Politikk og samfunn

«Fridom utan ansvar er tom retorikk»

Frp er det einaste partiet på borgarleg side som framleis ser ut til å tru at alt kan lovast utan å seie nei til noko, skriv Zakarias Gjertsen frå Unge Høgre.

Zakarias Gjertsen (18)
Styremedlem, Asker Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Å gi Frp ansvar er som å sleppe eit barn laus i ein godteributikk – lysta er stor, men avgrensinga er tydeleg

Dei snakkar sant om kva dei ønskjer seg – meir motorveg, lågare skattar, mindre innvandring – men det hjelper lite når summen av løfta ikkje går overeins med den økonomiske røyndommen.

Noko kjem til å bli innfridd, men heilskapen er ikkje til å betale for.

Frp har aldri fått ansvaret som eit statsministerparti. Konsekvensen av dette er eit partiprogram som lener seg på opposisjonsrolla.

quote-left

Frps strategi handlar meir om å presse samarbeidspartnarar enn å stå for ein heilskapleg, gjennomførbar politikk sjølv

quote-right

Dei har vorte eit parti som følgjer ideologien sin utan å tenkje på ansvaret dei må bere om dei blir størst.

Med ein politikk som i stor grad er utforma for å dra høgresida lenger til høgre, handlar Frps strategi meir om å presse samarbeidspartnarar enn å stå for ein heilskapleg, gjennomførbar politikk sjølv.

Under partileiardebatten i Arendal poengterer Solvang elefanten i rommet. 150 milliardar er summen Arbeidarpartiet har rekna seg fram til at Frps kutt vil koste – noko som ikkje vart imøtegått av Listhaug.

– Vi erkjenner at dette ikkje går an å gjennomføre på eitt år. Kanskje går det ikkje på fire år, seier partileiaren til forsvar.

Det blir sagt at sjølvinnsikt er første steget mot forbetring, men å skjønne at ein har ein ugjennomførbar politikk utan vilje til å endre, er skamlaust.

Vi nærmar oss målstreken, og det blir nok eit av dei mest jamne vala i historia.

Då synest eg det er synd at dei som ligg an til å bli det største borgarlege partiet, er vel vitande om at dei har ein politikk utan bakkekontakt.

quote-left

Å skjønne at ein har ein ugjennomførbar politikk utan vilje til å endre, er skamlaust

quote-right

I år fylte eg 18 år og med det stemmeklar, slik som mange i vennekrinsen min. Det er eit nytt ansvar som no har tredd inn i liva våre – å ta stilling til kva samfunn vi ønskjer å vere ein del av og forme. Som medlem av Høgre meiner eg fridom under ansvar, burde vere det alle verdset høgast.

Men fridom utan ansvar er tom retorikk.

Å leie handlar ikkje berre om å meine sterkt, men om å prioritere hardt. Frp er det einaste partiet på borgarleg side som framleis ser ut til å tru at alt kan lovast utan å seie nei til noko. Når realitetane bankar på døra, kan ein ikkje skulde på andre for at reknestykket ikkje går opp. Å ikkje evne å velje det er å fråskrive seg ansvar.

Eg har heile livet framfor meg i det samfunnet vi stemmer fram no. Derfor orkar eg ikkje støtte parti som lovar alt til alle, utan å seie kva dei vil kutte. Når reknestykket ikkje går opp, hjelper det ikkje med sterke meiningar. Eg stemmer for ansvar, fridom, realisme og tydelege prioriteringar. Det burde også alle andre som ønskjer ei borgarleg framtid gjere.