Å vera eller ikkje vera for a-infinitiv – blir du med på A-laget?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det skjer oftare og oftare. E-infinitiv snik seg inn i tekstar, stilar, lekseplanar, avisartiklar, sakspapir, Facebook-oppdateringar og lesarbrev. Til og med i stortingsreferat blir hardingar, sunnhordlendingar, strilar og sogningar sitert med e-infinitiv. Det er nesten som eg høyrer Liv Signe Navarsete ropa ut: «Du veit ikkje kva du snakkar om!»

Bommar og feilar

Men langt verre enn at reint e-infinitiv vinn fram: I same tekst møter ein oftare og oftare både «vere» og «vera», «gjere» og «gjera» og «feile» og «bomma». I stadig fleire andre artiklar eg les, anten dei kjem inn til oss i Framtida.no eller eg les dei andre stader, så møter eg både a-infinitiv og e-infinitiv i same tekst.

Elevar, lærarar, rektorar, journalistar og tilsette i stat og kommune – mange gjer ofte denne feilen. Også her i Framtida.no hender det at me blandar e- og a-infinitiv. Men e- eller a-infinitiv er ikkje ei smakssak. Skriv du ein tekst, så skal du halda deg til éin av dei, ifølgje offisiell nynorsk rettskriving.

«Lat alle voner fara!»

Viss du har følgd godt med i norsktimane på skulen, så vil du kanskje ila til med at det er lov med kløyvd infinitiv. Det er sant. Men det er ein smal og risikofull sti å legga utpå.

Språkrådet skriv at det er tre vegar til å læra kløyvd infinitiv skikkeleg:

1) kjennskap til eit austlandsmålføre (med visse justeringar)

2) kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk

3) ei liste med 304 verb som skal ha a-infinitiv

Skal du bruka kløyvd infinitiv og få A på eksamen, så er det berre til å setja i gang med éin gong. Då må du pugga dei 304 verba, skaffa deg inngåande kunnskap i verbbøying i gamalnorsk og/eller bli god på kjennskap til austlandsmålføre. Men pass deg for dei visse justeringane!

Som det står over porten for kløyvd infinitiv: «Lat alle voner fara de som går inn!»

Kven kjempar for a-infinitiven?

Av alle små eller store problem i verda, så er det dei færraste som kjempar den rake og reine a-infinitiven si sak. Det er så vidt eg veit ingen nasjonale institusjonar som arbeider for a-infinitiv. Nynorsk pressekontor brukte e-infinitiv om lag 12 gonger så mykje som a-infinitiv i 2020. På nettsidene til NRK brukte dei e-infinitiv på nynorsk cirka 6 gonger så mange gonger som a-infinitiv.

Ivar Aasen-tunet har innført e-infinitiv i språknorma si, sjølv om Aasen sjølv brukte a-infinitiv. I Det Norske Samlaget bruker dei e-infinitiv i nesten all omtale av bøkene dei gjev ut. Eitt av dei heiderlege unntaka frå vårkatalogen er boka med den slåande tittelen «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» av Kristin Fridtun.

På Det Norske Teatret har dei utrydda a-infinitiven frå eigenomtalen av teaterstykke. Nokon vil kanskje seia at det er provinsielt av hovudstadsteateret – all den tid nynorskens mest verdskjende dramatikar Jon Fosse går andre vegen og no berre nyttar a-infinitiv i verka sine.

Bli med på A-laget!

I tillegg til Jon Fosse er lokalaviser som Sogn Avis, Hordaland og Sunnhordland og enkeltkommunar viktige. Mange kommunar har fastsett språkbruksplanar med a-infinitiv. Men planane må bli følgde opp. Skulane og barnehagane må gjera innbyggjarane sine trygge på eit talemålsnært skriftspråk og stoppa snik-e-infinitiviseringa i samfunnet!

For viktigast er alle dei som bruker a-infinitiv i dialekten sin. Fleirtalet av nynorskbrukarane gjer det, anten dei bur i indre Sogn, Hordaland eller Rogaland. Og heile poenget med nynorsken er jo at han er bygd på talemålet vårt. Så sogningar, hardingar, strilar, sunnhordlendingar, rogalendingar og alle andre som vil: Det er trygt og godt å vera heime i a-infinitiven!

Bli med på A-laget du òg!


Nynorsk har ei rekke fordelar når det gjeld variert ordforråd. Foto: Elise Løvereide