Transpersonar får sterkare vern mot diskriminering
Både transpersonar og bifile skal få sterkare vern mot diskriminering i straffelova, foreslår regjeringa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa foreslår å inkludere «kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk» som diskrimineringsgrunnlag i ei rekkje føresegner i straffelova.
Det blir òg foreslått å erstatte uttrykket «homofil orientering» med «seksuell orientering» for å presisere at bifile blir omfatta av det strafferettslege diskrimineringsvernet.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) seier at diskrimineringsvernet i straffelova må vere tilpassa røynda. Foto: Torbjørn Tandberg/Regjeringen.no
Viktig at diskrimeringsvernet er tilpassa røynda
Både justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) og kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) understrekar at det er viktig at diskrimineringsvernet er tilpassa røynda.
– Personar som har ein kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som bryt med forventningane til omgivnadene, er ei utsett gruppe når det gjeld diskriminering, trakassering og vald, seier Mæland.
– Eit strafferettsleg vern vil dessutan gi uttrykk for ei norm som kan ha noko å seie for haldningar og oppfatningar i samfunnet, seier Raja.
- Visste du at kvart år vert hundrevis av transpersonar drepne? Hande Kader blei 23 år gamal