«Det er ingen som blir tvangskonvertert i sjelesorg»
Det stemmer ikkje at ikkje-kristne får eit dårlegare tilbod i livskriser og vanskelege livssituasjonar, meiner Sveinung Bjørnson Snipsøyr (17).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Snipsøyr skriv innlegget som privatperson.
I eit meiningsinnlegg publisert på Framtida.no den 22. mai skriv Stein Phabian Strømme Eide, politisk nestleiar i Humanistisk Ungdom, at «Noreg diskriminerer mot ikkje-kristne». Det skriv han på grunnlag av at støttetilbodet for menneske i ulike livskriser i offentlege institusjonar som helsevesenet, kriminalomsorga og Forsvaret i stor grad består av kristne prestar. Ifølgje Strømme Eide er dette eit eksempel på tydeleg særbehandling av kristne.
Det meiner eg er feil.
Ingen blir tvangskonvertert
For å bli prest må ein ta eit seksårig profesjonsstudium. Ein viktig del av dette studiet går på nettopp sjelesorg, det å sjå og møte andre menneske i livskriser og vanskelege livssituasjonar. Ikkje berre dei som er personleg kristne, men kven som helst som måtte kjenne på behovet.
Det stemmer ikkje at «menneske med andre eller ingen livssyn skal få eit dårlegare eller fråverande tilbod». Når ein prest går inn i rolla som sjelesørgjar er ikkje målet å sjå samtalepartnaren berre som eit slags konverteringsprosjekt. Det er ingen som blir tvangskonvertert i sjelesorg hos ein prest. Oppgåva til ein prest i sjelesørgjarrolla er å møte menneske som ein samtalepartnar med teieplikt og kompetanse innan sjelesorg, som kan møte kvart enkelt menneske med forståing og aksept der dei er på sin livsveg.
I tillegg finst det i 2025 mange ein kan snakke med når livet blir vanskeleg. Det finst hjelpetelefonar og chattetenester, psykologar, lærarar, helsearbeidarar og enda fleire.
Glade for at Kyrkja er der
I innlegget sitt skriv Strømme Eide også at det er vanskeleg å sjå korleis det kan rettferdiggjerast at det er mange fleire prestar i offentlege stillingar samanlikna med representantar frå andre livssyn.
Eg finn det her sømeleg å minne om at over 60 prosent av befolkninga er medlemer i Den norske kyrkja (DNK), godt over tre millionar menneske. Det nest største trussamfunnet i Noreg er Den katolske kyrkja. Ifølgje medlemsundersøkinga til Den norske kyrkja er åtte av ti medlemer i DNK glade for at Kyrkja er der når folk treng ho, og meir enn sju av ti meiner at Kyrkja er ein viktig møteplass ved kriser og ulykker. Det vil seie 2,8 millionar og 2,6 millionar menneske.
Lange tradisjonar
Likevel meiner Strømme Eide at det er «respektlaust overfor det faktiske Noreg» at det er tilsett så mange prestar som ein del av det offentlege støttetilbodet i forhold til representantar frå andre livssynsretningar. Kva anna livssyn eller trussamfunn kan erstatte den innsatsen prestar, diakonar og frivillige i DNK legg ned for menneske og samfunn i krise?
I Noreg har vi lange tradisjonar for at kyrkja bidreg med omsorg og ei utstrekt hand til menneske i krevjande livssituasjonar, og det er derfor naturleg at dette viser igjen i offentlege institusjonar.