Politikk og samfunn

«Pasient over profitt, fjern helseføretaksmodellen NO!»

Norsk helsevesen handlar ikkje lenger om å gje pasientane best mogleg hjelp, men om korleis ein kan tene mest mogleg pengar på dei, skriv KrFU-arar.

Ane Marita Rossevatn Uleberg (25) og Dorte Klokk Indrebø (24)
Fylkesleiar Vestland KrFU og sentralstyremedlem KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Marknadstenkinga New Public Management har for lengst gått til hovudet på leiarane i helseføretaka rundt om i landet. Norsk helsevesen handlar ikkje lenger om å gje pasientane best mogleg hjelp, men om korleis ein kan tene mest mogleg pengar på dei. Ynsket om overskot og profitt går føre pasienttryggleiken til den norske befolkninga.

God tanke

Helseføretaksmodellen vart vedteken på Stortinget i 2001 av eit stortingsfleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, og vart innført allereie frå årsskiftet i 2002.

Hensikta med å innføre denne modellen for norsk helsevesen var at han skulle bidra til å få betre kontroll over økonomien, og eit tydelegare ansvarsforhold for staten ved dei regionale helseføretaka og departementet.

quote-left

Tanken var sikkert god i si tid, men modellen har feila totalt

quote-right

Tanken var sikkert god i si tid, men modellen har feila totalt. Me i KrFU meiner at tida er inne for å fjerne helseføretaksmodellen.

Store skilnadar

Styringa og den daglege drifta av norske sjukehus og spesialisthelsetenesta vart ved innføringa av helseføretaksmodellen flytta frå fylkeskommune til sjølvstendige helseføretak.

Ansvaret vart flytta frå fylkeskommunen med ei politisk leiing valt av folket som faktisk visste korleis det stod til i lokalsamfunna, til eit helseføretaksstyre fylt av byråkratar utan erfaring frå helsevesenet eller kunnskap om lokale forhold.

Innføringa av helseføretaksmodellen fjerna ikkje berre den lokale kunnskapen og forankringa i avgjerslene, den skapte òg eit tydeleg skilje mellom dei ulike delane av landet.

Etter innføringa av helseføretaksmodellen er det store skilnadar på når og kva helsehjelp du får basert på kva region du tilhøyrer, og kva prioriteringar styret i helseføretaket har gjort. Kvar region blir drifta ulikt, og med ulike økonomiske prioriteringar.

Svekt beredskap

I Helse Nord blir det drøfta om dei skal legge ned sjukehus titt og ofte for å betre den økonomiske situasjonen, og i Helse Midt gjekk dei i 2024 over til Helseplattformen trass i store protestar. Begge desse tinga påverkar både pasienttryggleiken, og kan i verste fall gjere desse regionane til B-regionar der pasientane får dårlegare hjelp enn i dei to andre.

Det er derimot ikkje berre sjukehusa helseføretaksmodellen påverkar, han slår òg negativt ut når det kjem til helseberedskapen rundt om i landet. Ambulanse og ambulansestasjonar har òg vorte ein stad helseføretaka meiner dei kan spare store pengar.

quote-left

Her seier ein faktisk rett ut at det er mykje viktigare å gå i overskot enn at dei som bur i distrikta får den hjelpa dei treng

quote-right

Når helseføretak vil leggje ned ambulansestasjonar for å spare pengar, så synest me at ein har gått for langt. Her seier ein faktisk rett ut at det er mykje viktigare å gå i overskot enn at dei som bur i distrikta får den hjelpa dei treng og kjem seg raskt til sjukehus i ein naudssituasjon. Korleis kan dette vere eit godt samfunnsøkonomisk tiltak eigentleg?

Pasient over profitt

Pasienttryggleiken må trumfe profitt og overskot i alle ledd, og det skjer ikkje utan å fjerne helseføretaksmodellen.

Bodskapet frå oss i KrFU er klart. NO er tida inne for å setje norske pasientar fyrst! Pasient over profitt, fjern helseføretaksmodellen og legg styringar av norsk helsevesen til dei folkevalde på Stortinget som kjenner til dei lokale forholda.