Metodistkirken med historisk orsaking til LHBTQ+-personar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag vedtok årskonferansen til Metodistkirken å offentleg orsaka: «for den behandling LHBT+-personer har blitt utsatt for i Metodistkirken og den skade enkeltpersoner er påført». 

Metodistkirken i Norge vert med det den første frikyrkja som kjem med ei slik orsaking for urett gjort mot LHBTQ+-personar.

Draum om inkluderande kyrkje

Det var medlem av kyrkjelyden i Trondheim, Ole-Einar Andersen, som la fram forslaget.

– Nødvendigheten av ei slik orsaking seier seg sjølv i 2020 om vi skal bevare truverdet som kyrkje, sa han i ein video-presentasjon av forslaget sitt, ifølgje Vårt land.

Han hadde formulert ei orsaking, men i avstemming vart det vedteke at leiinga i kyrkja og hovudstyret skal formulere denne, med utgangspunkt i Andersen sitt forslag:

«Vi erkjenner at vi gjennom fordømmende holdninger og handlinger har påført medmennesker stor skade, smerte, sorg og lidelse, i strid med evangeliet om Guds ubetingede nåde og kjærlighet til alle.»

Ifølgje ei pressemelding frå Metodistkirken var det stor semje om behovet for å be om orsaking der urett har blitt gjort ovanfor enkeltpersonar, men eit mindretall ønska ikkje å be om orsaking for kyrkja si «tradisjonelle lære».

 årskonferansen i fjor vedtok frikyrkja å byrja å fullt ut inkludere skeive på alle nivå i kyrkja, og leiar av Metodistkirkens hovudstyre, Audun Westad, fortel til Vårt land at det nye vedtaket er eit naturleg framhald av dette.

– Draumen er jo ei fullt inkluderande kyrkje for alle, seier han til avisa.

Usemje internasjonalt

Det var også oppe forslag om å oppheve restriksjonar på vigsel og ordinasjon av LHBT+-personar i kyrkje, og å avvise innskrenkingar som er vedteke på verdsplan. Desse vart utsett til første årskonferanse etter neste generalkonferanse.

Metodiskkirken er del av United Methodist Church, og i det internasjonale miljøet er ein framleis ikkje blitt samde om synet på homofili.

Saka skulle bli behanda på generalkonferansen i USA, men konferansen vart utsett på grunn av koronakrisa.

På Metodistkirken i Norge sin årskonferanse, var det også eit alternativ å vente med alle paragrafar knytt til LHBT-spørsmål, fram til det internasjonale miljøet har avklart sitt syn på saka. Dette forsalget vart stemt ned.

Første kvinnelege prest

Dette er ikkje første gong Metodistkirken har skapt likestillingshistorie:

I 1954 ordinerte dei Agnes Nilsen, Noregs første kvinnelege prest, sju år før Ingrid Bjerkås vart den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja.


Kristine Medhaug Grønn skammar seg over å skamme seg over at ho er skeiv. Foto: Privat / illustrasjon: Linn Isabel Eielsen