtte initiativ som styrkjer afghanske jenter og kvinner. Saman kan vi snu utviklinga og sikre at rettane til jenter i Afghanistan blir respekterte og beskytta.

Vi nektar å gi opp. Djupt i hjartet vårt held vi fast ved ei tru – ei tru på at bak alle mørke finst det, og må finnast, lys, og at etter alle prøvelsar kjem det ei betre tid. Med dette håpet i hjartet har eg funne måtar å halde fram med å lære på gjennom nettbaserte kurs. Desse moglegheitene, sjølv om dei er avgrensa, lèt meg dekkje delar av kunnskapen eg ein gong fekk på universitetet. Steg for steg strevar eg etter å halde draumen min i live. Dette håpet held oss gåande. Det minner oss om at kampen vår ikkje er forgjeves, og at ei lysare framtid er mogleg.

Eg drøymer om ei tid der afghanske jenter igjen kan gå inn i klasserom, ta sin plass i samfunnet og vise verda deira motstandskraft, styrke og talent. Eg drøymer om ei tid der inga jente blir nekta retten til å lære, vekse og forme sin eigen lagnad.

Vi håpar på ein dag då utdanningas lys vil skine klart i alle hjørne av landet vårt, og opplyse ein veg mot fred, velstand og likskap for alle. Inntil då vil vi halde fram med å kjempe med kvart andedrag, kvart ord og kvar handling for retten til utdanning og framtida ho lovar.»

I solidaritet og håp,

Afghanske kvinnelege studentar