Noregs Mållag feirar 115 år: «Makta over norsk språkpolitikk kan ikkje ligge i utlandet»

Peder Lofnes Hauge
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er Noregs Mållag 115 år. Vi vart stifta på eit «målmannastemne» framfor landsmøtet i Venstre 5. februar 1906. Målfolk frå heile landet hadde sett seg i stemne i Oslo for å bli samde om det politiske hovudkravet til landsmøtet i Venstre dagen etter.

Etter ein lang debatt der argumenta og standpunkta skifta undervegs, vart dette hovudkravet vedteke: «den eine skriftlege prøva til artium skal vera på nynorsk (landsmål)».

Nokre argumenterte for at målrørsla skulle gå inn for ein strategi med eigne nynorskskular. Men strategien målrørsla valde, var altså ein strategi der vi ikkje ville kløyve landet, men heller kløyve mannen. Venstrefolk er seg sjølv like.

Dagen etter opna Venstre-landsmøtet, og sidemålskravet fekk fullt gjennomslag.

Fullt gjennomslag då, må demme opp no

Eitt år seinare, i mai 1907, vedtok Stortinget ordninga med obligatorisk sidemålsstil til artium med over to tredels fleirtal. Målsak hadde tradisjonelt vore venstresak, men no røysta mellom anna 13 av 31 Høgre-representantar i Odelstinget også for.

Strategien frå målrørsla fekk altså fullt gjennomslag. Elevane skulle heretter skrive eksamen i norsk både på landsmål og riksmål. Sidan er det dette vi kjenner som sidemålsordninga. Alle som bur i landet vårt, skal lære seg både nynorsk og bokmål.

Det ståande resultatet av denne språkpolitikken er at nynorsk og dialektane kan brukast over alt. Men sjølv om Stortinget har vedteke at nynorsk og bokmål er formelt jamstilte skriftspråk i Noreg, er det framleis slik at situasjonen for dei to skriftspråka er ulik.

Mykje bokmål og lite nynorsk i samfunnet gjer at nynorsk har lågare status som bruksspråk og blir vanskelegare både å lære og å bruke. Dette fører til at mange byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, medan svært få byter andre vegen.

Dette blir det gjort for lite for å demme opp for.

Det offentlege sitt ansvar

Difor er det viktig at framlegget til ny språklov slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket; nynorsk. Dette er eit steg på rett veg for ein språkpolitikk som anerkjenner at det er eit skeivt styrketilhøve mellom nynorsk og bokmål. Og det bør markere eit språkpolitisk taktskifte.

Eit språk i mindretalsposisjon vil alltid ha vanskelegare levekår enn eit språk i fleirtalsposisjon. Å arbeide politisk for nynorsk er difor heilt avgjerande for at språket skal kunna halde fram med å vere eit levande bruksspråk i Noreg.

Å arbeide politisk for nynorsk er heilt avgjerande

Noregs Mållag meiner vi må syte for å ha ordningar som gjer nynorsk meir synleg i samfunnet vårt, og for at ordningane fungerer.

Om kort tid kjem kulturkomiteen til å leggje fram sine endringar i språklova for Stortinget, og Noregs Mållag er i dag, som for 115 år sidan, opptekne av at Stortinget skal fremje språkleg mangfald og difor bruke makta si til å fremje nynorsk.

Vi meiner at Stortinget skal vedta at tilsette i staten framleis skal skrive både bokmål og nynorsk. Vi ynskjer strengare språkreglar for fylkeskommunane, med talfesta krav om veksling mellom bokmål og nynorsk.

Skipa mållaget på nachspiel

I invitasjonen til «målmannastemnet» for 115 år sidan var ikkje stiftinga av Noregs Mållag nemnt med eit ord. Men med eit skeivt smil kan vi seie at i 01:30-tida på natta eskalerte møtet, slik det fort kan gjere på nachspiel i Venstre, og Noregs Mållag vart skipa.

På den tida var det allereie fleire lokale mållag rundt om i Noreg, og fleire leiande strategar i Oslo meinte at ein ikkje trong nokon nasjonal organisasjon.

Johannes Lavik var det Peder Lofnes Hauge vil kalle ein nynorskstrateg. Foto: Offentleg eigedom.

I Bergen tenkte Johannes Lavik, dåverande redaksjonssekretær i Bergens Tidende og aktiv i Vestmannalaget, annleis om saka. Han meinte at målsaka var ei nasjonal sak, og det var på høg til å skipe eit Noregs Mållag.

Eg har sansen for drivkrafta til Johannes Lavik. Han var det eg vil kalle ein nynorskstrateg. Han hadde vore heilt avgjerande då departementet godkjende den fyrste eksamenen på riksmål og landsmål skriven i Bergen fem år før, og det blir sagt at han på veg til Oslo kladda dei fyrste vedtektene for Noregs Mållag.

Han og andre må verkeleg ha kveikt målflokken den kvelden.

Ut på natta skal lyset ha gått. Då reiste diktarpresten Anders Hovden seg og ropte «Men me har ljos innvertes!» og deretter song forsamlinga songen som Ivar Aasen skreiv: Mellom bakkar og berg – «Nordmannen» – som har blitt sunge på kvart landsmøte – sjølv det siste digitale landsmøtet i oktober i fjor.

Makta over norsk språkpolitikk må ligge i Noreg

Nokre seier at vi bør ha meir kveik og mindre strid. Eg trur vi treng begge delar.

Det som i alle fall er sikkert, er at vi etter 115 år med Noregs Mållag veit at vi treng ein sterk organisasjon. Og no er vi ein organisasjon med over 14 000 medlemmer, som er budde på å gå i bresjen for dei nynorskbrukarane som ikkje kan gjere det sjølve.

Seinast denne veka har 108 ordførarar skrive brev til Google der dei krev nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen. Nyleg vart det ei mediesak at ein nettbutikk på Voss som heiter Flor, må gå over til bokmål fordi algoritmane til Google gjer det vanskeleg å få nok treff på nynorsk.

Makta over norsk språkpolitikk kan ikkje ligge i utlandet.

Noregs Mållag har i 115 år stridd for at den makta skal liggje her i landet og at Stortinget skal sikre språkleg rettferd og mangfald ved å stille krav til seg sjølv, kommunane og private aktørar. Og no også multinasjonale teknologigigantar.

Nett slik skal vi gje nynorsken vidare til nye elevar og nye generasjonar, og saman skal vi berge det språklege mangfaldet for etterkomarane våre.


Foto: Kollasj Framtida.no